
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Capo Pezzio
|
Publiseringsdato: 26.03.2003 10:21
|
|
Traktora frå Lonevåg bevege seg stadig nærmare Valestrand og dei siste rapportane fortel at dei nærma seg Øyjordsbrunæ berre 5 km frå Valestrand sentrum.
|
|
|
Store troppar bevegar seg mot Valestrand
|
Lonevåg trappar opp kampen om å komma seg te Valestrand. Fleire rekognoseringsbilar av typen Opel Ascone er observert på Hallandsfaltane i veka som har gått. Ein konvoy med Massey Fergusons og John Deeres rykker stadig nermare og vitner seier at dei skal ha tatt opptilling på Øyjordsbrune. Spesialstyrkar frå Fotlandsvågen i Moxia vil ta turen om Hjellvik og skal ta seg inn i sentrum via Hamre og Bakkjen om Røskelandsdalen. Da e venta at dei ein gong for alle vil gjera Bullagrane til livs. Etter at ein hanglider krasjlanda på Helgabøden, truleg med det mål å treffa Bullagrane er no forsvaret satt i høgaste beredskap. Eirkjen har tatt fram haglo og set klar oppi Elvikasvingane. Det er her den største invasjonen er venta. Me kan av hensyn til Genevekonvesjonen ikkje bringa bilete av mannen som vart pågripen på Helgabødn, men me kan bekrefta at ein mann er avhøyrd og mistenkt for ugjerninga sjølv, men han nekta for å ha gjort da. Fleire vitner skal ha høyrt mannen rope: -Da vakkje meg.
Sikkerthetsrådet seier at situasjonen vert vurdert fortløpande. Sikkerthetsrådet, beståande av Capo Brakjo, Ole Ellefseter, Stian med Sekken, Flyttsamen frå Resstå, Johhny Longshair med fleire seier dei foreløpig har situasjonen under kontroll og at folk kan slappa av.
I Lonevåg fryktar ein motangrep og ein har allerede satt i gang arbeidet med å sikre dei mest verneverdige plassane. Tre Ford Grananda 3.6 GHIA står ved bussskuret og bensinstasjonen er sperra. Da vert sagt at jento frå Valestrand som jobba dar ikkje slepp ut før Bullagrane e sagd ned.
|
|
 |



|