
|
|
|
( 18.02.2012 )
|
|
|
|
( 15.02.2012 )
|
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
(forts) Den Berømte Fiolinist Pub va nok ein gong full av folk. Da var andre juledag, klokko va vèl ti og da krydde i politifolk, ambulansepersonell, drapsetterforskarar og rettsmedisinsk personale.
I halvåttatie hadde ein drosjebilsjåfør reagert på da va litt lys inne på den Berømte Fiolinist, og at biln te pubverten framleis stod bak puben. Drosjebilsjåførn hadde svinga neom puben ette å ha kjørt ein kar heimatt i Vardaln tidlig på morgonkvistn. Sjåførn hadde kjekje inn vindauna på puben, og vore å kjent på døre. Den va ikkje låst. Sjåførn hadde nett bevegd seg innom døre og ropt ette folk. Han hadde gje inn te barn og sett. Ingjen dar heller. Han ropte fleire gonga, utan å få svar. Drosjebilsjåførn so i grunn va sjeldan ute på pub, gjekk bort te kjøkkendøre og opna ho. Han såg inn igjøno opningje og vart med ein gong forundra øve da stora, velutrusta, moderna kjøkkenet. Da va sjeldan andre folk ein dei so jobba på puben såg inn desse dørane, og ein kunne verta overasska øve kor stort da va om ein føsst fekk ein kjikk.
Drosjebilsjåførn sto og kjeik inn døre te kjøkkenet men kunne hverken høyra eller sjå nåken dar. Da va heilt stille på puben, bortsett frå ein kran so draup inne på kjøkkenet. Drosjebilsjåførn såg ikkje nåke vask, og ville inn og sjå bak hjørna før å finna vasken og stengje kran. Han opna døre te kjøkkenet meir og gjekk innafor. Nok ein gong gav han lyd frå seg utan å få svar. Akkorat i da han tok eit skritt fram mot hjørna, vart han oppmerksom på smula på golvet. Drosjebilsjåførn sette seg ner i hockeystilling og såg på smulane. Han tok opp ein litt stor smule og såg på han. Studerte han med auna. Han lokta på smuln. -Hmm! sa han. Han såg mot da hjørna dar han trudde vasken måtte vera bak, og såg at smuletettheten økte i den rettningen. Han reiste seg og bevegde seg mot hjørna. Mens ha bevegde seg lenger inn på golvet fekk han auga på ein sko og nedre deln tå ei svart boksa. Drosjebilsjåførn bråstoppa og stod pinn i ro. Da kjenntes ut so blodet stoppa i han og fraus te is. Han såg med eingong at detta ikkje bere va ein sko og ei boksa so låg slengt. Da va folk i klena, og drosjebilsjåførn va øvebevist om at han i bokso og skodn, ikkje låg å vaska golv. Ette ein kort stund so føltes forferdelig lång, tok sjåførn mot te seg og gjekk fram so han såg. Han stivna av skrekk øve synet tå pubvert Magnar Mickelson med ansiktet ner i ein blodpøl, i eit virrvarr tå kakemannbeta og smula utøve golvet.
Drosjebilsjåførn hadde, fremdeles i sjokk, ringt ette ambulanse, og gubben på alarmsentraln hadde fortalt korleis drosjebilsjåførn sku sjekka pasienten. Drosjebilsjåførn gav uttrykk for at pasienten både såg og kjentest død ut, og alarmsentralgubben kontakta politiet. Drosjebilsjåførn venta ikkje meir enn fem minutt før ambulansen kom frå Lonevåg. Den ellers so fredlige andrejuledagsmorgonen vart no flerra opp tå blålys og sirener.
Etter vel tjue minutt var ein politibil komme på plassen og. Dei to blinkande uttrykkningskjøyretøyna forpesta den julekoselige desembermorgonen, og spredde budskap om at ondsinna skamfarelse va komme te bygde at.
Politioverbetjent Bernt Rocknes har sperra av Den Berømte Fiolinist, og står no inne på kjøkkenet i lag med krimteknikara og åstedsgranskara. Han har ikkje vore på åstaden lenger enn ti minutt. Han var heima då frukostn vart avbrutt av ein telefon frå ein kollega frå byn. Kollegaen Øyvind Sverdrupsen fortalde om hendinga og saken som no var i gong i Bernt Rocknes si eiga heimbygd, og ba han om å innleda etterforskinga so snart so råd var. Bernt Rocknes hadde måtta rydda innatt julabrøde, meierismøre og brunostn, og fekk bere med seg to skjeve i neven. Han stod ei stund og vurderte ka han sku gjera med den varme sjokoladn. Sku han hølva i seg heila kanno, elle tømma ho ut? Han tok eit stort krus ut or eit skåp og fyllde oppi so mykje varm sjokolade so da va plass te. Han gjorde ein god jobb med å ikkje søla på skjorto, og tok seg ein god slurk tå den herliga drikko. Han tok ei tugga tå eina julabrødskjevo og skyllte ner med endå ein slurk varm sjokolade. Sånn. No va han so godt so klar te å stikka avgårde før å vera etterforskningsledar. Nåke av da han va best te.
