
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Da e snart Mandag. PÃ¥ ti me meir krim.
|
(forts) ... Mickelson kjenne på eit enormt ubehag so heng igjen etter turen på bakrommet. -For ein grådig tosk eg va, tenkje han. Tankane på den litt vekkgjømta døre inne på bakromme, og da so befinn seg bak ho, har plaga pubverten mange gongar, men no føle han seg litt satt ut av heile den ekkle følelsen. Kåno te Mickelson so e driftig og i full gong med å styra på, legg samstundes merkje te at mann hennar ikkje e heilt seg sjølv. Ho synst han virka nåke tafatt og mutt. Og dei få gongane han sei nåke høyres han enten spak elle irritert ut. So om han e usikker. Vanligvis e Magnar "Mix" Mickelson heilt i sitt retta element onna ein heftig pubkveld med stinn brakka. Då e han både proffesjonell kvalitetssjef, gjestfri pubvert og sikkerhetsorientert vakt. Da e ikkje lett å måla den økta inntjeningje han skapa når har går i møllå dei tett befolka borde og henta inn tommglas samtidig so han preika hyggjelig om laust og fast og tek nye bestillinga. Gjestane elska da når dei bere kan sittja ved borde og verta varta opp, og sleppa å ga i barn og stå i kø. Og Mickelson e fullstendig klar øve da.
Omsider ser da ut te at dei e klare med da mesta av forberedelsa på Den Berømte Fiolinist. Bord og stola e sett ut, akkoratt passelig mange og passelig trångt. Morisn har endelig fått skjikk på notestative sitt, og driv å stemme gitarn. Da e ei lita lysning på golve da va meining at folk sku kunna svinga seg litt på og jammen har dei ikkje fått magasinert toalettpapir på toalettna. Mickelsen smila litt. Da e første gong på tre tima.
Hjå dei Åsn går da i ovnsfyring og leggjing tå onga. Dei har tenkt seg ein tur ne te brorn på Resstå. Og dar vert jenna ein tur ut og puba seg og. Nåke vedtatt plan føl dei ikkje. I Eidefeltet hjå Torgeirn Rongve derimot, har alle store plana. Dei ska hoya og festa, og vera heise kjekke og stilige alle mann. Mesta alle har stegje inn i dress, og månge går i tredelt. Nåken har te og med hatt. Nivået i Eidefelte e førlengst nådd luftgitar, og da va plutselig greit å røykja inne. Nåke so forøvrig vart fort ulovlig då ein i frå Vardaln påpeikte at dei kom te å stinka ut finklena om dei va tenkt å gjera detta heile kveldn. Da hadde dei ikkje lyst te. Da hadde vore tosskje å sett stilig ut, men å lokta ekkelt. Dei dreiv fremdeles å både hørde, såg og snakka om musikk og da på eit lydnivå so irriterte naboane. Da einaste so gjorde at naboane ikkje klagde på dei, va at naboane hadde fårspel sjølv. Litt lavare lydnivå og partyfaktor, men enn dog. Midt onna ein tostemt Thin Lizzy gitarsolo, såg Torgeirn at klokko va vorte på ti å ga på pub, og han fekk eit salig glis om ansikte. -Endelig! Bestaste dagen i år, tenkte Torgeirn. Da vart endå meira hoying og skrål når dei bjynnte å gjera seg klare te å gå.
