
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Travelt før overgangsvindauga stenger.
|
|
Toppkategori
Sport
|
Forfatter: Capo Pezzio
|
Publiseringsdato: 26.02.2003 13:47
|
Det er hektisk telefon-virksomhet frå kontoret på Angelskår dei siste dagane før fristen går ut.
|
|
|
Mange aktuelle spelarar for VHFK
|
Etter at overgangen til Mario Jardel gjekk i vasken i siste sekund jobbar no trenar Ove Håland med fleire alternativ. -Det var synd med Mario. Han har lenge ynskt seg til VHFK og overgangen var omtrent klar. Det var visse prinsipielle årsaker som gjorde at det skar seg til slutt. -Mario ville busetta seg på Ronnhovvda og da va i og for seg grett. Men han forlangde å få gratis klippekort på ferjo og dar e reglane klare. Spelarane ska betala full pris på ferjo og da ska gå av egen lomma. Me kan ikkje ha spelara med so spesielle nykker seier Håland.
Håland er i ein ganske spesiell posisjon. For det fyrste har han ein månad mindre på seg til å handle spelarar, andre norske klubbar har heilt til enden av mars på å handle. Supportarane i klubben har sagt at 28 februar er absolutt siste frist. Dei treng tie på å øva inn nye songa og på å organisera kakelotteri. For ulik andre klubbar i dagens fotball slit ikkje VHFK med økonomien. -Supportarane organiserer fleire kakelotteri og gjev overskotet til klubben og då er det vår plikt å høyra etter når dei ein sjelden gong skulle forlanga noko.
Det skal imidlertid vere fleire navn på blokka til Håland, men han vil ikkje ut med navn. Badnafakte.net har fått nyss i rykter som seier at Jay-Jay Okocha er observert på ferjo og skal ha sett seg inn i ein ventande BMW på kaien.
-Dette vil eg ikkje kommmentere serier Håland. Det einaste eg kan sei er at me frå supportarane har fått ein kvote på tre spelarar frå sø om fjorden i tillegg so kan da gjevaste dispansasjon til sokalla "publikumsfavorittar"
|
|
 |



|