
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Capo Pezzio
|
Publiseringsdato: 05.03.2003 09:25
|
|
Dagen er komen. I går var det feitetirsdag og Kenny Dælglisj hadde gebursdag. Idag, på same dag som Brooklyn Beckham ,fyller alle tøyseguta og Badnafaktes far, Don Fat Tony, 30 år. No står da dar svart på kvitt, no e han vorten vaksen
|
|
|
Fat Tony -eit tiår er over, eit nytt står for tur
|
Født tå sjøfolk(og litt utvatna blod frå Borgo) va da tidleg klart at da kom te å verta nåke stort tå denne karen. Sjølv om hans fysiske begrensingar hindra han i å hevda seg på fotballbanå skulle han ta detta att med kunnskap. Då alle ungane på Resstå hadde funne kvart sitt favorittlag og Tony var i ferd med å verta støytt ut visste more råd. Ho slo opp i andredelen på sporten i Bergens Tidende og såg at på toppen tå engelsk 1. divisjon låg eit lag som heitte Liverpool. Kort tid etter fekk han si egen raude Liverpool-håndveska. Det var som sagt i kunnskap Tony skulle hevda seg og etter at historia om laget frå industribyen var pugga til rams var ikkje dette nok og han tok etter kvart for seg andre lag. Mange spelarar på Furubakkjen ergra seg litt øve guten, som ikkje spelde fotball sjøl, men som kunne stå utafor garderobane å fortelja om Harry Bradshaw, Malcolm McVean, Elisha Scott, Berry Nieuwenhuys, John McKenna og William Barclay.
Han var veldig ivrig ette kunnskap og også det å lære frå seg. Det var heller ingen som blunka med augena då guten mange år seinare dukka opp igjen for ein liten periode på Valestrand Skule, denne gongen som lærar. Elevane fekk læra korleis Brann-logoen skulle malast på veggane og revolusjonerande undervisnings-metodar vart introdusert i kristendomsfaget.
Men i da lange løp var ikkje lektor-tittelen nok. Ferda bar vidare te Stord, no skulle mannen verte ingeniør. Akkurat her er det nokre tomme trådar som ennå ingen har klart å plukka opp, men tre år etter kom han uansett ut med embetsbrevet Cand Mag. Ingeniør Bygg. Kort tid etter vart han headhunta av industrigiganten ABB og no måtte navlestrengen kuttas. I alle fall prøvas på. Det vart invistert i storslått penthouse-leilighet i eit tå dei mest ettertrakta strøkena i Fyllingsdalen.
Han har via sitt liv til kulturen. Tradisjon og historia har alltid stått hass hjerta nær og han er ein foregangsmann i måten han prøver å binda dei forskjellige interessena samen på, gjedna alt på ein gong.
Han har alltid vore religiøs anlagt og ein av dei viktigaste levereglane har alltid vore å heidra far og mor. Han invisterte endå med i ein nesten flett ny østeuropeisk kvalitetsdoning so han kunne komma seg oftare heim på søndagsmiddag. Det er heima på Reigstad han får dei beste potna. Han har nasa for god mat, og har prøvd da mesta, men ingenting kan måla seg når han kjem heim til gryta hennar mor.
So også med Tony har det vore slik at vegen til hjarta går gjennom magen. Og då da kom ei taus og banka på i Fyllingsdalen og lurte på om han ville ha potna kokte, bakte, friterte eller gratinerte vart hymnens lenker sett på Tony òg. -Kokte selvfølgelig, men kom inn fø da!
Den store dagen til tross. Don Fat Tony har ikkje tid til å kvila. Han styrer no store delar av norsk oljeindustri frå sitt kontrollrom ute i nordsjøen og trekkjer i trådane som skal gjera at eg og deg skal få ein flott alderdom.
So i løpet av denne dagen forventa me at alle som ein fire brokje minst ein gong til ære for vår alles Don Fat Tony. Gratulera so mykje med dagen! Måtte badnafaktna i deg få leva lenge endå
Fakta Don Fat Tony
Født: 05.03.1973
Høgde: Litt øve snittet
Vekt: Kanskje pittelitt øve snittet her òg
Favorittlag: VHFK
Favorittmat: Pote, skikkelig goe
Meritter
*Verdens mest sexy utrente kropp 1999
*Bullahuset,Bautaen, Nye skule, Gymsalen, Gamleskulen, Eldsteskulen, BP'en, Bankjen,Bedehuset
*Flest av og påkjøringar på ferjo i løpet av ein halv time
*Flest ganger under 10 sekund frå full påkledning til netto
*Flest forsøk...
|
|
 |



|