
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: The Kanel
|
Publiseringsdato: 05.04.2010 10:52
|
|
Berre ei veke før seriestarten vart ei av stjernene på VHFK observert på after-ski i Bergsdalen. Syndaren sjølv, Kalle Fiskå, insisterer på at dette var del av eit seriøst høgdetreningsopplegg.
|
Bergsdalen er dei siste åra blitt ein stad sterkt prega av masseturisme, after-ski og et livlig natteliv. Og allereie rundt klokka 16.00 laurdag vart Fiskå observert blant pils, jägermeister feit mat og vakre damer.
|
|
Briska seg på after-ski
|
Han virka svært brydd då ein av badnafakte sine fotografar fekk knipsa eit bilete tå han, og nærmast skreik etter fotografen at dette var ein del av høgdetreninga han heldt på med for tida og at han kun var der for å hjelpe te med å lage nokre benkar i snøen.
Dette skjer altså kun ei drøy veke etter at trenar Jo Solberg innrømma ovanfor badnafakte at han hadde mista kontrollen over laget. Badnafakte har i dag prøvd å koma i kontakt med suksess trenaren men har ikkje lukkast med dette. Det ryktast at han er i Thailand på ferie, men etter det badnafakte har fått høyre via onkeln til broren til ein som kjenner ein som er gift med ei frå Thailand skal dette ikkje stemme. Det kan difor godt hende at Joen er blitt kidnappa eller at han rett og slett har fått sparken som VHFK trenar. Dersom han har fått sparken kan det være at klubben vil halde det hemmelig til ein ny trenar er på plass. Badnafakte kjem til å luske rundt banehuset i tida framover, og kjem med nyhende i saka so fort me finn ut noko.
Måndag kveld er det kamp mot Vestsiden/Askøy. Dette er siste treningskamp før seriestarten neste sundag. Då får ein kanskje anledning til å sjå om after-ski og andre ablegøyer har hatt negativ eller positiv innvirkning på spelarane.
Ein del tå supportarane var jo også ute og hadde det moro på ski i påska skal ein tru nyhende.
Om dette har gått ut over formen deira vil ein kanskje også få svar på dersom ein møter opp på Furubakken til årets siste treningskamp.
Det er iallfall venta fleire nye svarte og kvite biler til måndagens kamp.
Måndag 5 april kl. 18.00. MØT OPP!
|
|
 |



|