
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 24.08.2010 18:58
|
|
Vil du ha nåke spesielt ut av ferien, ta turen til da fantastiske friluftområdet bak Prixn på Valestrand. Ei naturperla av dei sjeldne, freda av vår kjære fülkesmann.
|
|
|
Fülkesmann sitt ferieparadis
|
I Sovjetsamveldefylket Hordaland har ein det for tida slik at alle skal væra glad dei har ein butikk i nærleiken, helst utan konkurranse og med eit så spartansk vareutval som over hovudet mulig. Om parkeringsforholda utanfor er til stor fare for liv og helse, ser det ut til å væra ein ekstra bonus.
Viss ein til dømes ser på forholda utanfor Slaje på Valestrand er det sjeldan barn er å sjå i følgje med foreldre på butikken. I alle fall ikkje fleire enn ein om gongen og då helst tjora til foreldra. Det er farleg nok å ferdas for vaksne folk og dei fleste ser til å leggja handleærend til tider det er minst trafikk.
No har det seg faktisk slik at til dømes Coop Hordaland har lyst å forbetra desse tilhøva. Dei ønskjer å utvida butikken, utvida tilbod og ikkje minst leggja tilhøva til rette for kundane sine slik at dei ikkje set liv og helsa i fare, både for seg sjølve, unga og omverda.
|
|
Perfekt for piknikk i det grønne, ref. Fülkesmann
|
Tabben var at dei kom opp med ei løysing med parkering på den jækligaste plassen på heile Valestrand. Ein asfaltert plass i skyggen, på baksida av ein tilårskomen butikk, ei hengemyr på sida, containera, gamle bilvrak og kraner, jernskrap, ein trappeoppgang i stål, industrivifter og løvetann.
Her har vår alles kjære Obersturmbannfülkesmann SS (Spesial Service) merka seg at området er eit friluftsområde og satt foten ned for heile prosjektet. Eit prosjekt som heie den sveltefora bygda har lengta etter i ei årrekkje. Friluftsområdet Obersturmbannfülkesmann SS siktar til blir i beste fall brukt til parkering eller snuplass allereie og langt mindre rekreasjon.
Hadde det vore i bygd med mangel på friluftsområde, skog og mark, fantastiske turområder og vakre fjell, fjordar og vatn, kunne ein forstått det. Men Valestrand er omkransa av 9 fjell, ein har fjorden og vågen, ein har fleire flotte turløyper, ein har Valestrandsmarka, ein har det unike området rundt Brakvatne og ikkje minst, ein har eit heilt spesielt parkområde midt i bygda med bullahuset i midten som berre dei ferraste storbyar kan slå i bordet med.
Men å verna ein asfaltert platting og ei hengemyr, det heng høgt på prioriteringslista.
Heilt der oppe med å drepa alt privat initiativ?
Har han sett dette sjølve?
Har han i det heile tatt hørt på anbefalingar frå dei som har sett dette sjølve?
Det treng han uansett ikkje, for han er Obersturmbannfülkesmann SS
|
|
For ein fantastisk flora og fauna!
|
For min del vil eg invitera han til Vakre Valestrand til neste sumar, der han kan få feriera i sitt vakre friluftsområde 4 veker til endes! Her kan han kosa seg med eingongsgrillen, svalt i skyggen, med minimalt med folk i nærleiken og med vakre industrimaskiner som selskap.
Eg for min del rekna med å tilbringa neste sumar omkransa av piggtrådgjerder og med trekant på armen sydd fast i den slitte pyamasen eg har til klede og med fine avtrykk etter solide stokkar på ryggen.
Før i tie va Valstrandsfolket flinkare å handtera overformynderiet. Resultatet ligg ein plass midtfjords.....
|
|
 |



|