
|
|
|
( 10.07.2010 )
|
|
|
|
( 28.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 13.06.2010 )
|
|
|
|
( 07.06.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 13.04.2010 )
|
|
|
|
( 05.04.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Reisebrev
|
Forfatter: Capo Pezzio
|
Publiseringsdato: 07.05.2003 12:13
|
|
Me veit de har venta lenga, men no e da endelig klart. Ette å ha prøvd å samla saman detaljar kjem her eit utrag frå det som skjedde skjærtorsdag 2003.
|
|
|
Årets påsketur - ein gedigen sukess
|
Dagen var planlagt lenge og deltakarane hadde forebudd seg godt. Årets påskeskirenn gjekk av stabelen for tredje året på rad og tradisjon tru vart løpet lagt til skjærtorsdag. Årets løp var spesielt på den måten at det var tredje året. No kan da endelig kallast før ein skikkelig tradisjon. Og som kjent; Tradisjon er tradisjon. so hadde du fått med deg årets løp skal det svært mykje til for at du kan bryta ein slik skikk. Sama kor mykje ein vil, eventuelt ikkje vil. Fleire dagar i forvegen starta arbeidet med å finne dei rette skia, kleda og ikkje minst testa ut dei forskjellige skismurningane. Prinsen frå Bakkjen hadde full kontroll, so han sa da sjøl, og sat på eit lite lager av treski han hadde lånt med seg frå skulen i SOkkne. Kleskoden er viktig og eit og anna loft er vorten saumfart i jakten på matchane nikkers, knestrømpa, anorakk, strikkahua, gamasja og anna snacks som er heilt nødvendig for å kunne gjennomføra ein slik krevande tur.
Kvelden i forvegen vart nokon av dei sisste forebuingane lagde. Da e eit velkjent fenomen og som med alt anna er det viktig med eit godt grunnlag før ein legg ut på ein slek tur. På Den Glade Ostring gjek diskusjonen lenge om vèr og føreforhold og det er ikkje til å stikka under ein stol at da va ein og an tøysegut som meldte seg på turen der og då og lovte å stilla dagen etterpå. Me nikka meir eller mindre samtykkande.
Skjærtorsdag var spente skiløparar oppe før fuglane feis. Morgongfriske A-lagshjelpetrenara kunne ved frukostborda obeservera ein velkledd løpar i flott firsprang ner Åsen for å rekka bussen. Denne løparen fekk te si store øverasking sjå Ole Ellefseter i minibanken 10 minutta før bussen skulle gå og tilsynelatane klar for tur. Ski og stava låg klart i Bankjen. Atleten frå Elvikje hadde allerede spent skina på seg og kom i fint driv nerpå kaien. Dar kunne me òg ynskja ein ny løpar velkommen. Johnny Longhair hadde komme seg på beina og stilde usedvanleg pent antrukket og var òg den einaste som hadde huska på norsk flagg i sekken. Kjekt å sjå at nåken kunne halda tradisjonen ved like i den slekte ette at to tå dei faste hadde måtta melda pass av utenomsportslege årsaker. Pittn hadde vore i utlandet og Don Fat Tony sine oppgaver på den norske oljesokkelen vart for for omfattande til at han kunne vera med iår. Litt synd ette som han sikkert godt kunne tenkt å fått denen tredje fjøre i hatten. Nåke prinsen frå Bakkjen var snar med å påpeikja. Han stilde med heimelaga kakao, men ville ikkje røpa kem som hadde hjelpt han. Me kom oss på bussen og me kunne kjapt slå fast at da no va berre tre faste igjen. Tre stykk som kunne sei at no e da tradisjon. Ole Ellefseter, som kom seg på bussen i skapeleg tid, Burkelandstraven og Capo Pezzio forlot morgonsole som snart skulle slå innover Gamlabryggjo og satte kursen mot storbergen for tredje året på rad. Ikkje mindre enn imponerande frå kara med etter kvert meir eller mindre forskjellige føresetningar.
Me hadde ikkje forvel passert Konditor'n før diskusjonen om årets muldvarp var igong. Atleten frå Elvikje drog opp nåke som kunne minna om ein skikkelig frukost med te, ja te attåt. I tillegg såg da ut som at han savna tøysejento si allerede og sat og fikla med mobiltelefonen sin og ein lurte ei stund på om ho ville komma å dra han ut av bussen. Ein opplagt muldvarp, men som i alle andre påskekrimar; det var for opplagt so tidleg på turen. Bak han sat Johhny Ola, prinsen frå Bakkjen, og smilte lurt og sat nok å tenkte på kem han skulle ringa te føsst når han sjansen baud seg. Som alle andre år so klarte Capoen å søla ein tår whiskey utøve anorakken sin. Da skjer i da han skal hella nerpå lommelerko han har med og busssjåføren skifte gir fyrste gongen. Slår aldri feil. Og fortvila tenka han at no merka heilt sikkert more at han har vore på heisatur og ikkje på Kvamskogen som han sei han ska.
