
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
|
Krim
|
(forts) Godseigarn, dottre og mann hennar står neom gamleskuln dar med fotgjengarfelte. Dei har nett vore vitne te at Jan Leonardo Vestrekleppe Vestrekleppe frå Kleppe, har fått ei elle an form for bya og forsøkt å ga te angrep på ein høflig røykjar. Den høfligje røykjarn so til vanlig operera borerigg og sler med digre sleggje, ekspederte unge Herr Vestrekleppe Vestrekleppe på ein særdeles elegant måte øve eit bord og på håve i ei snøfonn. Godseigarn og følgje hass e vortne usikkre på om dei lenger trur at dei finn da klientelle dei vil inne på Den Berømte Fiolinist, og e stygt redd for at den irskepubaktige stemningje dei håpa på heng i ein tynn tråd. Då ein høg, tynn kar kjem ut døre på puben, høyre godseigarn og dei ljomingje tå høgt skrål og bråketa musikk, og dei vert endå meir i tvil om dei har vurdert detta ga-og-puba-seg-påfunnet sitt heilt rett. Då han høge, tynne karn set i eit kjempegryl av typen; AII AII AII AII AIIIIIIIIIIIIIIIIEHHH!!!! før han fyre i ein røyk og skåla med dei andre so ølsprøytn står, e egentlig dei Godseigargjengen øvebeviste om at dei ikkje ska ga på pub likavell. Dei bjynna so smått å labba oppatt mot dar dei kom i frå.
Dei har ikkje gje so veldig långt før dei får seg endå ein ahaopplevelse. Nere med tannlegen står da ein kar med bokso på knena, tett bak ei me skjørte opp øve ryggjen. Dei har seg te riktig so godt, og han bak e ikkje verre enn at han ønskje Bornemann og famelien hass god jul og godt nyttår. Bornemann og dei lest so dei ikkje førstår språkje, og går fort forbi. Dei sei ikkje nåke meir te kver andre før dei har komme nesten heilt oppatt te Godset. -Jøss, sei Bornemann. -Oi, sei dottre. -Ai ai ai, sei svigersån.
Inne på Den Berømte Fiolinist e da heidundranes feiring. Da e dansing og drikking, latter og kjefting, kjøssing, klining, tafsing og klåing. Morisn spela allerede heise høgt, men synst at folk vert heise høgrøsta og nesten øvedøva han. Han e ikkje heilt fornøgd, og vurdera å ta seg ein pause. Når ei jenta frå Gjerstå med glitterkjole og kåbåyhatt sei at han ska spela nåke Britney Spears, elles e han ein k**, so kjenne han at da vert nok. Han signalisera te pubverten at han vil snakka med han. Magnar Mickelson smila te alle han går forbi på vei bort mot Moris. -Ka sei du Moris, e da nåke eg kan hjelpa deg med? spør Magnarn. Morisn svara at han må ha ein pause. Litt mat og litt drikka på eit roligare rom hadde vore greit, sei Moris. Magnarn vise vei ut te kjøkkenet og peika bort i eit hjørna dar da står to stola rundt eit lite bord. Moris ser litt undrane på Magnarn då han kjem med ei stor suppeskål til han. Da e kraftig kjøttsuppa te dei so arbeida i kveld. Med mykje kjøt og løk, litt gulrot og pote og so grovt brød og salt smør. Morisn takka, menst han ser undrane på Magnarn. -Eg kunne ikkje trekkt meg tebakars på bakrommet då, Magnar? Da e jo ikkje direkte rolig her på kjøkkene, spørte Moris. I løpet av brøkdeln tå eit sekund va Magnarn øvemanna tå ein kvalme so slo han hardt, midt i majen. Magnarn klarte ikkje svara, han klarte ikkje tenkja klart. I fleire sekund stod Magnar Mickelson heilt stille og ikkje sa nåke som helst. Han såg sjuk ut i ansikte. Angsten og samvete åt tå sjele hass, og da va ein lidelse. Tankane på bakrommet og da so va bak døre raste i gjøno håve på han. Han skjønte at han måtte sei nåke snart, og følte ikkje at han kunne sei da han ville sei.
