
|
|
|
( 10.07.2010 )
|
|
|
|
( 28.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 13.06.2010 )
|
|
|
|
( 07.06.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 13.04.2010 )
|
|
|
|
( 05.04.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Sport
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 24.01.2010 12:16
|
|
Me fortset med eit skråblikk på haustsesongen og kva ein forventar av utfall i desse kampane. Etter å ha summert opp ser det ut til å bli mykje likt som på våren, dog med eit par overraskingar.
|
|
|
Tøyseguta i medias søkelys
|
12. Sandviken- VHFK onsdag 11. august 20:15 Stemmemyren
Nei å nei å nei…. Kem so e so hjelpalaus at dei set opp kamp ein onsdags kveld kl.20:15? På same dag so Iron Maiden gutane kjem te bydn? Steve Harris ville òg sjå kampen og no må han spela konsert i stanfør. Karane som er på konsert får tikkande inn SMS med dårlige resultat frå kampen på Stemmemyren og mål imot. Dette er sjølvsagt berre bløff og nye 3 poeng går lett som fot i hose! No er det berre siste innspurt igjen….
13. VHFK- Fusa Fotball Søndag 15. august 16:00
Poengfangsten heldt fram men eit skår i gleda e at 2 raude kort på våre spelara legg ein liten dempar på feiringa. Ein anonym og beskjeden Haugesundar, med vekslande motoriske ferdigheta, sender henholdsvis ein motspelar på legevakten og ein utover sidelinja i løpet av 5 minutt til vill jubel frå sidelinja. Ein Åsanestril med upåklagelig hårsveis protestera høglytt på begge avgjørelsa og må etter kvart slå følgje med Haugesundaren i dusjen. Det går heldigvis bra med stakkarane frå Fusa utanom reint sportsleg. Elles mykje trafikkaos og kampen blir utsatt 15 minutt med tanke på publikum sin sikkerhet. Bullaspelet må ta del av skulda i dette.
14. Ny-Krohnborg -VHFK Fredag 20. august 20:00 Krohnsminde
|
|
Frå Krohnsminde i fjor
|
Fredag kl. 20:00 gir god til til å få leska seg litt på Fotikken for dei som ønskjer det. Ærverdige Krohnsminde drapert i flagg oppetter tribuna som i fjor men ein del meir høglydt stemning, til tross for at ikkje sigeren blir like stor som i dei føregåande kampane mot dette laget. Vår gamle kjenning i Megafon tar turen og helser på, men skulle ønska at VHFK hadde tapt akkurat denne kampen mot sitt lag.
15. VHFK- Radøy Manger Fredag 27. august 19:00
Offameg! Nei, no syns me mesta synd på dei stakkarane nordte, som igjen kjem på besøk og går på ein stjernesmell. Ny rekordsiger for heimelaget med eit par overraskingar på scoringslista. Bygdalappen går bananas i sin omtale av kampen samt at tilskodarmassen på Furubakken stadig blir større. Etter kampen er det fleire som kommenterer at dei ikkje såg Keiko i pølsekøen, verken før, etter eller under kampen.
16. NHH- VHFK Lørdag 4. Sept 13:00 Åstveit
Ein grei gjennomkøyring på Åstveit mot eit lag som stort sett befant seg med alle spelara bak ballen og på eigen banehalvdel. Eit par mål i protokollen. Ein del publikumara på laurdagshopping for å fylla i påsane, stakk også innom i tillegg til den vante gjengen. Våte flagg!
17. VHFK- Voss 2 Søndag 12. Sept 16:00
|
|
Veni vidi Valestrand
|
Litt slapp stemning på tribuna i dag, men det kom seg med finspelet i andre og med dei påfølgande måle. Arroganse å spora? Får ikkje tru at ein har glømt jenka og sauasonga…. Keiko observert med 2 dobble håttoks og dei fleste fell til ro med det.
18. Laksevåg- VHFK Lørdag 18. Sept 13:00 Lyngbø
Igjen ein laurdagskamp med tidleg avspark. Ein del gneldring frå enkelte motstandarspelara i denne kampen, spesielt på dommar. Utfallet hadde nok blitt det same uansett korleis ein ser på det, men også bortelaget hadde ein litt slapp dag.
19. Austrheim/Lindås- VHFK Lørdag 25. Sept 15:00 Austrheim stadion
Mange frå Valestrand heng seg med på bussturen til denne kampen då seriemeisterskapet blir sikra. Stor jubel og mykje god allsang på bussturen heim igjen etter at gutane som forventa leverte varene. Joen, til tross for ein bad-hair-day, lika vakker og muskuløs som vanlig, i perlehumør. No er ein spent kven som vankar i kretsmeisterskapet?
20. VHFK- Djerv Lørdag 2. Okt 15:00
Djerv som kjemper om den andre opprykksplassen får ingen drahjelp i denne kampen som seriemeisterane styrer frå start til mål. Mange frammøtte hyllar heltane og det er det som får mest merksemd i media etter kampen.
21. Årstad- VHFK Lørdag 9. Okt 15:00 Fjellsdalen
Eit ufortjent straffe i siste speleminutt gjer at ein unngår uavgjort, men ingen som overvar kampen i fjor har noko dårleg følelse i forhold til det. Fleire flagg enn i fjor fører til at motstandars trenar er heilt på gråten i og med at det er hans heimebane. Me som trudde at Årstad ikkje hadde heimebane? (blir vel bråk no)
22 VHFK Loddefjord Lørdag 16 Okt 13:00
For ein dag, for ein kamp, for ein fest! Ord blir overflødige då ein smikkfull Furubakkje tek imot heltane til trampeklapp. Keiko grin og hadde Joen våre eit vanleg menneskje, trur me han og hadde tatt til gledestårer. Bunkersn går bananas og jenkaen føre til både utmatting og gangsperr. Ein del trefikkaos i forhold til at bussane til NRK og TV2 for litt lakt åt når dei sku parkera, utan at det legg noko dempar på arrangementet. Frette fortel at til og med tunghørte på sjukeheimen på Hauå høyre jubelbrus og song. Alle saua blir forsvarlig bura inne i florane denne kvelden.
|
|
Kosa seg?
|
Kretsfinalane seinare blir rein plankekøyring , pokalen kjem endeleg på hylla der han høyrer heime og fotballfesten litt seinare på hausten blir dønn kjedelig….. NOT!
(Med forbebold om enkelte småfeil i teksten)
|
|
 |



|