So ber da oppøve på øyne. Etterkvert som me kjøre vert avstanden til storBergen større og større. Me fortvila øve at me må venta til turen heimatt for å få tatt ferjo og vert lettare hysterisk i da me passere øve brune. Uforståelig at dei kan verdsetta trivselen so lite andre plassa på øyne. Men me får no oppleva litt andre ting på desse turane. og ein tå desse tingene e òg å få tatt toget. Ette å ha nilest rutetabeller og krysssjekka bokstavar, DXH, finn me ut at da går sikkert alltid et tog. No begynna me å få ei forestilling av ka som venta oss. Både passasjera og togpersonell undrar litt når me trakkar på toget og lurar på om dei er komen på rett. -E detta toget til Voss? er noko som går igjen.
|
|
Bakka-prinsen kunne ikkje klaga på glien
|
Mot formodning kom me oss te bydn uten alt for mykje venting. Faktisk gjekk da so radigt at mange ikkje hadde fått prøvd skina før dei skulle spenna dei på seg på perongen i storBergen. Og her åpenbare han seg for alvor. Prinsen frå Bakkjen; -Faen i he****e. Fi**a og altso. Da e so forbanna typisk. Ka har skjedd. Jau Johhny "full kontroll" Ola får ikkje skina te å passa. Kandahar-bindingane e rett og slett for små. Her har han hatt eit år på å forbereda seg og mase på alle andre. Sånn går da når more for ein gong skuld ikkje har ein finger med i spelet. Detta føre te at Capoen og Atleten må te å bytta og gje frå seg ski. Med det resultat at Johnny Ola stikk avgårde med eit flott par ski, mens Atleten og Capoen må gå på to forkjellige ski for at alle skulle få ski te å passa. Mykje håveristing og muldvarpdiskusjonen tar seg opp igjen.
Da e eit strålande vær denne dagen. Faktisk har me vore heldig med været kvert år. Denne vårkåtheten føre til at humøret stig ytterligare. Turen rundt Lille lungårdsvatn går unna på eit blunk. 6 tøyseguta på fin rekka e med på å skape dei rette påskeassosisjonane for pripne bergensarar. Me rasta i parken attmed festplassen men i buskena her florera da med hasjsprøyte og me finn da best å fortsetta turen etter eit lite inntak av medbrakt energidrikk. Dei fyrste tilbakemeldingane på føre og smurning begynna å tikka inn. Burkepytn sverge te raude stearinlys og lar seg ikkje affisera av dei meir moderne preparatna som bl.a. Ole Ellefseter nyttar seg av.
So går turen bort te ein tå dei største monumenta som e. Høgtidleg oppstilling på Ole Bullsplass attmed den aller største tøyseguten som nåken gong e vaksen opp på Valestrand, Ole Bornemann Bull høyrer med. Alle e so ivirige ette å få seg ein plass attmed denne hederskaren at det ikkje e nåken igjen til å ta bilete. Men det skal visa seg å vera da minsta problemet. Både byfolk og turistar flokkar seg i hopetal og da vart knipsa både i da ein og da andre kameraet. Ein tilbudde seg endåmed å vera med på resten av turen som fotograf. Ein forespørsel me høfleg avslo. Da ikkje nødvendig at fleire enn nødvendig får innsyn i galskapen.
So e da klart for da store sprintrennet. Frå Den Blå steinen, opp mot teatret, snu og medatt til Dickens. Startskotet gjekk og løparane tok ut. Ole Ellefseter som vanleg friskt ut, medan nykomaren Johnny Longhair såg tilsynelatande ut til å henga lett på. Det vart ein jamnt og spanande løp som enda med ei rua nere med Dickens. Me venta endå på resultatet av foto-finishen. No va klokka passert 11 og da va på høg tid å innta føssta offisiella vannhøl. På ein velkjent plass i Vestre Torggate venta dei på oss, men måtte beklaga seg med at serveringa ikkje kunne starta før klokko va 1200 av hensyn til heljedaga. Me fatta mot og tok fatt på brekko opp mot Johanneskyrjko. Ei bratt brekko som nesten kunne målt seg med Åsabrekko på ein god dag. På toppen tok me oss ein velfortjent pust. Nye forsyninga vart konsumert frå forkjellige typar flasker. Atleten hadde funne seg ein ny patent dar han hadde hottdåggspølse på termosen. Da virka nesten som da va uendelig, for han drog opp den eina varma pølso ette den andra. Med sleke husmortriks e da ikkje løye at muldvarpmistanken hang som ei sky over han heile turen.
