
|
|
|
( 10.07.2010 )
|
|
|
|
( 28.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 13.06.2010 )
|
|
|
|
( 07.06.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 13.04.2010 )
|
|
|
|
( 05.04.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Reisebrev
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 31.03.2003 11:09
|
|
Høyr beretningar frå ein Lada når han må dra land og strand på tøyseguta når han mest av alt har lyst å slappa litt av
|
|
|
Hard medfart for Lada Samara i Sogndal
|
Eg vart fødd i Russland i 1994 men vart snart sendt ut i den store verda for å tena som framkomstmiddel for gnitne lathansar som hata å gå. Med andre ord til bruk i korte avstandar der mangel på eit betre alternativ er utslagsgivande. Det var derfor med sjokk og vantru eg mottok eit forferdeleg bodskap ein fredags formiddag nyleg. Eigaren min kom slentrande med ein bag og ein pose og eg såg no føre meg ein etterlengta tur på Hospital de Mobile. Han hadde vanstelt meg ei god stund no, so rustmakk hadde tatt eit godt tak i både karosseri og kanalar. Bremsene skrik og eksos tyt det ut over alt under meg. Elles har eg ikkje sett såpevatten sia den dagen eg trilla ut frå den svale garasjen til Dr.Dutte. No var det helg og eg trudde eg endeleg skulle få kjøra min gode venn M/F Manger og få besøka Vakre Valestrand igjen etter gammalt. Som vanlig var det eit frykteleg kjør for å nå ferja og eg kosa meg der eg passerte både BMW?ar og Mercedesar på Motorvegen. Men det første sjokket kom då me rulla ned på ferjekaien utan å plassera oss i køen. Ut frå ferjå kom Sleggjo, ein av heltane mine på VHFK for å sitja på med oss som for so vidt var stas. Men so kom det andre sjokket. Han og hadde med seg ein bag og det viste seg snart at me var på veg til Sogndal?!?! Ein strekning på over 20 mil låg framføre meg og eg var allereie utsleten??
Heldigvis fekk eg min første pause på Øyrane Torg. Begge i bilen hadde ein dårlig smak i munnen når dei handla her sidan det er ein mykje nytta butikk for dei som nyttar brua. Men dei laut bita i det sura eplet sidan bilen måtte fullast opp med helgahandeln. Vidare på vegen mot Voss fekk eg høyra bakgrunnen for denne vanvittige turen. Liverpool hadde tapt dagen i førevegen og skitt meldingane på SMS hadde hagla fram og tilbake men enda opp i ein invitasjon til Saftbygda. Når eigaren min sto opp morgonen etter hadde det tikka inn ein melding til han med. På sparket kasta han seg i bilen utan ei einaste fornuftig tanke i hovudet og tok ut. No var me på veg og det var eg som måtte ta den verste støyten for det.
Me snigla oss forbi Voss og praten gjekk lett. Etter fleire mislykka forsøk fekk dei i gong eit par låtar med Jokke på kassettspelaren før han streika igjen. Me kom nærare og nærare den berykta Lærdalstunnelen og eg vart litt i kave. Brått stod det ein bataljon frå Vegvesenet i vegkanten og vinka oss inn til sida. Eg smila med meg sjølv og kjente at det kom eit par dråpar i både førar og passasjersete samt svetteperler ned over seteryggen. No skulle dei endelig få svi, tenkte eg. No ska dei endelig få kjenna på kroppen kalla hjelpalaus tur dei har lagt seg ut på. Men kor lenge var Adam i Paradis? Dei torskane frå Vegvesenet stod og delte ut skjema om reisevanar dei ville me skulle fylla ut. Begge i bilen skrattlo når eg hosta meg ut derifrå og eg hadde mest lyst til å streika som eg gjorde den gongen han hadde lyst til å tvinga meg øve fleire brue. Men so kom endelig vitamininjeksjon min som haldt meg gåande resten av turen. Sleggjo sat og kryssa av på skjemaet og fylte ut med stø hand at dei kjørte fly!!! Detta var stas og eg bestemte meg for å gi alle mine krefter for å få dei både fram og heimat. Når i tillegg eg fekk kjøra ferja rett før Sogndal var alt fryd og gammen og eg såg no fram til ein velfortent kvil.
Då me kom fram stod Kongen av Sogndal, Asfaltn og tok vel imot oss. Eg forstod ikkje heilt ka han meinte når han var overraska at me i da heila tatt kom fram, men eg vart diskret parkert eit stykke frå inkavarteringen etter sigande for ikkje å skjemma ut Kongen. Her skulle eg få stå i fred heile helga men på heimturen fekk eg høyra om opplevingane dei hadde hatt og her kjem dei.
