
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 26.05.2003 11:31
|
|
Det har kome fleire meldingar om terrorfrykt til Badnafakte.net den siste tida etter at nestleiar i terrornettverket al-Qaida, Abu Musab Zarwabi, gjekk ut og annonserte Noreg som eit potensielt mål.
|
|
|
Tårnet på Prixen skal vera eit av fleire opplagte terrormål
|
Tryggleiken omkring Bullahuset er etter det vi forstår sterkt forbetra dei siste dagane og topptrena spesialstyrkjer er mønstra på M/F Manger samt utplassert på strategiske stillingar kring ferjekaien på Breistein og Valestrand. Justisminister Odd Einar Dørum seier at situasjonen tilsei ein nøye gjennomgang av rutinar og kartlegging av trusselen men at for opplagde terrormål vert det teke snarleg aksjon. Ein skulle kanskje tru dette var nok for dei mest pessimistiske i Valestrandsbygda men somme me har vore i kontakt med er i harnisk over prioriteringane. -I går kunne eg spankulera rett ner på Gamlabryggjo og sat dar i timavis utn å sjå ein einaste polis. Da kunne lagt ei bomba rett onna ræve på meg før da eg veit, seier ein rysta innringjar. Ein pensjonert bonde på Reigstad kan fortelja at han no set med kikkert 24 timar i døgeret for å følgja med kven som passera Kvilestein. Elles høyre me om hus der lyse før vart sløkka kl. 08.50 men at det no kan vera lys til langt etter kveldsnytt. -Da e vel og bra at dei har sikra Bullahuset og ferjå, men da e rikjele me andre plassa so treng da lika godt seier ei forarga husmor på Skår. Ka med f.eks skulane, Huse, Snekken, Slaje eller Meieriet? Dørum var ikkje mottakeleg for kommentar i går, men det er etter det me forstår eit økonomisk spørsmål som skal takast opp i spørjetimen på Stortinget så snart som råd. Han kan imidlertid fortelja at det nok ikkje vert aktuelt å bruka resursar på å sikra Osterøybrua
|
|
 |



|