
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Sport
|
Forfatter: The Kanel
|
Publiseringsdato: 13.06.2011 10:13
|
|
Alle var einige om at Vhfk2 var best i gårsdagens kamp mot Fotlandsvåg og Valestrand laget tok ein oppskriftsmessig ledelse. Men skitne triks og merkelige dommaravgjerelsa førte til eit knepent tap mot Fotland.
|
|
|
Med hjelp av traktorfotball og bestikkelsa av dommarn vann Fotlandsvåg kampen mot VHFK 2.
|
Då pipeblåsarn synest nok var nok og blåste av kampen på Furubakken i går kveld var det til jubel frå Fotlandsvåg spelara og tilreisande som om dei hadde vunne cupfinalen.
Valestrand Hjellvik sitt B-lag kjørte over stjernegalleriet til Fotlandsvåg innledningsvis og stjernegalleriet, altså Øyvind Tysse, fekk ikkje til noko som helst på ein solfylt Furubakken stadion.
Leiinga til Valestrand var fullt fortent.
Temperaturen blant spelarane var høg og dommaren mista til dels kontroll over kampen.
Fotlandsvåg tok i bruk alle skitne triks og falt som saueloppe berre da va ein Vhfk spelar i nærleiken.
Fotlandsvåg fekk eit par heldige mål som til og med dei som var på søndagstur på Burkelandsfjellet kunne sjå at var soleklare offsidemål.
2 omgang begynte som den andre slutta. Vhfk var det klart beste laget, men dommaren fortsatte å dela ut uforståelege gule kort te karane i svart og kvitt.
Og då Øyvind Tysse fekk rolla som Pinocchio i Mjeldalen ungdomslag si høstforestilling fekk han sjølvsagt også straffe tildelt av dommaren som befant seg på midtbana. Straffen gjekk kontant i mål.
Valestrand scora sitt andre mål og hadde nok vunne kampen hadde det ikkje vore for dommaren som fann ut at han skulle blåsa fordel til Valestrand etter ein minutts gammal forseelse då dei nermast var på åpent mål. Etter dette skjønte Vhfk at uansett kva dei gjorde so ville dommaren ikkje tillate dei å vinne dette oppgjeret. Dermed gjekk piffen ut av Valestrand Hjellvik og Fotlandsvåg vann knepent 6-2.
Sjølvsagt stort for Fotlandsvåg å slå B-laget til heltane frå Valestrand, og som ein kunne høyra ut over Furubakken etter kampslutt:
Detta e da høgaste dei kjem, detta e da høgaste dei kjem, detta e da høgaste dei kjem. Fotlandsvåg!
Det var ifølge bygdafrette ville tilstanda i Fotland i natt etter den heldige sigeren.
|
|
Fotlandsvågspelarane feira te långt på natt. Her kosa dei seg i hagen te trenarn i eit oppvarma basseng!
|
Vhfk må nok ta sjølvkritikk for at det ikkje var åpent i bua under denne kampen. Eit lokaloppgjer med rundt 150 tilskuara hadde nok gitt mange kjærkomne pølsepengar i lomma til klubben.
|
|
 |



|