|
|
Kor va du då Capo Pezzio brakk staven?
|
Då klokka va 12, kyrkjeklokkena slo og Royen sto og venta med kranane på vår alles kjære Foppalpub va da tid å setta utfor. Uforbakken frå Johanneskyrkja og ned til FP får da te å gå kaldt nerøve ryggen på alle og einkver og ein bør helst ha nåken tura i Kitzbuel før ein set utfør. Vetet va svinnande og Capoen sette utfør troppena. Ette to fall og ein knekt stav valgte han å tverrstilla skina og ta den trygge måten nerøve. Dei andre hadde fått auna opp for nåke nytt. Da glei frykteleg bra på asfalten og ette at Atleten hadde sett standarden fòr den eine ette den andre nerøve til stor jubel. No kunne me endeleg stilla opp skina og innta eit bord, ute i sole i ærverdige Vestre Torggate 10. Enkelte fekk litt pepper og spørsmål om dei ikkje hadde vore dar før då dei gjekk inn for å bestilla første runden og ikkje kjøpte han i puben ute. Då vart da parrert med at ein likte best å kjøpa hjå Royen.
Praten gjekk lett no. Og mange nye tilskodarar kom te. Ein tå dei faste, veteranane på Foppalpuben utbraut på kav bergensk: -Eg hørte noe jævli bråk nedi her og eg tenkte med èn gang; No kommar de pine meg iår igjen.
Været på denne turen e vel da besta som me har hatt. Da kunne ein òg sjå på frekvensen på rundane. Nybegynnarnervena spelte Johnny Longhair eit lite puss i starten, men etterkvart vart også han varm i trøya. Halvliterane gjekk no unna som varme kveitebollar i tørt gras. Ette ei stund måtte endåte me sperra auna opp. For dar opp i gato kom da to velkledde tøysegutar. Og detta e vel nåke dei ferraste trudde dei skulle få sjå. For dar kom, ein heilt svart neger, i eit antrekk Odd Martinsen ville misunnt han. Han mangla riktig nok ski, men hadde alt da andra. Anorakk, nikkers, knestrømpa(VHFK-strømpa), skisko og flotte bambusstava. Litt rart å tenka på at denne karen litt seinare skulle verta tatt ut på landslaget i innefotball. Men da fortel vel berre litt om den alsidigheita som bur i dagens moderne tøyseguta. Nyutnevnte Capo Donnie var på sitt første oppdrag i nytt embete og stilde også heilt upåklagelig antrukket. Han tok kjapt øve fotografjobben.
|
|
Utafor Ricks. Hoppbakken i bakgrunnen
|
Sjølv om me godt kunne sete lenger fant me til slutt ut at da va på tide å komma seg vidare. Me va tross alt på skitur. No va me komme i storform og til stor jubel frå Foppalpubens hyggelige klientell forlot me Vestre Torgate i ein fellesstart, fristil. Da tok ikkje langa stunde før me vert stoppa tå ein ellevill fotograf. Me stille oss fint opp. Og bila som e ute å kjøre på ein slek solfull påskedag må fint finna seg i å venta. Me kjem til teateret og Ole Ellefseter varta opp med eine klassikaren etter den hin. Stemninga er litt spent no, løparane veit at no nerma hoppbakken seg med stromskritt. Etter suksessen ifjor vart da stilt store forventninga til Atleten frå Elvikje og Burkelandstraven. Hoppbakken e som kjent troppena som går frå teatret og ner til Ricks. Sjølv med to vidt forskjellige ski på beina sette Atleten utfor. Te 20 i stil minst. Og Burkelandstraven skulle ikkje vera noko dårlegare og fòr ette. Mållause bergensarar strauma no te i hopetal og da blinka i kameralinse både her og der. Detta sat eit ekstra press på karane som sto igjen på toppen og var vant med å ta skina på ryggen ner dei troppena. Publikum klappa og Capoen lukka auna, la att vetet og sette utfør. Ein ny udefinert stilart vart her sett fyrste gongen og det heila enda med fall i bunnen av bakken. Johnny Ola sto no å snakka i mobiltelefonen sin og lata som han ikkje fekk med seg ka som skjedde. Johhny Longhair tenkte lite på at også han skulle til Engeland dagen etterpå og sette utfør bakken som han ikkje skulle ha gjort ant. Detta enda med at når han kom de bunnen stoppa skina opp, men ikkje Mr. Lonhair. Da gjekk eit gisp igjøno publikum og Longhair låg lenge og telte stjerne, men reiste seg til slutt til eit lettelsens sukk. Frank Fastelaven hadde no komme til, med flotte Åsnes ski og raud anorakk. Han hadde heller aldri vore med før og da står respekt øve å debutera i hoppbakken utføbi Ricks. Men Fastelaven stamma ifrå Voss og det var ikkje vanskelig å sjå at han hadde hatt ski på beina før. Opp i alt virrvarret hadde Ole Ellefseter klart å sneke seg rundt Ricks so ingen såg han og sto plutselig nere på plassen. Johnny Ola tok skina på ryggen til stor pipekonsert. So lenge da varte hadde dei endå litt vet igjen til å tenka på turen dei skulle på dagen etterpå. Mesterfotograf Stian med Sekken kom no til med sitt faste følge.