På Den Berømte Fiolinist va da bjynnt å folka seg, og mykje tå stamklientelle va funne bordna sine. Moris va rutinert og undertrykte viljen te å spela teknisk krevande gitarhits som Living Next Door To Alice(Alice! Who The F*** Is Alice) og Still Loving You, allerede no so tidlig, og lagde heller litt bluesaktig bakgrunnsmusikk so va både stemningsskapande og nett passelig stiligt før dei so va dar. Kroverten va smilandes og godt fornøyd med ølsalgsfrekvensen, og såg før seg fulle pengaskrin te å bera bak på bakrommet. Da gjekk kaldt nerøve ryggjen på han når han no plutselig kom te å tenkja på bakrommet att. Smilet forsvant frå ansikte hass, og han kjente den kvalmande følelsen på nytt. Angst. Anger. Samvet, tå den verste typen. Da skyllte øve han so ei bølgja, og han vart svett i panno. Han såg seg nervøst omkring og prøvde å smila øvebevisande te dei blikkna so møtte han. Han følte att dei såg mistruande og dømmande på han alle sammen. Han måtte virkelig jobba hardt før å ta seg sammen, og fann da på sin plass å ga utom døre å sjå om røykjarane va sett tommglas frå seg ute i minusgradna. Fleire feststemde folk kom heila tie og han møtte på folk i døre. Dei helste og va blie, og Mickelson slappa litt bedre tå att. Vel utom døre lokaliserte han oppte fleire tomglass so sto kreom på borde. Han la og merkje endå fleire folk so va i anmarsj. Utor ein taxi kom dar tre jente og ein gut i frå bygdane nord. Dei va godt i gassn heile gjengen, og klarte no bere so vidt å føta seg på glatto. Neror Vardaln kom dar ein god gjeng med ongdomma so va både pene i tøyet og på håret. Dei pratte og song litt på ein supportarsong so dei meinte hadde vore perfekt å remixa i dubstepversjon. Pubeigarn og dei fleste andre skjønte fint lite tå ka dei snakka om. Ein tå dei lagde nåken dyrelyda på innpust, og hausta stor åtgaum hjå restn tå følgje. Menst dei luka seg inn døre siterte dei litt nynorsk badnatv og lattern sat laust nok ein gong.
Oppe med ongdomshuse gjekk Torgeirn og gjengen hass. Dei hadde komme seg meir elle mindre heilskinna ner frå Eidefeltet og va i storform. Dei gjekk menst dei framførte ein acappelaversjon av Led Zeppelins Immigrant Song. Siå månge tå dei va flinke musikara va da i grunn jæskla stiligt å høyra på. Når dei kom ner i svingjen dar med Snacken traff dei eit ant førspelfølgje frå Bakkjen. Dei helst God Jul, og hoya og sjaua litt og so gjekk alle i lag viare. Når dei kom fram te Den Berømte Fiolinist Pub stod to taxia og to andre bila og lensa seg før folk. Or taxiane kom dar ein flokk med kjekke middelaldrane folk i frå Åsn so smilte og helst kjekt. Utor baksete på den eine tå privatbilane kom føsst ein pottasur jenta so bannte og steikte og hylte te ei an jenta so grein og bannte. Da kom ein gut ut og, og han bere gliste. Han va godt blånk i auna og hadde lebestift i halva ansikte. På passasjersio framme kom dar ut ein kar so va kraftig og hadde litt skjegg. Han va vorte dårlig på turn og gulpa litt på skjorto. Han ronga tå seg jakken, tok tå seg skjorto og heiv ho ut i hovedveien. So tok han jakken på at nett i tide so han rakk å spy på den og. Or den andre biln datt da ut ei tynnkledd spinkel dama i frå høgre baksete. Ho vart i grunn liggjande i ein haug dar ho landa. Nett ette ho kom dar ein lyslugg i ein helgolands fart. Da va eit under at han ikkje trampa ho sund dar ho låg. Han vrengte opp passasjerdøre framme og drog tak i jakken te ein mørkhåra spinkling og kjefta han hudn full før han luste te han nåken gonga i tryne. Han so fekk juling bjynnte å blø nasablod, so ventandes va, og klarte akkorat å få håve utom biln før han kasta opp. Menst han holdt på med da fekk han seg ein lusing te hjå han hissige. Han so va sjåfør kom ut å prøvde å stoppa han hissige, og fekk seg nåken lusinga han og. I da minsta va han i form te å slå att. Da gjorde han te gangs. Sjåførn fekk riktig roa ner han lyslugga hissiproppen med eit passelig hardt spark midt i pissn. No va endelig dei Fotland komme. Han siste i den andre biln steig ettekvert ut or biln, gjespa og strekte seg før han henta fram utstyret før å slå lens.
Magnar "Mix" Mickelson stod i døre på sin egen pub og såg på detta spetakkelet. Han visste ikkje om han skulle le eller grina. Han valgte å le. Rått. Inni seg når han nekta tre tå dei sju fotlendingane so fremdeles kunne nytta føtna te å gå, å komma inn. Dei tre so ikkje fekk komma inn, dei to hylejentena, og han so slo lens lagde eit svare spetakkel utafor. Hyling og bæljing og hytting med neva. Banning og spytting. Bere spetakkel, heilt te Torgeirn og dei hine meinte da va nok. Tre vaksne kara fata tak i slålensn og bar han med seg bak puben og heiv han oppi ein svera bossdonk. Hylekjeringane snudde dei på håve ner i kversi snøfonn. Dei hylte ikkje mindre av den grunn, men da va kje so lett å høyra dei lengre. Magnarn og dei so va komme ut for å røykja synst da va svert te stas at Torgeirn og dei ordna opp, og gav dei litt applaus. Magnarn ønskte dei velkommen og slapp dei inn. Vel inne gjekk dei stad i barn før å kjøpa seg drikka. Dei helste på månge kjente og synst da såg spøkje bra ut allerede. Føsstejuledagsfestn va sjikkelig i gong før deiras del.
