
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Potente ferje-passasjerer
|
|
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 31.01.2003 14:13
|
Forskingsresultat frå NTNU viser seg å væra godt lesestoff for dei som nyttar ferja
|
|
|
No e da bevist..
|
Nyare forsking ved NTNU gir eintydige prov på at ferjepassasjerar har meir å fara med enn folk elles. Dei oppsiktsvekkjande resultata som vart lagt fram i Trondheim i morgontimane i dag tyder på at ferja kjem til å bli meir populær enn på lenge.
Resultata viste store forskjellar i verdiar mot folk som for eksempel nytta bru. Professor Ingebrigt Støa seier at han ikkje er overraska over funnet, men at det var dei store forskjellane som forbausa mest. - Ferjepassasjerar opplever ein ubevisst spenning i kvardagen ved jaget etter å nå den og den ferja, lesing av ferjeruter, faste haldepunkt og tidtaking. Dette blir til slutt utløyst i ein enorm føling av velvære når ein kjører over ferjelemmen, ikkje ulikt sexuelle opplevingar.
-So ferjefetisjen e ikkje bere eit lokalt begrep me har nytta her på Valestrand spør me. -Nei, i forskarmiljøet er dette eit kjent uttrykk presiserar Støa, før han avsluttar med at mykje av resultatet kan tilskrivast den trivnaden ein finn om bord i ferjene. Ferjemannskapet kan sikkert bekrefta dette, legg han til med eit lurt smil.
|
|
 |



|