
|
|
|
( 10.07.2010 )
|
|
|
|
( 28.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 13.06.2010 )
|
|
|
|
( 07.06.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 13.04.2010 )
|
|
|
|
( 05.04.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 14.09.2009 06:53
|
|
Som so mange andre plassar i fylket blir da klingemynt i kista når Valestrand Hjellvik spelar bortekamp. Spesielt fekk dei merka det i Rosendal då kommuneøkonomien i Kvinherad etter sigande gjorde eit byks rundt siste besøk frå VHFK sine tilhengara.
|
|
|
Rosendal
|
Ikkje berre blei hytter og hus i Rosendal og omegn fylte med tradisjonelle fotballfans. Mange drog til og med heile familien med seg, noko som til sist skulle bli ei påkjenning for spesielt ferjetrafikken og trafikkavviklinga denne helga. Søndagen blei særs ille då forsinkelsar, overfylte ferjer, lange bilkøar og bilar som måtte stå att på kaien fortalte litt om kva eit arrangement med Valestrand Hjellvik i hovudrolla fører med seg. Men til sjuande og sist blir det til ein fordel både for lokalsamfunnet og i dette høve ferjeselskapet Tide.
Heldigvis byrja utfarten allereie tidleg fredag, og i god tid før kampstart laurdagen, slik at trafikkavviklinga gjekk bra i tida før kampstart. Noko parkeringsproblem vart det men dei fleste hadde føresett problema og dermed tatt beina fatt på kampdagen.
No har me vore inne på overnattingsgjestar og sprengt sengekapasitet, men etter sigande klarte også mange av dei tilreisande frå Valestrand å innlosjera seg både i firmahytter, slekt og familie, i nabobygder og på gardane kreom, i tillegg til det vanlege tilbodet. Til tross for det er det ikkje tvil i at Hotellnæringa har hatt gode dagar.
Elles har servicenæringa merka det store trykket der til dømes bensinstasjonar, taxi og daglegvarebutikkar fekk ein markant auke i omsetnaden desse dagane.
Ein av pubane i bygda, vinbaren Gjesten, kunne melda om eit eventyrlig besøk. Allereie tidleg på kvelden var lokalet fylt opp med farafolk og meir skulle det bli utover kvelden. Til slutt skulle det visa seg at dei selde meir sjampanje denne kvelden enn heile det føregåande året. Spesielt beit dei seg merke i at dei lokale spelarane også fekk spandert på seg både edle dråpar og meir tradisjonell åvdrykk. Kanskje ikkje så rart rullegardina til sist gjekk ner for trenaren. Uansett, det er ikkje tvil i at ein omsetnad som denne kvelden bar med seg, blir å leva på i lang tid frametter.
Det einaste skåret i begeret er at det for augneblinken ser ut til at Rosendal ikkje blir å finna i same divisjon som Valestrand Hjellvik på lang lang stund.
I tillegg ser det ut som om dei er i ferd med å havna i same båt som Osterøy IL. Det i seg sjølve høyres langt frå ille ut, men talas tale er klar. Inneverande helg, då Osterøy IL spela bortekamp mot Rosendal, gjekk alle hotell, serviceinstitusjonar og næringar i minus i høve til normalen. Grunnane til dette kan ein alltids spekulera i men mykje tyder på at mange hadde rømt både bygda og omlandet samstundes som vanlege turistar uteblei.
I desse valtider har fleire parti i lokalpolitikken i Kvinhered fremma forslag om treningskamp mot Valestrand Hjellvik allereie til neste år.
|
|
 |



|