
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Capo Pezzio
|
Publiseringsdato: 11.03.2003 11:04
|
|
Ein god gammal Valestrandsgut fekk spelt ut tøyseguten i seg på den legendariska sceno i Kongshall i helge.
|
|
|
Tøysegut på heimbane
|
Med egen crew og egen manager inviterte ein av Noregs aller største teater-stjerner, Erlend Stamnes til ei uforglemmeleg tolking av Jakob Sande i Kongshall laurdag og søndag. Til tross for at stykket vart sett opp på same tid som Valestrand Musikklag spelte musicalen ABBA for stappfulle hus i gymsalen hadde ikkje Stamnes noko problem med å fylla Kongshall to dagar på rad. Det vitnar litt om den enorme kulturinteressa som er på Valestrand og er heilt klart med på å gje byen status som europeisk kulturby 2004 skal ein tru rykta.
Stamnes opna med forteljingar om Jakob Sandes barndom og det var ikkje vanskelig å sjå at badnafaktna låg i mannen endå. Kanskje var det all kappsyklinge ner Resståsvingane med den kvitmalte DBS sykkelen med forlenga gaffel, spark på boks, bommespel eller når han tok ER50'en sin og kjørte sørevegen opp i Åsen og skulle tøffa seg med storegutane som kjørte 100-kubikkar dar som fekk minna til å komma tilbake og gjorde at Stamnes såg sprudlane ut på scena. Det var ikkje vanskeleg å sjå at han nok har sete i lystige lag på Gamlabryggjå han òg, og berrettningane om at imåro skulle han begynna eit nytt og betre liv og ta seg ein tur på Valestrands bedehus såg da ut som nokon og einkvar kjende seg igjen i.
Kanskje det er nåke med sceno i Kongshall, ikkje veit me, men det kan verka som det er noko som gjer at kver og ein som opptrer har ein mistenkeleg trang til å sjå korleis da ligg an nere i brokje. Stamnes var intet unntak. Men i motsetning til andre gonger då te kan gå so gale at til og med politiet må gripa inn såg det no ut som at publikum tok det med fatning. Fire unge på bakerste benk såg ialle ikkje ut til å himla nevneverdig med augena, snarare tvert imot.
Alt ialt ein formidabel suksess. Minna går tilbake til den gongen han opptrådde med 'Adjø' i Gymsalen på Valestrand saman med Store sterke Asle. Ein romantisk og intim framføring som sette seg i hjarta til ein kvar tilskodar.
Og sjølvsagt terningkast seks.
|
|
 |



|