
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: The Kanel
|
Publiseringsdato: 15.08.2010 16:17
|
Magisk spel.
Magisk musikk.
Magisk plass.
Det meste med lørdagskvelden i hajen te Oln var magisk!
|
|
|
Glimt frå Bullaspelet
|
Ole Bull – Fossegrimen på Valestrand var rett og slett eit meisterverk!
Bullagrane såg ut som om den va planta på ”Lille Osterøen” nettopp for å fungera som kulisseskjul og naturlig bakgrunn for eit skuespel som handla om mannen som planta grana.
Ein skulle tru at knappe to timar var for lite til å fortelje ei god historie om livet til Ole Bull. Men her hadde ein fått med mykje. Suverene skuespelarprestasjonar av både profesjonelle og amatørar saman med god lyd og flott lys gjorde at det vart ein nytelse å sitja på trebenkane og kosa seg med eit show som på to dagar har vorte sett av rundt 3500 personar.
|
|
Dei proffe
|
Personlig vart eg mest fasinert av Tormod Kleiveland i skikkelsen til Fossegrimen som på elegant vis var til stades heile tida, men som ikkje tok merksemda frå det andre som skjedde.
Og Bente Elvik sine sprell er jo som alltid eit show i seg sjølv.
Alt det flotte skuespelet vart pakka inn i nydelig musikk som fekk sjølve ein hardbarka KISS fan til å kjenna det varma og gjorde at ein gløymde både mygg og dårlig seriestart for Stoke tidlegare på dagen.
Alle som har vore med på denne oppsetjinga har gjort ein kjempejobb. Og det er mange som har vore i sving for å få dette til. Det er synd at all denne førebuinga berre skal visast gjennom tre forestillingar. For denne historia om Noregs største stjerne gjennom tidene skulle vore sett av fleire. Som Bjørnstjerne Bjørnson sa: Ole Bull blev det første og største Festøyeblikk i dette Folks Liv; han gav os Selvtillid, det største som den gang kunde gives oss.
|
|
Lokale talent tøysa seg bak hesna
|
Og sluttscenene i spelet får ein til å tenke på kor vakkert det må ha vært den gangen ”Kong Sverre” kom inn mot Bergen med kista til Ole Bull om bord og over 1000 korsangara stod på Nordnes og sang til ære for Bull. Ein rørande slutt på spelet.
Eg syns synd i dei som ikkje har tatt turen ner til Bullahuset for å sjå forestillinga denne helga.
For det var virkelig magisk. Rolf Losnegård og Torkil Sansund må vera stolte.
Og eg trur nok at Ole Bull sjølv har tatt seg ein preik med sine kollegaer værgudane…
|
|
Vinnie Vincent inspirert Fossegrim tok sjele te Oln
|
|
|
- Og so lyt me ha heimabrygg
|
|
|
Ut på rakkadeis mens fruen sat att heima
|
|
|
Han byte bort sjele for felå hjå Fossegrimmen
|
|
|
- Kor e du Fossegrim?
|
|
|
Eg lyg då aller, eg!
|
|
|
Knutn kosa seg
|
|
|
 |



|