Badnafakte.net



Heimatt

Arkiv

Siste Nytt

Reisebrev

Kunngjeringar

Sport

Butikken


Hausten 2010
( 10.07.2010 )
HÃ¥lands Vuvuzela-vri!
( 28.06.2010 )
Dagens glade
( 17.06.2010 )
Badnafakte i Tigerstaden
( 17.06.2010 )
Sø hjå dei bydn
( 13.06.2010 )
Detta va kjekt!
( 07.06.2010 )
Ã…rets bortetur
( 27.05.2010 )
Maidagane 2010
( 27.05.2010 )
Joen på treningsleir med Osterøy I.L.
( 13.04.2010 )
Påskecrawl 10 år
( 05.04.2010 )


Avduking av kunstvek på ferjo

Sesongkort 2010

Litlasleggjå

Klart for Ã…rsfest!!

Referat seminar 2009

Medlemskap 2008

Billettsalget startar 5. mai

Hue og Dugna

Medlemskap 2007

Venners venner fest

Dugnad

VHFKSK 2006

Tufte I.L. blir blåbær

Ã…rsfest !!!

Beirut Limmo kr. 0,-

Tour de Alag

Journalistspira i magen?

Ut på tur igjen?

Busstur mot Odda!

Konsert - Engla i snø

Tradisjon tru....

Musikkgjetteleik '04

Lada - R.I.P!

Fest og Sesongavsluttning

Kronerulling Tribune

- Vandalar og 5. kolinistar på ferde?

Hua funne!!

Diverse

Foreslå ny link

0

BUSSTUR!


Toppkategori Siste Nytt


Det ser ut til å væra duka for ein knallstart på serien med busstur og det heile samt ein fin fin siger mot Trott på Stord. Vel, ein skal vel ikkje ta sigeren på forskot, men med Joen bak rattet går det nok rette vegen.


Foto: www.bussbergen.no
For dei som let seg vippa av pinnen i går med forvirrande aprilspøkar no rett før seriestart so vil ein først og fremst slå fast at serieopninga går fredag 17.april kl. 19:00 på Stord Men på noverande tidspunkt kan me ikkje slå fast kor stor sigeren blir. Joen på si sia skal aller helst vinna med 5 mål for å væra nøgd, men i serieopninga modererer han seg kanskje til 3?

Uansett, det blir busstur til denne kampen og bussen skal etter sigande allereie væra tinga. Det blir berre ein buss med berre 53 seter så det gjeld å være tidleg ute med å melda seg på! Går alt etter planen blir heller ikkje prisen for påmelding avskrekkande. Grove estimat ligg faktisk under det ein lyt ut med på kystbussen mellom Nestun og Leirvik og det er kun med 85% belegg. No reknar ein med at det blir so pass rift om plassane at ein kostnad rundt ei heilmugga bør væra ein god peikepinne for dei som måtte lura.


VÃ¥r samarbeidspartner
Men det er sjølvsagt bra for alle partar om ein gir beskjed so tidleg som rå er! Send ein SMS eller slå på tråden til tursjefen, Oven ( mob. 932 41 511) og få tidlelt eit sete du med. Oppfordrar i tillegg alle å bruka SMS telegrafen som tipsar vener og kjente, evt. ein svoger som stand-in.

Premissane for ein flott tur i tillegg til sjølve kampen bør absolut væra til stades! Ein reknar med avreise rundt halv 4 – 4 tida frå Vakre og ferje frå Halhjem 17:00. Vil tru det bør væra mulig å nå for dei fleste utan å skofta for mykje av jobb eller skule. Elles reknar ein med å være heime i god tid før kranane stenger hjå restaurantane, uteplassane og pubane på Valestrand. Det kan kanskje væra godt og få seg nokre styrkande dråpar før ein tek fatt på heimvegen. Detaljar om dette vil ein uansett få i god tid før avreise!

Elles har det kome ei melding frå klubben som seier at alle må belita seg. Det vil i første omgang sei at alle skal væra venna inkl. Joen og The Kanel, som som etter sigande har vore litt furtne på kvarandre i da sista. Det skal, etter det badnafakte.net kjenner til, ikkje væra fare for at verken Monsn eller K.O. Helle skal ta over A-laget med det første.

Til slutt ei påminning!

Rasj

-Det er ikkje lov å brenna hageavfall utan og varsla Brannvesnet først.
-Det er forbode med all bålbrenning etter 15.april*
(Med andre ord bør rasjet tas hånd om i god tid før seriestart)

*Modalen har eigne reglar som er avhengige av snøforholda.




Glemt passord?

Registrer ny bruker
Rocking all over the world
( 30.10.2005 18:00 )

Sjå fleire bilete

Resultater

Avstemninger


Powered by eZ publish