I løpet tå dei ti siste årna hadde Moris spelt nermare femti gonga på Den Berømte Fiolinist, og hadde sikkert hatt åtti av pausane sine på bakrommet. Magnarn hadde lyst å sei at bakrommet var skjete, roteta og ikkje brukandes i da heilatatt, men han va redd for at om han sa da, so ville uansett Morisen ga å kjika inn døre og sjå at her va nett lika roteta og skjete so alltid, altså verken roteta eller skjete i da heilatatt. Greitt at da va støv på stabeln med skogsbærsider, men da va no hon ikkje nåke løye. Magnarn va redd at om nåke sånt skjedde so ville Moris fatta mistankje om at nåke va gale.
-Ja? sa Morisn. Magnarn for utn å sei nåke bort te ei dør so gjekk ut i ein smal lång gong. Midt i gongjen var døre inn te bakrommet. Magnarn henta fram nøkkeln te døre or lommo og låste opp. Han kasta nett eit blikk ut at på kjøkkene i retning av Moris då han for innom døre å kveikte lyse. Morisn tenkte med seg sjølv at detta va merkjelige greie. Aller før hadde detta skjedd. Han hadde no aller vorte henvist te kjøkkene før. Alle so spelte på Den Berømte Fiolinist brukte bakrommet so backstageområde.
Magnarn stod inne på bakrommet og prøvde å orientera seg. Han va svimmel og kvalm, og kjennte angst, svette og kulde. Bakrommet var cirka tre gonge åtta kvadrat, med inngong midt på eine långveggjen. Te venstre innafor døre stod ei gammalt salongbord fullt tå svimerkje, og med sofaar og stolar rundt, totalt elleve sitjeplassa. høgredeln tå bakrommet vart brukt til lagring og oppbevaring. Innom høgre kortveggjen va dar eit kottskap so va vegg i vegg med kjøkkenet. Framfør kottskape pleide Magnarn settja først alle klaffebordna so han vanligvis ikkje hadde ute i puben te kvardags. Framfor dar att hadde han som regel fleire stabla med stolar. Og hram for da igjen plaidde han ha ølkaggane te tappetårnet, samt kassar og brett tå andre ølsortar. Ståandes heilt innte veggjen, nett te høgre for døre og dermed fungerande so dørstoppar, stod den forbaskade irriterande stabeln med da dara forbannade helgolands skogsbærsiderskvipet.
Magnarn stod og såg seg rundt på bakrommet, og måtte konstatera atr det var ryddigare enn nåken sinne, då han aldrig før hadde hatt so mange bord og stolar i bruk ute i puben. Men aldrig før hadde kottskapdøre vore so lett synlig heller. So vidt Magnarn visste var da bere han og dei tidligare eigarane av bygningen so visste om kottskapet. Da hadde alltid stått stabla bord og stolar framfør da, og Magnarn visste med sikkerhet at verken kåno hass elle nåken tå dei andre so av og te jobba dar, ikkje hadde den fjernaste anelse om at kottskape va dar i da heilatatt.
Magnarn va mindre sikker på om nåken tå dei mange musikarane so hadde såte backstage opp i gjøno tie, hadde lagt merkje te da, og især Moris, som var den som absolutt hadde vore flest gongar der bak. Ka om han lot Moris sittja der bak no so dela tå skapdøre va godt synlig, og han oppdaga ho? Han kjente at han nesten måtte kasta opp. Da vrei seg i majen på han so om da kun va hissige orma dar. Magnarn vart heilt utmatta tå angsten og va igrunn tenkt å ga å sei at han ikkje kunne bruka bakrommet. Han hadde jo uansett nøkkeln te å låsa døre med att. Før han rakk å tenkja meir, stod Moris rett bak han i gongjen og kjeik inn øve skuldrane på Magnarn. -Ska eg få settja meg inn å få litt fred ei stund Magnar? sa Morisn.