Hjå Godseigarn gjekk dei nett ut døre. Bornemann fant ei stor lerka på innerlommå og tåkorka ho. Cognac. Han gav tår te svigerson og dottre. Dei åkka og stønna seg og synst da va jæskla godt. Dei vandra freidig opp kastanjeallèen og skålte og skrålte på finmanèrte måta. Dei gleda seg heise te å oppleva da flotta bygdafolkje i tradisjonelle kroomgjevnada, og håpte på allsång og og lystige historiar. Nett so dei hadde opplevd på ein pub i Irland ein gong.
Tebakars på Den berømte Fiolinist no. Da har komme mykje folk og personale jobba på spreng. Morisn har skrudd opp volumet litt og begynnt å syngja litt i tillegg. Han e i ferd med å avslutta Life is Life, og lurar på å spela ein ABBA låt som neste. Ein i frå Lonevåjen prøvde å ymta frampå om ikkje han heller sku spela nåke tå Allan Jackson. Moris nikka bekreftande og kjørte i gong Billie Jean. Han frå Lonevåjen rista på håve og gjekk stad før å røykja. Då han steig ut døre og fyrte opp vart han vitne te at ei ny last med folk frå nord på øyne kom og vart leverte. Denne gongjen ein gjeng frå Fotland, Hosanger, Fjellskålnes og Lonevåjen. Da vart heilt stille tå dei so sto ute og røykte. Samtlige tå dei tenkte; ntååå nei, ikkje dei. Nordsoknegjengen va no høflige og nikka te folk når dei gjekk forbi i døre.
Ein taxi frå nordlig retning svinga inn i tunet te Den Berømte Fiolinist. Ut kjem ein raudhåra, tynn og fregneta fyr med opelcaps og florsstøvla. Han skula nåke sjøgl på dei so han mistenkje står å skula te bakars på seg. Han rista litt på den midt på ryggjen långe hockeysveisen før han går stad i bakluko og finn ein rullestol. Han gjer sitt besta i forsøkje på å bretta ut den samalagte rullestoln, men e altfor opptatt med å skula sjøgl på dei han trur skula tebakars på han. Omsider har han fått rullefarkosten montert, og skule sjøgl bort på dei han trur skule mistruande tebakars, menst han fomla ette dørhåndtaket bak på taxien. Han får da ikkje heilt ten, so ein person på innsio opna ho heller sjøl. Taxi sjåførn har på same tid henta ein likedan rullestol og bretta han i hop og fått ei diger dama oppi han. Famelien Vestrekleppe Vestrekleppe har tatt turn te Valestrandsfossen for å kasta glans. Taxi sjåfærn klara relativt lett å trilla Fru Vestrekleppe Vestrekleppe inn på puben. Sån Jan Leonardo har meget store problem med å trilla farn sin i da heila tatt. Ein tå dei so står ute å røykje spør om han kan hjelpa. Då klikka da før Jan Leonardo. Han hyle og skrik og hyve capsn sin i tryne på den høflige røykjarn, og prøve å slå han. Den høflige røykjarn, so te daglig kjøre borerigg og sler mykje med digre sleggje, gjer Jan Leonardo Vestrekleppe Vestrekleppe ein liten dult med albogen so sende han håvestups øve ein ubefolka benk og ner i ei snøfonn. Høflige Røykjar tek å skubbe rullestoln te Herr. Vestrekleppe Vestrekleppe inn restn tå veien.
Litt bort i veien står tre skikkelsa heilt i ro. Da e Godseigarn, dottre og svigerson. Dei har nett vore vitne te episoden med Jan leonardo og Høflige Røykjar, og veit ikkje lenger kor lyst dei har te å puba seg.
|
Krim
|
Jan Leonardo Vestrekleppe Vestrekleppe
|
|
 |



|