|
|
BT sitt webkamera fanga inn eit blinkskot
|
Johnny Ola hadde no klart å få kontakt med Don Fat Tony øve telefon frå Nordsjøen. Me stilte oss fint opp på Ole Bullsplass so Tonyen kunne sjå og knipsa oss med BT sitt webkamera. Ein kunne nesten sjå i kameralinse at da sat ein fyr dar ute som ergra seg heise øve at han ikkje kunne vera med.
Eit tå våre faste vannhøl har vore Folkemunne. No hadde me lest i aviso at Folkemunne låg som nummer to i verden øve kem som hadde den dyraste halvliteren. I eit øyeblikk av sunn fornuft fann me ut at me skulle legga om turen og ta Wesselstovena i staden for. I Logehaven hadde me god plass og fekk sutlevatnet til nesten halveprisen, sjølv om da igjen va nesten dobbelt so dyrt som i Vestre Torggate. Johnny Ola og Burkelandstraven hadde so smått begynnt ein ny sport før på dagen dar dei tar kjente og folkekjære ordtak og lagar sin eigen vri på da. Detta tok seg opp i Logen og til slutt låg nesten alle meir eller mindre på golvet og lo so tårena trilla. -Ei ulykka kjem alltid åleina. -Dei so sei da, sei da sjøl og andre nye ordtak såg sitt lys denne dagen.
|
|
Sutlevatnet gjekk unna som varme kveitebollar i tørt gras
|
So gjekk turen øve Torgallmenningen. Me hadde fått veta at Stigen va på jobb denne dagen og bestemte oss for å legga neste stopp på uteserveringe til Jeppes på Vågsallmenningen. Her traff me også VHFK-stjernespelar og murmestergigant Drange som hadde tatt familien med seg på tur for å nyta storbylivet. Graset er neimen ikkje mykje grønare på andre sida tå bekken. Men sjølv på ein slek dag ville han ikkje røpa hemmeligheten bak den myteomspunne Drange-brisen. Me sette oss ned og venta på servering. Ei lite scena utspant seg då nåken tå løparane nekta å kjøpa viss dei ikkje vart servert tå Stigen. Stigen kom fram ein gong, rista på håvet og sprang innatt og gjømte seg på kjøkkenet. Men fekk ialle fall komma inn å levera all tipsen til han.
|
|
Ikkje berre gøy. Litt kjekt òg
|
Me spente på oss skina, noko som etterkvart vart vanskeligare og tok den korte turen, som då virka lang, bort på Musikk-puben. Her vart nye leikemidlar funne då Mr. Longhair kom dragande på ein heliumbalong. Med ein so kreativ gjeng som me no var vorte va da ikkje problem å få både vårt eget og andre sitt bord til å hiksta av latter. Etter fleire forsøk og nesten ein halv heliumbalong klarte til slutt også Thierry å få bassen sin til å pipa. Johnny Ola såg me glimtvis gåande rundt puben med mobiltelefonen i hånde. Han kom til slutt og sette seg ned ette å ha kjøpt ein ny balong.