Hjerta te Magnarn hoppte øve nåken slag, og Magnarn va sikker på han hadde drete i brokje han kvapp so felt. Morisn såg at Magnarn vart skremd og ba om unnskyldning. Magnarn følte at han va alldeles på sammenbruddets rand, og klarte knapt å stå oppreist, lånt meir sei nåke. Han måtte bøya seg litt og haldt seg te panno menst han støtta seg te låret. -Går da bra med deg Magnar, spurte Moris. Moris såg med forbauselse kor dårlig Magnarn såg ut. -Du ser sørn meg ikkje bra ut mann. Magnarn stønna te svar og såg ut so han sku besvima. Morisn skjynna seg å setja suppeskåle i frå seg på bordet so han kunne hjelpa pubverten ner i ein sofa. Morisn vart stånde og måpa øve detta so skjedde. Han visste ikkje ka han sku tru. -Ska eg henta hjelp Magnar? Ka e da so skjer med deg? Du ser ikkje frisk ut. Går da bra med deg? Magnar løfta bere venstra hånde som i å prøva å fortelja Morisn at han sku vera stille. Etter nokre sekundar fekk Magnarn nåkelunna fargjen att i ansikte. -Eg trur da går bra Moris. Eg trur da går bra no. Bere slapp av og et du. Da e nok bere alt stresse med desse føsstejuledagsfestane, laug Magnarn. -Fakertn Magnar. Dar va eg sikker på du sku stryka med. E du sikker på at da går bra? Magnarn måtte ærligt talt sei at han følte da gjekk bedre. Ette å ha vorte kvåppen livskitn tå før andre gong den dajen, og trudd han sku daua beggje gongane, følte han seg nesten litt fandenivoldsk no. Men han bjynnte med ein gong å tenkja på kottskapet igjen, og angsten bredde seg på nytt i kroppen. Ka sku han gjera? Ka satt Morisn å trudde om han no. Han hadde på ingjen måte oppført seg so han pleidde dei siste fem minuttane.
Moris måtte tru da hadde klikka før han. Han va på ingjen måte klar for å spretta opp å ga innatt i puben før å hjelpa te dar, men å sitja her inne i lag med Morisn utan å kasta paranoide blikk i retning skapdøre trudde han ikkje han kom te å klara. Ka sku han gjera for å ikkje laga meir oppstyr og pådra seg meir oppmerksomhet? -Herregud for eit styr, tenkte Mickelson. Han visste at før å kriseminimera sitasjon no, so måtte han komma seg fort te hektane att, før so å la Morisn vera åleina ein liten halvtime på bakrommet, menst han gjekk framatt i puben å lat so alt va normalt. Da kom sørn meg ikkje å verta enkelt.
Plutselig slo da Magnarn at da kanskje ikkje va so domt å få litt dramatisk oppmerksomhet på seg sjølv og helso si. Kanskje skapdøre ikkje ville vera so spennande då, om Morisn la merkje te ho.
- Eg føle meg ok no, sa Magnarn omsider. -Eg har bere vore so stressa i da sista. Og puben gjer ikkje ting lettare. Tankane mine va på ein heilt an plass, og eg kvapp so inni helgoland når du snakka te meg i stad. Eg ante ikkje att du stod rett bak meg. Mickelson prøvde å smila, og gjorde da øvebevisane nok. -Om forladels, ba Moris. -Eg bere synst da va so løye at du ville ha meg te å ta pausen på kjøkkene. Da har eg aldri gjort før, sa Moris. Magnar fekk eit allvorlig drag øve ansikte att. -Nei eg veit ikkje ka so gjekk tå meg. Da har vore sånn hektisk aktivitet her i dag, og eg va sikker på at da ikkje såg klokt ut her inne. Ein tå ekstrapersonale må ha rydda her inne ettepå, laug Magnarn. -Ja ja Moris, du får ta deg ein halvtime utan at eg plaga deg so mykje meir, sa Magnarn og reiste seg. -Eg ska finna litt brød og drikka te deg.
Magnarn for ut på kjøkene ette brød og mineralvatn te Morisn. Magnarn sette da på eit brett i håp om at Morisn ville synast at da virka so han hadde kontroll øve seg sjølv att. -Serveringsbrett e mykje meir serviceinstillt enn bere å settja da rett på bordet, tenkte Magnarn då han bar inn resten av matn te Morisn.
-Sjå her Moris. Her e brød og drikka. Ta meir på kjøkkene om du vil ha, sa Magnarn. -Takk ska du ha Magnar. Suppo va kjempegod du. Ser førresten at du har ein relativt stor og nestøva haug med skogsbærsider. Den trur eg har stått her inne dei siste seks gongane eg har spelt her. Moris smilte til Magnar når han påpeikte da. -Da e tragisk, sa Magnarn med tegjort sorgtynga allvor.Med dei orde løfta Magnarn på armen og og liksom gav tegn te at han kom te å gå no.
Magnarn følte seg ikkje trygg i da heila tatt når han gjekk framatt i puben. På kjøkkene hørtes skrålingje og spetakkelet inne frå puben totalt overveldanes ut.-Ja ja, tenkte Magnarn. - Eg kjem i allefall te å ha nok å gjera på den neste halvtimen. Kanskje tie går fort.
|
|
 |



|