
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: The Kanel
|
Publiseringsdato: 23.12.2011 10:20
|
|
Badnafakte.net ynskjer alle lesara ei riktig god jul og ei romjul med mykje badnafakte! Me har leita i gamle pergamentrulla og funne fram eit flott alternativ til juleevangeliet. Detta kan anbefalast å lesa høgt rett før middagen vert servert på julafta.
|
Tøyseevangeliet
(Tøy. 3.34-45)
Da hendte i dei daga Trygve Bratteli var statsminister i Noreg. Utanriksminister Knut Frydenlund hadde bestemt at det skulle skrivast inn manntal i landet. På Bruvik sat eit par som måtte reisa til Valestrand for å skriva seg inn, men Jomfru Astrid var med barn og vegen til Valestrand syntest uendeleg lang. Det var i månadsskiftet Februar/Mars og vinteren hadde endå ikkje sloppe det siste taket. Piggdekka på den gamle bilen til Oddvin var i ein elendig forfatning, sidan han hadde vore mykje sjåfør på dans denne vinteren. Då dei kom til Hauå hadde ikkje Gribben forvel brøytt og dei såg seg nøydt til å ta seg inn i huset til ho Edith. Samstundes i eit land langt borte hadde tre vise menn, Toshack, Keegan og Heighway, sett ei stor stjerna på himmelkvelvingen som dei meinte bar bodskap om ein frelsar fødsel. Dei hadde bestemt seg for å leggja ut på den lange reisa for å ønska det nyfødde bornet velkomen og overausa det med dei finaste gåver. Jomfru Astrid og Oddvin fekk til alt hell eit rom på fødestova og ikkje lenge etterpå kom det ein velskapt gut til verda. Dei svøpte han og la han i ei korg. Utafor song tøyseguta på veg til dans på Hauå dei finaste åndelege songar og alle hjarter fryda seg. Til slutt kom dei heilage tre kongar med gåver til guten. -Eg gir han ein hovudstyrke og ein skotfot det står respekt av, sa Toshack.
-Eg gir han ein porsjon engasjement som vil rysta lokalbefolkninga, sa Keegan. -Eg gir han trenarkunnskapar som vil redda Valestrand Hjellvik frå nedrykk i all framtid, sa Heighway. Og utafor ramla tøyseguta ned i skjul mens dei song "Me vil sjå daiiane dine" for Ovebarnet.
|
Ein lyt pynta te jul. Spesielt dei romma ein kjem te å bruka mest tid på ette at alle julabesøk med middag og kake e unnagjort!
|
|
 |



|