Asfaltn hadde levert inn ei oppgåva på skulen der han går dagen i førevegen og seg hør og bør feira dette med stil. Det ver mykje på grunn av dette han var litt lak og trøsta seg med ei glasscola då han tok imot oss, men han var i strålande humør for det og snart var diskusjonen i gang om kem som var styggast i tryne. Sleggjo og FT hadde funne ut at Asfaltn kanskje ikkje var so stygg som dei alltid hadde trudd sia han hadde to søstrer som var heller behagelige å kvila auga på. Asfaltn sette snart ein stoppar for vidare diskusjon med truslar om både tukthus og gjelding. Me fant ut at det kanskje er best at alle kan vera venna og fordi begge søstrene og hadde tenkt seg ein tur på besøk til han denne helga. Dei hadde dradd med seg typen te den yngste på ein endå meir hårreisande tur heilt i frå Haugesund. Han skulle få sin ilddåp her oppe og få vera med alle storkarane på bydn. Eit par timar etterpå var reisefølgjet frå Haugesund også på plass og inn bar da med to heile garderobar inklusiv ein egen koffert med sminke!! Ein heil koffert. Dette var første varsel om at dette ikkje skulle få bli ein vanlig karatur.
Me samla oss i fellesstova sidan andre leigebuarar allereie hadde gøymd seg godt inne på romma sine. Dei hadde vel høyrt om tidlegare besøk frå Vakre. Her fant me snart fram TP som skulle bli ein farsott denne helga. Typen te Millå opna forsiktig og me var litt i tvil om han var brukande for ei tøysejenta frå Valestrand. Men snart starta han å imponera og me var alle einige om at ho hadde funne seg ein stram kar. Han var ikkje verre på da at han våga å påpeika at alle karane rundt bordet var rimelig tynne i håret. FT var einig i dette men poengterte at han sjølv var slik bere for at han hadde klipt seg so kort. Dette vart for mykje for Asfaltn som vart liggjande på golvet og lo medan han heldt seg på magen. Eit par smellgode men heller sterke pizza vart fortært og det vart snart klart for å ta turen ut ein tur. Ein snartur på Meieriet vart snart etterfølgt med ein tur på Lægreidpuben, vistnokk den flottaste i heile Noreg. Dette var ikkje vanskeleg å forstå ut frå interiøret og når i tillegg dei hadde Blackbush på den øverste hylla var me ikkje i tvil at dette kunne vera rett. Med Blackbush kom diskusjon fort innpå ein an Bush og me fant i fellesskap ut at dette var eit tema me skulle holda oss vekke frå resten av turen. Skjenketida i Sogndal tilsei ein tidleg kveld og me var snart på veg i seng. Dette passa bra for alle for morgonen etter skulle bli ein lang dag. Bortsett frå ei lita Hauabya i taxi køen var det ikkje stort meir å rapportera før om natta då Tinå skulle ha seg ein tur ut i stova. For i sofaen attmed der vår fotballhelt hadde tatt kveld låg det ei fin rua. Ingen visste kor den hadde kome frå, men som eit kjeringaemne ho er varte det ikkje lenge før den var fjerna. Snart låg alle i sin skjønneste søvn igjen.
Dagen etterpå var jentene i gong med å rydda og vaska før i det heila tatt fuglane feis. Karane hadde bere med å flytta på trøtte kroppar og innfinna seg i at no skulle da bli reint hjå Asfalten og dei andre. All glasscola som var kjøpt inn i Arna dagen i førevegen fekk fort bein å gå på mens andre tok seg ein dusj. Det hadde seg slik at FT hadde klaga på sin eigen garderobe kvelden før so både Sleggjo og Tinå hadde funne ut at no skulle han til pers. No bar det rett på Sogndals største kjøpesenter og FT kjente allereie sveittedråpane i panna. Det vara ikkje lenge før han stod halvnaken i eit prøveskap mens Sleggjo kom berande på det eine sosseplagget før og hitt ette. Tøysejenta som ekspederte var nærast arbeidslaus men både smilte og lo av opptrinnet. FT var storfornøgd med dei nye kleda og snart bar det til ein skoforretning. Her trengtes det meir overtaling, men snart stod han med nokon sabba sko i neven. Frykta for å bli tatt for å vera homo på Sogndals lite urbane uteplassar skulle han få hjelp av litt tøysevattn til å fordøya. Og apropos homo, det var fleire som vart i tvil då dei kom heim att for TP utover dagen. FT tok alle spørsmåla av meir tvilsam karakter på strak arm om det så var musikalar eller Melodi Grand Prix som kom opp. Til slutt vart dette utslagsgivande og laget til Millå og FT stakk av med sigeren.
