
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: The Kanel
|
Publiseringsdato: 17.03.2011 11:58
|
Her følgjer referat frå Seminar 2011 - Del I. I følgje referent er det uvisst kor mange dela da blir...
I del 2 kjem iallfall meir om TIFO, ein stygg seminarskade og bruk av førstehjelpskrin, avvik ved miljøstasjon, Vits om Djerv1919, avsløringa ang Nord Europas minste halvøy og mykje meir.
|
|
|
Pause og networking
|
Kl. 18.39. Oppstart av seminar skulle vore for 39 minutt sia. Referent usikker på kva grunnen til at det dreg ut i tid er då referent plutselig vart tildelt oppgåva som dandør i lag med Laffe like før påskrytt starttid. Dandering av frukt og ørje gjekk greit, og referent er no på plass.
No får ein opplyst at utsetjinga skyldast at ein lyt skaffa høgtalara. Ein representant i frå Modalen e frekk og lura på ka me skal med høgtalara. Samstundes har møteleiar FT uroleg gange framfor scena. Får bekrefta at han har hotta kamera og at han endåte har fått tatt nokken blinkskot allereie.
Frå særs uoffisielt hold får me opplyst at da e passert 30 personar inn døra i Kongshall denne laurdagskvelden. Styret i VHSK går rundt i salen og pysja til folk at da no e 87 stk innmeldt i supporterklubben.
Da dreg ut og enkelte ymta frampå at da e dårlig planlegging at ein ikkje har kunna framskaffa høgtalara på eit tidlegare tidspunkt. Litt uro på bakerste rad, men dette roar seg samstundes med at høgtalara kjem på plass.
Oioioi… No får skrivar på øyra at Jimmy Drawer 2 ikkje har blitt kvalitetssikra. Dette skal IT avdelinga sjå på i pausen. Mange spør seg no om basaren litt seinare kan verta ein fiasko.
DÃ¥ er seminaret i gong.
Førstehjelpskrinet er på plass og ligg på første rad, derav namnet.
Møteleiar vil ikkje ha da kjekt i kveld.
Difor må bl.a alle reisa seg og ta bølgen. Får ei grei gjennomføring på den. Alle klappa.
FT går gjennom agenda for kvelden.
Skal ha ein grundig presentasjon av nokke, uvisst kva…
|
|
Miljøstasjon
|
Samstundes kjem første spørsmål frå salen. Laffe får æra av å væra første spørjar.
Han lurar på dette med røykepause i terminlistå, om me har avgjort kor mange da vert.
Svaret renn ut i fisk.
Det vert gjort klart for alle at det ikkje vert kake, men at da kan verta kakediagram.
Kan og verta song utpå natte.
Gjennomgang av HMS.
- Mønstring vert ved flaggstong. Vert ikkje gjort greie for kva flaggstong det er snakk om.
- Har egen miljøstasjon ute i gongen.
- No vart det ikkje meir gjennomgang av HMS, men det vert bestemt at ein kjem tilbake til ansvar for HMS.
Da e frukt og kannapea bak i salen.
Da vert og attåt. FT vil ikkje greia ut om attåt.
Pausane skal nyttast i god takhøgde og mingling e å foretrekka.
So vert da snakk om alle dei flotte premiane te basaren. Bok premiane e dei gjevaste, dar ei miniatyrutgåve tå Gjerstadkyrkjå e toppen tå kakå. Da kan nemnast at da va ette denne modellen byggmeister Ole Vangberg bygde Gjerstadkyrkjå. Modellen er truleg laga av Frederik Hannibal Stockfleth kring 1860. Mykje sikling i salen no.
|
|
Premiar på snor og premiar på bok!
|
Siklinga avtek noko då ein kjem inn på Liverpool draktna som heng attmed klokkestrengane. Ein kar vil at me skal snu draktna so me ser ka namn so står på ryggjen. Detta vert blankt avvist tå møteleiar.
Ein kar bak i salen lura på kor i miljøstasjonen ein skal leggja draktna dersom ein vinn dei.
No går me øve te eit betent tema om nokke på do. Detta let referent ikkje gå utøve fyllet i pennen.
Dei so vinn Vaksdal-drakt kan få den signert i ettetid.
Da vert opplyst i frå salen at bokpremiane e notert på baksida tå loddboka, i staden for på innsida tå utsida, altså framsida som er vanleg prosedyre. Dette vert diskutert og møteleiar kjem fram til at dette ikkje er eit avvik for deretter å ombestemma seg og det vert no notert som eit avvik.
Litt generell info no.
Tv2 va invitert, men pga situasjonen i Libya vart seminar nedprioritert.
Vert og opplyst at dersom nokon vil evaluera seminaret so kan dei få lov til da.
So går da plutselig i badl for FT og fjernkontrollen har han ikkje kontroll på.
Han går kjapt øve på nokke han har kontroll på, støttespelara for VHSK og seminaret.
Det Bergenske Kaffeselskap har også i år stilt med kaffemaskin til bruk på seminaret.
Valestrand Antikk har bidratt med gevinsta og verdisetjing av sjeldne skatta ein har funne kreom på loft i bygde. Og da e so store verdia på scenå at da har vore diskutert om ein må skru opp prisen på årena.
DekkVest har holdt supporterklubben oppe gjennom vinteren.
Fossen Lerøy har stilt med ørje.
Drange Murmeister har bidratt med frukt. Samt ein høvding i ein konvolutt. Han hadde ein konvolutt med ein høvding i te supporterklubben te OIL òg, men den høvdingen hadde ikkje ein gong Skistn akseptert som betalingsmiddel.