No stod han og andre etterforskara på kjøkkenet på Den Berømte Fiolinist og såg på da grufulla skue på golvet. Før Bernt Rocknes var ikkje detta bere eit tapt menneskeliv, men so og sei ein sambygding. Men følelsane som eventuellt kunne ha dokka opp i den forbindelse vart holden i sjakk av den instinktive trangen til å gjera ein best mulig jobb med etterforskningen. Politioverbetjent og etterforskningsledar Bernt Rocknes va gjønorutinert når da kom te dei innledane sekvensane so te sjuande og sist la grunnlaget for god kvalitetsmessig etterforskning. Bernt Rocknes va ein nummer ein når da kom te å sperra av åsted, både når da gjald størrelsen på sperringane, og kor kjapt han fekk da gjort. Han va ikkje redd før å ta godt i når han sperra av. Bernt Rocknes krevde at folk respekterte sperringane og hans hindringa i å la offentligheten få direkte innblikk i etterforskningane hass. Foreløpig va da bere sett opp den typiske polititapen rundt Den Berømte Fiolinist, og ein politibetjent stod vakt utafor og hadde kontroll dar.
Til tross for å vera bekjent med kroppen på golvet, tok ikkje Bernt Rocknes nåke notis av da. Den supertrente etterforskarhjernen hass va i full sving med å anlysera og vurdera korleis ein sku behandla åstedet best mulig i forhold til ivaretagelsen av bevismateriale. Fingra peika og blitslys blitsa, pinsetta plokka og klipsposa klipsa rutinert inne på kjøkkenet. Ute i puben stod ein rettsmedisinar og snakka lavt i telefon, og såg ner i golvet.
Samtig på Hamre fekk ei utslitt dama med nyknekt ankel ein forferdelig beskjed på telefon. Kåno te Magnar Mickelson strigrein lydlaust i eit kvarter, i et inferno av sjokk, sorg og smerte, før da kom eit kriseteam på døre til ho. Då fekk ho endelig bryta samen med lyd og da heila slek so ein av og te har behov før.
På Den Berømte Fiolinist var Bernt Rocknes og dei andre etterforskarane framleis opptatt med bevissikkring. På kjøkkengolvet i puben va da no kunn ein damm med blod og mykje kakesmula. Foruroligane mykje kakesmula. Bernt Rocknes og ein åstadsgranskar ved navn Ansgar Låstad, sto og klødde seg i håve menst dei funderte på desse smulane. Dei huka seg ner og begynna og pirka i smula og kakebeta. Superfølsomme etterforskarhend kledd i vinylhanska, og breddfulle i fingerspissfølelse. Åstadsgranskar Ansgar Låstad, som forøvrig hadde kjelenavnet; "Låstadansgarn", snudde ein kakebete og såg at da va raudlig farge på han. Han viste beten te Bernt, og Bernt tok kakebetn nermare i augesyn. -Detta ser ut so ein del av ein kakemann. sa Bernt. Han kasta eit kjapt blikk utøve smule haugen, og la til sin store forskrekkelse merkje te at mange av betane og smulane hadde raudlig farge på seg. Begge etterforskarane reiste seg sjokkerte opp og gispa ved oppdagelsen. -Herregud, utbraut Bernt Rocknes. -Heile denne donjen med smula e knuste kakemanna! Da må eg sei e ganske spesiellt. Ansgar va i grunn enig. Bernt Rocknes stod og undra seg felt. Høgrearmen hass va liksom klar te å trå hjelpande te med kløing i håve om da sku vera nødvendig, og han kjeik seg litt rundt i rommet menst tankane omkring kakemannsmulane raste. Pikatre dar såg han at da dampa litt opp or ei diger panna so stod på ei varmeplata. Varmeplato stod på. Riktig nok bere på ein, men likavell. Ansgar Låstad såg dar Berntn såg, og vart og oppmerksom på varmeplato. Bernt gav teikn te Ansgar, so utan noke viare dikkedare gjekk før å slå tå varmeplato. Berntn følgte med mens han passert forbi ei open dør. Auna hass festa seg ved døre. Da va døre inn te den smale gongjen og bakrommet. Bernt Rocknes synst da såg veldig uryddig ut i den smale gongjen. Han gjekk rundt kakesmulehaugen og bort i døropningje. Da vart mørkare og mørkare dar i gongjen, jo nermare Berntn kom, då han i større og større grad stengte lyset ute. Då han kom heilt bort i døropningje såg han ingjenting, og begynte å famla atte lysbrytar innom på veggane. Han fann ein brytar og trykkte på han, men utan resultat. Bernt Rocknes ba om ei lommalykt, og fekk ,ikkje lengje ette på, opplyst gongjen inn te bakrommet.
-Du verden, sa Bernt Rocknes lavt. Han vart øveraska øve da han såg i gongjen. -Her har da gje før seg. Han sto og såg på ein haug med skrot som låg omtrent midt inne i gongjen. Han kunne kjenna igjen noko av skrotet som delar av stolar, og delar av ei dør. På golv og vegga kunne han tydelig sjå endå fleire kakesmula, og endå meira blod.
|
|
 |



|