
|
|
|
( 10.07.2010 )
|
|
|
|
( 28.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 13.06.2010 )
|
|
|
|
( 07.06.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 13.04.2010 )
|
|
|
|
( 05.04.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 01.09.2009 13:13
|
|
Fra loft til kjeller det smeller, for i dag er det poeten fra Heldaln det gjelder….. Da va vel ikkje te å unngå for han heller. I dag fylle McArno the Kanel 30 år. Ein bauta i badnafakte-miljøet vaksnast? Neppe!
|
|
|
I dag blir da feiring med pølsa og brus (foto: Megafon)
|
Ein kan vel ikkje oppnå større æra i livet enn å få stå som hovudtalar på balkongen te Bullahuset på sjølvaste 17.mai. McArno the Kanel klarte den bragde allereie før fylte 30 år. Og då til unison applaus, rosande omtale og mykje lått. Sjølv om vegen fram dit har vore strabasiøs og kravd både blod, svette og tårer, har det aldri vore tvil om at dette talentet ein dag ville slå ut i full blomst.
Sia han e so flink å skriva og antakeleg har meir kunnskap om seg sjølv enn underteikna, burde han kanskje fått skrive dette sjølv. Men dette skal han sjølvsagt få sleppe sidan han både har fult opp med å bake kake og elles ville skrive so mykje toskje omkring Stoke City sine prestasjonar den siste tid.
Mine første seriøse ord blei veksla med denne karn under eit festleg lag på Røskeland. Sjølv var ein vel ikkje heilt tørr bak øyrene og det draup av hans. Han burde vel strengt tatt ikkje vore der, men hadde eit godt og stødig handlag med platespelaren og allereie då ei KISS-samling det stod respekt av. Han kunne elles væra behjelpeleg med å henta forfriskingar frå kjøleskapet. Som takk for hjelpa fekk han fritt gå rundt med videokamera og ta opp materiale som knapt nok hang fast på tape. Det legendariske Lyyyyyyyyyyyyyyyyds-klippet sei vel sitt, men noko burde sikkert også vore makulert.
|
|
Heia oss - U med dei andre! (foto: Megafon - Thomas Anthun Nielsen)
|
På midten av 90-talet var han ein av eldskjelene bak den spede oppstart av The Black & White army, den gongen Dricis Sebrastripede Sambaløver sin mest dedikerte fanklubb. Han var også den gong sterkt involvert i fanzina som han etter kvart meir eller mindre gjorde til sin eigen. Songane som vart utbasunert frå den gongen steinrøysa var tribuneplass, var ikkje ein gong av det tvilsame slaget. Dei hadde vel passa betre i festspela sø i bydn til eit klekkeleg honorar. Men det skulle uansett visa seg å vera eit godt såkorn for det som seinare skulle koma…..
Etter eit par års dvale, men med spede tilløp frå supportersida, var det ein gong at det sat nokre karar oppe med furua inst på banå og leska seg i vårsola medan dei såg ein treningskamp med karane som skulle prøva seg i 4.divisjon for fyrste gong. På trenar og spelarsida hadde det gått heilt skeis og Keiko trappa inn som naudløysing. Han drog frem nokre ess i frå ermet og stilte eit fult brukande lag til kamp. Det enda 10-0 og karane oppe på berget helt på å ramla ned.
|
|
Kjendis på Noreg Ikring (foto: NRK)
|
Då braut the Kanel ut or seg dei kjende orda –Ka med å starta ein supporterklubb?
Resten er som kjent historie……
Ein kan nevna i fleng Bydn Tidende, Pravda (Bydnavise), Bygdalappen, TV2, Norsk Rikskringkasting, Megafon og diverse lokalavise kreom.
McArno skal ha ein stor del av æra for statusen Valestrand Hjellvik Supporterklubb etter kvart har fått rundt i Noregs land.
Eit anna lag som etter kvart sku få bæra store frukter var eit hageparty i Myre som etter kvart utvikla seg til eit lokalt Woodstock. Det som blei ein spontan KISS konsert med heimesnikra gitarar, sprengte høgtalarar, blålys og lite slått, blei i staden starten på ei bølga av 4 legendariske tilstellingar i huset samt fleire byturar det går gjeteord om heilt ut i Loddefjord.
|
|
Pål Steinsli
|
Her var McArno ein sjølvskriven primus motor og ein Pål Påsagodt Steinsli med ein innlevelse av dei sjeldne. At det går an å snubla rundt på 2 uhøvla 2-4 i so mange samanhengar utan å gjera ska på seg er ein prestasjon i seg sjølve. Ikkje for å snakka om fleire tura i det offentlege rom iført damestrømpebuksa, bar overkropp, eit halvkilo sminke i fjeset og ein heil lepestift rundt truten.
Men kanskje det som er mest imponerande er all dokumentasjonen han har tatt vare på i forbindelse med alt dette. Fleire fulle scrapbooks, handlelister, utstyr, utklipp, gjenstandar, kuriosa eller innkalling til politiavhøyr og liknande. Ein bør helst setja av ein heil laurdagskveld for å gå igjøno noko av det….
Ein bør ikkje bli overraska om ein skulle møta på to småguta ein dag iført Stoke City drakt og KISS-sminke, for å sei det slik. Etter kva ein har fått med seg so går ”oppdraginga” der inne i Heldaln som ein leik.
Som kjent er McArno ein flittig samlar og tek til dømes vare på enkelte SMS som han har fått publisert i diverse fora. På denne dag vil eg difor oppmoda alle til å senda han ein SMS eller 3, med litt sprut i, so kanskje me får sjå dei att i ein meir uhøgtidelig samanheng seinare. Han set til dømes pris på å bli minna på teksta frå gamle slagera ala OL-floken, so han umiddelbart får på hjernen.
|
|
-At da va?
|
Til slutt ein saftig gratulasjon til bursdagsbadne og ein stor takk for alt han bidrar med i og omkring Valestrand Hjellvik FK og Supporterklubb!
(Me kunne skreve litt om kor ein stram, triveleg og kjekk kar han er, men sidan me er mannfolk so sløyfer me det)
Hepp hepp, Peis, oi! Etc…. + mange smilefjes av ulik positiv karakter
|
|
 |



|