EDV- Elektro Diesel Vestauto AS er og ein tå støttespelarane til årets seminar
Første vedtak for kvelden. Vedtatt at da vert meira dame. Ved akklamasjon.
FT nemnte nokke kort i stad. Kanapè og frukt e nokke tå da so vart nemnt kort. No vert da nemnt litt lengre.
Kjem opp eit virusvarsel på lerretet framme ved scena.
IT avdelinga er raskt ute og får kontroll og kan opplysa om at ein ikkje er tilknytt virusdatabasen. Usikkert om det er lerretet so va i ferd med å verta råka tå virus.
So gjer FT ordet til nestformann i VHFK, Roald Fosse!
|
|
Rekvisita
|
Roald har steppa inn for Håland på kort varsel. Formannen har havna utpå, dermed steppa nestformann inn. Han håpa han ikkje ødelegg nokke.
Avvik notert. Grovt! Nokke om VHFK stend.
Roald kan fortelja at han e vorten forelska, men han fortel vidare at han har tett seg vatn øve håve og vorte storkjefta.
Han meina vidare at da vert 2 divisjon på VHFK innen 1 år. Maks. Eller va da 2?
Han legg ut om då han kom ifrå dødsriket på hi siå, og snakka so fort at referenten håpa han snart e ferdig. Elles blir da heise mykje stikkordsreferering her.
Han har sendt eit brev, om da å bli Valing.
Trond Mohn skal inn i bildet. Han skal og verta forelska.
Roald har opplevd at VHFK e midt i blinken øve da ganske land.
Viss ikkje Trond Mohn vert forelska so gjer da ingenting. Valstrand har jo alltid greid seg sjølv.
No greia han ut om ny bana. Om da vert grus eller grass. Har tenkt på grus pga lengden på graset.
Roald har og tenkt på Aleksander Lenning. Lenning score 35 mål i og med at me lage ein kul song te han. Uvisst om detta sista va nokke Roald berre har tenkt på. Får bekrefta frå salen at da e fakta.
Banå skal forøvrig opp i 108 meter. Vert ikkje opplyst kor lang den skal væra.
Den fantastiske ånden gjer at da går fint.
Avslutningsvis fortel han at satt og grein i eit busskur. Detta va før. Han gjer ikkje da no, men gjer ordet tilbake til FT.
Da vert ein kjapp pause, då opning tå seminar e øve…
I pausen skal IT avdelinga jobba med å forbedra layouten på presentasjonen.
Føda om da e pause so begynne no ein kar på bakerste å leggja ut om miniputtane te sokne so bit i graset. Mange lo. Referent va allereie i pausemodus og fekk ikkje med seg poenget. Notert ein advarsel i margen te vedkommande som delvis spolerte pausen.
Me begynna på att igjen ette pausen.
Nokken har allereie glømt att ein dressjakke på ein stol i gangen, men då detta vert tatt opp e da ingen so vil vedkjenna seg jakken.
Da e 2 lodd igjen på bokje. Dei går for 200 kr. Men detta vart bukken te havresekken då da va han so har ansvaret for loddpengane so fekk budet.
Vert opplyst i frå salen at 23 mars e kvinnefrigjøringsdagen, altså same dato som VHSK vart stifta.
Uvisst om da e hold i detta. Ikkje om VHSK vart stifta då. Da e da hold i! Men e da hold i detta andra? Han so framla dette ymta stadig frampå om diverse dame-tema.
No kjem da fram at da va derfor han fekk løyve te å bruka laurdagskvelden på seminar.
Elles vert da konstatert at me va oppå hauen. Da vart 10-0. Og da balla på seg.
Me går øve te framsyning tå organisasjonkart.
Da e kome te brudd mellom badnafakte.net og VHSK. Badnafakte vil vera ei nøytral side utan direkte tilknytninga.
Da e vanlig med outsourching.
Spørsmål frå salen om TIFO står for Turn og Idrettsforening Osterøy.
Detta vert tilbakevist og FT kan fortelja at da e forkortelse for ting som konfetti, you name it, tromme, rettelse IKKJE tromme, tribune osv.
Notert i margen at da e viktig å unngå misforståelsa.
Aksjonslistå skal gå i dybden.
Vert opplyst ifrå salen at referenten har sendt inn eit bilde, detta vart brukt ein plass.
Gjennomgang styret VHSK.
Styret vart valgt ein måndag.
FT rota angåande fotballresultat. Ikkje uvanlegt.
Me går raskt øve til kjempejobben som Prompen har gjort. Applaus.
Flotte artikla med ein humoristisk touch.
FT skryt tå å vera nokke.
Mange so har gått inn på vhsk.no i staden for vhsk.net.
Forvirrande!
Ein ifrå Modalen so ønskje å vera anonym va på nippet te å melda seg inn i Vadsø hesteklubb, men norsk lovgivning hindra heldigvis dette.
Mykje visjona kreom.
Da e nokke so heite Feisn. Når detta emne kjem opp vert FT betenkt. Han vil ikkje greia ut om dette trass i oppfordringar frå salen. Da e ikkje sosial pornografikk.
Fowler og Prompen har vore flinke, og har nådd fram til mange.
Kjem no eit forslag om fiktive navn. Vert ikkje nokke vedtak.
Vert opplyst at folk frå Indonesia lika VHFK. Vert nærmast skrytt tå dette frå salen.
Men ein an i frå salen slår raskt tilbake og kan fortelja at desse frå Indonesia e gift med nokken på Vakre.
Ein litt brå slutt der, men meir i vente!!!!
|
|
Litt av basarpremiane
|
|
|
 |



|