
|
|
|
( 08.03.2010 )
|
|
|
|
( 08.03.2010 )
|
|
|
|
( 04.03.2010 )
|
|
|
|
( 04.03.2010 )
|
|
|
|
( 27.02.2010 )
|
|
|
|
( 23.02.2010 )
|
|
|
|
( 23.02.2010 )
|
|
|
|
( 23.02.2010 )
|
|
|
|
( 21.02.2010 )
|
|
|
|
( 06.02.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Sport
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 23.01.2010 13:26
|
|
Badnafakte.net har kika litt på terminlista og har førebels store vanskeligheta for å sjå at det skal bli poengtap i årets sesong. Men skal ein tru Arne Scheie er ballen rund og alt kan skje. Det er ikkje sikkert eit opprykksvedtak på seminaret blir nok.
|
|
|
Flagget vaia ette ny scoring
|
1. VHFK- Sandviken Søndag 11 april 16:00
Seriestart og 3 poeng rett i banken. Sandviken skal etter sigande ha spelt i divisjon over oss men dei kjem antakelig ikkje til å forstå kva som hendte før dei set på Bullaferjo på veg heim. Skal me tru vhfk.no blir dette ein toppkamp. ”Toppkamp me arse!” sei me og fundarar på kor stor sigaren blir i vårsola på Vakre.
2. Fusa Fotball- VHFK Fredag 16 april 19:00 Eikelandsosen gras
Første bortekamp og her er eg usikker på banetilhøva samt tribune…. Då er det meir sikkert at det blir kallassiger og full pott tilbake til Vakre. På dette tidspunkt reknar ein med at tabelltoppen er inntatt for godt.
3. VHFK- Ny-Krohnborg Fredag 23 april 19:00
|
|
Supplera litt med an underholdning
|
På papiret ein tøff kamp, men det var det også i fjor….. tradisjon tru rullar minst 6 ballar inn i målet til ein stakkars målvakt sø i frå bydn. Spenninga er over før 2 omgang tar til og enkelte ruslar ned på Helgabødn for å sjå på alle dei nydelige nystrigla sauane som har begynt å våga seg ut i vårsola.
4. Radøy Manger- VHFK Fredag 7 mai 19:00 Sletta
Kan det bli ny scoringsrekord for gutane frå Valestand? I alle tilfelle ein borterekord? Dei som tek turen ut på Slettå får i alle fall mykje å kosa seg med! Kanskje har dei også sauaslepp her ute? Villsau i da minsta?
5. VHFK- NHH Lørdag 15 mai 15:00
|
|
Får Joen lov te å kobma nerom feriste søttne?
|
Her kjem blårussen på besøk og får seg ein nasestyvar. Endå dei ska væra so svære å føra rekneskap trengs da visst kuleramma i bortemålet. Takk for sist! Det er snakk om at Joen endeleg er velkommen i 17.mai prosesjonen på Valestrand samt få overværa tale framføre Bullahuset. Dette kan ein på noverande tidspunkt ikkje verken bekrefta eller avkrefta.
6. Voss 2- VHFK Mandag 24 mai 18:00 Prestegardsmoen
Her kjem første poengtap….. Yeah right! Endelig får me ein revansje for alle forsmedelige poengtap frå tidligare sesonga. Denne gongen so da høyres øve heile Vossevangen! Forbanna at denne kampen sku ga ein måndag då me hadde håpa på ein heildags på Vossevangen. PS! 2.pinsedag.
7. VHFK- Laksevåg Lørdag 29 mai 15:00
No går VHFK på ein solid smell og sigeren blir minimal! Kva har skjedd?
8. VHFK- Austrheim/Lindås Lørdag 5 juni 15:00
Ingen verdens ting! Svaret kjem allereie i neste kamp, også denne heime. Joens menn går bananas i ein kamp som skal bli uhyre arbeidskrevjande å få redigert for VTV-redaksjonen grunna alle mål og sjansa, samt alt finspelet og brillieringen på midtbana.
9. Djerv- VHFK Fredag 11 juni 19:00 Møhlenpris
|
|
Her kjem me igjen
|
Mange vurderer å ta ein Gro/ski –dag for å tilbringa den på Fotballpuben og lada opp til kampen på Møllaren. Dei som tek turen der og/eller på kampen, får gleda seg over meir sambafotball når endeleg VHFK får utteljing på ei bana dei ikkje har hatt hellet med seg tidlegare. Luka i toppen berre veks. I tillegg til 3 poeng varmar synet av Fotikken drapert i svarte og kvite flagg og to lett synlege bilar utanfor. Nye mediaoppslag!
10. VHFK- Årstad Fredag 18 juni 19:00
I fjor var det jamt…. Det blir det ikkje i år! Men 3 poeng er tross alt det viktigaste i sumarsola på Vakre! Ein fin start på helga og midt i Osterøyfestivalen.
11. Loddefjord- VHFK Lørdag 26 juni 15:00 Alvøen gras
Veldig mange har tatt turen til Alvøen denne fine laurdagen for å sjå VHFK gutane gjera unna vårsesongen utan eit enaste poengtap. Kanskje ikkje overraskande, men dette ska faktisk bli ein gysar av ein fotballkamp! Til slutt blir det nok dei mange tilreisande supportera som skal bli tunga på vektskåla då bortelaget pressar ut det siste av krefter og får utteljing mot slutten. BT har sendt ut journalist og fotograf for å dekke galskapen på sidelinja.
|
|
Frå baren på Fotikken
|
|
|
 |



|