Dei driftige jentene hadde vore føre var og kjøpt inn gode råvarer til kvelden. Snart danderte dei bordet i stova med ein flott gryterett med både salat og kvitløksbrød. Karane fant fort ut at det kanskje ikkje var so dumt å ha med nokre tøysejenter på ein heisatur. Dei redda i alle fall dagen for karane her. Denne kvelden var vart følgjet invitert på vorspiel hjå eit av Sogndals mest populære og akta band. På hybelen vart det fort fela liv då han eine av dei drog i gong allsong medan han danderte både gitar og munnspel som han aldri hadde gjort noko anna. Han andre song som ein sølvgut og besøket sat bere og måpa i sofaen og beundra talenta. Medan dei drog i gong ein musikkvideo frå ein turne dei hadde vore på fant dei fram ein CD med Dei 3 Busserulls. Detta viste seg å vera eit sjakktrekk av dei heilt store. Karane frå Karmøy traktene fant tonen som to gamle svirebrødre og dei andre kunne bere synga med. Skib ohoy ohoy eg e ein saylorboy!!! Og 16 dar på plattform traff midt i tårekanalane på han som for ein gongs skuld hadde fine kle på seg. Humøret var på topp då dei igjen traska vidare i retning Meieriet. Puben var dessverre stengt grunna mangel på mannskap so det bar inn på Diskoen. Her va da rå å skjemma seg ut til eggande rytmar men ein måtte venta heilt til Eminem kom på før to kara trudde dei eigde lokalet samt va dei deilegaste og tøffaste å oppdriva. Elles spelte dei ?Heia Kiss? men med ein merkelig tekst om eit fotballag frå Bergen. Såg ut som denne var kjent for nær sagt alle var med og song. Når det igjen nærma seg stengetid fekk me nok ein gong sjå nytten av å ha oppegåande tøysejenta med. Tinå forhindra åleine at ei skjorte forsvann på Meieriet men kanskje viktigast at to kara tok taxi til Fosshaugane for å toska seg litt. Med sunn fornuft og litt kvinnelist hadde ho lurt dei heim igjen der dei no skulle ha nachspiel. Asfaltn hadde lurt med seg ei snurren tøysejenta som han sat og nussa litt på borti ein krok. FT hadde dessverre fått nyss i at ho var ManUre supporter og dette fekk ho høyra til gangs. Til både hennar og Asfalts store forskrekking. Men so mange gonga før, snart låg alle og sov som nokon barn i kvar sin krok.
På ny skulle alle bli vekka før fuglane feis av søstrene-morgonstund-har-gull-i-munn. Rundt i stova og på soverom gjekk da folk som mest likna på zombiar. To trøtte typar nærmast kraup inn på madrassane på golvet på soverommet og vart liggande der for å få med seg skiskytinga utover søndagen. Under ei dyne og to tepper låg det no 3 vaksne karar inne på eit lite soverom mens den vanlige søndags turneringa alt var godt i gang. Sjølv om Asfaltn var ute av trening vant han med god margin og vindauga måtte opp på vidt gap. Krangling om kven som skulle handla nådde eit klimaks før FT beit i da sura eplet. Pipinga i magen hadde tatt overhand og bacon hottoggs på Shell var for freistande. Det var her eg traff han igjen. Han kjørte meg ein svipptur på bensinstasjon for å fylla ein pose med snop til den nette sum av kroner 304,-
Asfaltn hadde ei skuleoppgåve til som skulle inn og trakka litt fram og tilbake mellom soverom og stove for å få gjort litt arbeid, men måtte nesten gi hals eine gongen han kom inn på soveromet og kjente etter lukta. Karane på golvet bere lo og såg fram til ei skikkelig triveleg natt. Ei natt med konstant snorking og spenning i kvarandre for å få ro. Dei som klaga mest over snorkinga var dei som faktisk snorka mest sjølv.
I 8 tida mandag morgon hadde alle 3 fått meir enn nok og stod opp alle som ein. Eine skulle på skulen og dei andre to skulle ta fatt på den lange vegen heim gjennom 10 000 beksvarte tunnellar?.
Det var her eg møtte dei igjen, to trøyte typar som ville heim att til trøst og gòa pote. Det var eit strålande vårvêr og turen gjekk overraskande bra. Eg var sjølvsagt den siste bilen som rulla inn på ferja nett før den la frå land. Desse karane treng vist ikkje ruta for dei har innebygd ferje radar. Sjølv om karane var litt roligare enn på vegen opp var dei i godt strøk og latterkulena sat laust sjølv om eg stunnå ana ein nervøs latter. Spesielt etter dei to tunnelane mellom Dale og Vaksdal som var heilt utan straum. Noko som passar dårlig i kombinasjon med sterkt sollys. Snart trilla me ned Breistein brekka og ein lang helgatur var over. Eg hadde lagt bak meg til sammen 45 mil og var svært nøgd med det. Etter alt å døma var det passasjerane mine som såg mest sletne ut. Men når me tok farvel på Breistein kaien med utsikt til Vakre Valestrand, var alle einige om at det hadde vore ein flott tur!!!
|
|
 |



|