Sjølv om me hadde ete mat av forskjellig kvalitet gjekk turen bort på Irske-puben for å innta den skikkelig nistepakko. Ved bordet vårt med vindauga kom Kvikklunsj, ablesine og termosa på bordet og tilleg fekk oss ein skikkelig pint å leska oss på og me følte oss no skikkelig so heimekjære. I da me skal gå får me auga på ein gjest me meiner å ha sett før. Og ganske riktig, han avslører seg. Det er ein nokså garva sutlevanndrikkar me hadde sett på Foppalpuben tidlegare på dagen. Han kunne fortelja at detta va da løgnaste han hadde sett og at han hadde fulgt ette oss. No ville han vera med oss til Valestrand. Me trakk no litt på da, men han hang seg på. Då fornuften talte til oss før på dagen og me hadde droppa Folkemunne, va den ialle fall no heilt blotta. Tvers øve gato låg den einaste plassen i verden som hadde dyrare utepils enn Folkemunne; Zachen. Men no hadde me plutselig vorte sækkane rike og 70 kroner for ein 0,4 var ikkje lenger noko å sei på. Ialle fall ikkje når dei hadde sterkare saker til nesten doble prisen dar òg. I tillleg for tredje året på rad jobba den sama tøysejento i baren. Dei andre gjestane trudde nok ho ville kasta oss ut, men ho smilte so fint og ønskte oss velkommen. Capoen skulle te å bestilla, men sjølv om det er eit år mellom kver gong so visste ho nøyaktig kva drink ho skulle blanda. Men sa at no fekk han ikkje lenger lov å kjøpa to i slengen. Vår følgesvenn som hadde hengt seg på, virka no som ein real kompis og tilbaud seg å kjøpa drinkar til Thierry. Vel og bra det heilt til bartendaren kom med rekninga til Thierry. Dar slutta òg han som følge. Ein tidlegare VHFK-superstjerne, Runar, var ute på spasertur med dama si og fekk sjølvsagt den oppmerksomheten han fortjente. Noko han såg ut til å virka meir eller mindre brydd med. Me bestemte oss for å avslutta kvelden på Zachen og etter at x-antall lappar var svidd av og VISA-kort dradd igjøno måtte me komma oss til busshaldeplassen. Da va ein nokså bedugga gjeng som no tok turen heimatt og ein og anna Åsane-passasjer angrar nok på valget av buss. No nerma me oss ferjo og Valestrandssongane tok til. Ei tøysejenta sat å lo, men ein opprtrekt bymann syns at nok var nok. Capoen vart fortalt at han hadde slått Jan Banan i håndbak dagen før og bad fyren roa seg ned. -På ei ferja i frå Breisten ljoma.
På ferjo vert da alltid eit lurveleven uten like når 6 løparar spenne på seg skina og trampa før bommen vert lagt ned. Men da synet som venta oss når me gjekk tå ferjo fekk da te å gå vått i brokje både på eine og hinn. Dar imøllo soknings-wannabies Kai Raiders sigla da fram ein nyoppussa Lada Samara. Nylakkert i Valestrand/Hjellvik fargar. Capo Brakjå vart med ein gong unnskyld for ikkje å vera med på turen. Maken til arbeid finn du rett og slett ikkje andre plassa enn lengst inne i myrane. I sprett flokk fòr me opp øve Valestrand. No var Ole Bull Kro neste. På vegen fekk me òg eit lite innblikk i livet til Kai Raiders og me fekk bivåne flotte koreanske Porcha. Magn var glad for å sjå oss og me fekk servert sutlevatn i 0,6 liter glas til ein svært kundevennlig pris. Dar traff me òg ei tidligare tøysejenta frå Åsn, Margaretha, og ho fekk ein kjapp leksjon i livets mange underfundige vegar. Me avslutta også iår på Den Glade Ostring. Klokka var no vorte nermare 12 på kvelden og det var klart for både premieutdeling og muldvarpavstemmming. Burklenadstraven hadde laga til diplomar og gått rundt å samla stempel frå alle plassane me hadde vore innom. Ei oppgåva da står respekt av og som han utførte med glans. Muldvarpavstemminga vart mindre spanande enn forventa. Atleten frå Elvikje hadde røpt seg tidleg og klarte aldri heilt å kvitta seg med stempelet, sjølv om prinsen frå Bakkjen, Johnny Ola gjorde fleire gode forsøk. Nåke overskande var da at Flågå, Svenken hadde fått ei stemma. Capo og Burkelandspyten lånte mikrofonane til bandet som spelte og delte ut diplomar på eit språk du måtte ha vore med sidan 9.30 på morningen for å forstå. Dei vart til slutt ferdige og vist høfleg på plass. Turen var no offisielt avslutta og nokon fòr kvar til sitt. Det skal leggast te at det seinare var obeservert ein langhåra skiløpar oppøve Resstå.
Men alt i alt var alle einige om at det hadde vore ein fin tur og ein gleda seg allerede til neste år. Da e tradisjon so ein har nok berre med å stilla.
|
|
 |



|