
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Sisste: Nokia ser til Sokne
|
|
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Capo Pezzio
|
Publiseringsdato: 18.02.2003 14:01
|
|
Ein skuleelev frå Fotlandsvåg skal ha fått tilbod om ein ledande stilling hjå den finske mobilgiganten Nokia. Snart kan heile verda få telefonar med dei sagnsomsuste kjennemerka
|
|
|
Siste nye - sota skjerm
|
Nokia går no nye vegar for å ta att forspranget Ericsson har fått i kampen om mobiltelefon-kundane. Nokia har dei seinaste åra brukt mykje ressursar på utvikla nye telefonar med nytt design. Men skal ein tru siste omrokeringar i selskapet so går den nye strategien meir i retning å laga tilbehør til dei eksisterande telefonane. Ein skuleelev frå Fotlandsvåg, Osterøy, er i følge sikre kilder tilbydd stillinga som produktutviklingssjef. Guten som vil vera anonym har i lengre tid utvikla tilbehør til sin Nokia 5110 på hobbybasis. -Me veit da e litt gambling når ein gjev jobben til ein kar med so lita røynsle, men det er andre tider no enn før og det er ofte ungdomen som sit med ressursane innen nytenking og det er denne kompetansen me no vel å satsa på, seier informasjonssekretær i Nokia Joha Kurpunen
Guten vart "oppdaga" ved ein rein tilfeldighet. Ein representant frå Nokia hadde vore på seminar på Fjordslottet og kome i kontakt med ein gjeng ungdomar som sto å røykte i bussskuret i sentrum av Fotlandsvåg. Det var då denne guten hadde drege fram sin godt brukte 5110. -Eg kjende fyrst ikkje igjen telefonen sa representantet frå Nokia. Fyrst trudde eg det var noko nytt frå Siemens, men so viste da seg at da var ein Nokia som denne guten hadde "styla". Han hadde sota skjermen, tastane var forma som terningar og det lukta flott granskog tå heile telefonen. Han kunne òg fortelja at han ein gong hadde montert lettmetall-deksel og dobble antenne-forsterkara på ein 3210.
Kurpunen i Nokia er kjempefornøgd. -Desse gutane kan hverken skriva eller lesa, men du verden for ein fantasi. No er det vår jobb å gjera om denne fantasien til reine pengar
|
|
 |



|