
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 10.07.2010 04:41
|
|
Haustsesongen står igjen og sjølv om mange er midt i ferieavviklinga bør ein kanskje merka seg eit par datoar allereie no. Me har gjort eit kjapt overslag og rekna med rundt 33 poeng totalt i dei resterande kampane, noko som gir eit snitt på 3 poeng i kvar kamp.
|
Sandviken-VHFK Onsdag 11.august 20:15 Stemmemyren
VHFK-Fusa Fotball Søndag 15.august 16:00
Ny-Krohnborg-VHFK Fredag 20.august 20:00 Krohnsminde
VHFK-Radøy Manger Fredag 27.august 19:00
NHH-VHFK Lørdag 4.Sept 13:00 Åstveit
VHFK-Voss 2 Søndag 12.Sept 16:00
Laksevåg-VHFK Lørdag 18.Sept 13:00 Lyngbø
Austrheim/Lindås-VHFK Lørdag 25.Sept 15:00 Austrheim stadion
VHFK-Djerv Lørdag 2.Okt 15:00
Rosendal-VHFK Lørdag 9.Okt 15:00 Rosendal
VHFK-Loddefjord Lørdag 16.Okt 13:00
|
|
Ein spanande haust i emning
|
Denna listå kan ein lika jedna klistra på kjøleskapsdøre med ein gong, slek at dar e lettare å veta kalla tilbud ein ska takka nei te utøve hausten når telefon ringe. Elles e dar eit par søndaga ein lyt passa på å halda seg friske og fri for influensa.
Sandviken – borte:
Eit utrulig merkelig tidspunkt å avvikla ein fotballkamp på i og med at dar e bryggjedans nett inne i vikje dar dei Iron Maiden spela opp te dans. Me får tru Oven og dei høge herrer i Sandvikje tar te vet og flytta litt på denne kampen. Elles får me ringa til Steve Harris og be deis pela opp ein dag seinare. Me før håpa på flau vind frå aust på Stemmemyre so både flagg og publikum ikkje bles ut i motorveien. Elles får da være opp te kvar enkelt om dei vil på bryggedans elle myra seg, men me håpa sjølvagt på bra oppmøte til første haustkamp.
Fusa Foppal – heima:
Friske og tidige møte ein opp te første heimakamp denne hausten. (Yeh right) Me får tru ikkje ferien har gjort negative utslag verken på bana elle tribuna og alle stemme i for full hals. – For Robert e her, og Rayner e her, Og Kalli og Torgeir e her….. Trallalalalalalalala la la. PS! Sjå opp for raude kort!
Ny-Krohnborg – borte:
Fredag kveld klokka 20:00 på ei bana som ligg eit steinkast frå Danmarkskroen teikna bra. Berre synd dei har reve ner alt som er av flotte tribune og overbygg på det som var ei glimrande bana. Uten plan, mål og meining for å bygga noko nytt opp igjen før dei reiv! Fy skamma seg, Bydn kommune! Men so har dei no fått somletrikken til nokre få titals milliarda…. Kan bli ein tøff batalje utan at det går ut over poengfangsten.
Dei Radøy Manger – heima:
Håpa ho damå som fyrte seg opp ute på Slettå kjem! – Du må passa deg, me ska fara øve deg. Valstrand Hjellvik Fotballklubb! Elles e kampane ein fredagskveld på Furubakkjen alltid av da kjekka slaget.
Blårussane – Borte:
Laurdag klokka 13:00. Lite gunstig tidspunkt for alle som ska rydda rasje i garasjen, men ikkje for dei som ska i Åsane og handla i påsane. Ta fruen med på shopping og stikk bortom Åstveit og kos deg i to tima. Ja, du kan sakta dra med deg fruen òg! Ein sokalla vinn-vinn situasjon. Og vinn-vinn-vinn med da so skjer på banå….
Vangsgutane 2 – heima:
Søndagskamp mot ein godt overkommelig motstandar. Det bør ikkje væra behov for å proppa i seg verken valium eller smurfedrops før denne kampen. Ein kan til og med våga seg ut på litt rakkadeis dagen i førevegen.
Laksevåg – borte:
Ein knokkelkamp som også går på eit lite gunstig tidspunkt. Kanskje ein lyt spørja fruen om ho nåken sinne har vore på Laksevåg senter? Daniels rullekebab på vei ut og heimatt e obligatorisk. Da går fint å vitja dei Fotballpuben før kamp, men dar blir ikkje so felande mykje tid. Elles har dei Lyngbø eit flott anlegg.
Austrheim/Lindås – borte:
Laurdag kl. 15:00 klinga litt bedre og beliggenheten appelera til ein god gammaldags busstur. Som vanlig når da e strilakamp pleia da væra forbrødring og kjekt både på bana og tribuna. Me trur detta kan bli ein kjekk ettermiddag og at ferjå venta på oss.
Djerv – heima:
Laurdag kl. 15:00 på Furubakkjen med skumring og lett haustsus øve Valstrandsmarkje. Stillongs og varm kakao i kruset. Klara ein same stemningen som på Møhlenpris? Neppe, men verd forsøket.
Rosendal – borte:
Sist gong var det overnattingstur, bading, champis, jenka, nachspiel og forbrødring på den lokale vinkjellaren. Kan ein oppleva noka i same duren denne gongen, sjølv om det er seint på året? Stemning for busstur? Kan det væra denne helga det heile blir avgjort? Det kan fort bli folksomt i Rosendal.
Loddikane – heima:
Seriefinale?
|
|
 |



|