
|
|
|
( 08.03.2010 )
|
|
|
|
( 08.03.2010 )
|
|
|
|
( 04.03.2010 )
|
|
|
|
( 04.03.2010 )
|
|
|
|
( 27.02.2010 )
|
|
|
|
( 23.02.2010 )
|
|
|
|
( 23.02.2010 )
|
|
|
|
( 23.02.2010 )
|
|
|
|
( 21.02.2010 )
|
|
|
|
( 06.02.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 26.03.2009 16:44
|
|
So kjem da årlige maset etter pengar igjen. Da sikraste vårteiknet av dei alle. Fornying av medlemskap eller innmelding i den vidgjetne supporterklubben til Valestrand Hjellvik FK.
|
|
|
Heia oss! U med dei andre!
|
Ja, alt kosta. Men utgifte for supporterklubben strekke seg stort sett til nye flagg og gevinstar på årsfesten. Faktisk har store dela av utgiftene til flagg og tifo i tillegg vorte sponsa av privatpersonar og investorar. I fjor blei det ikkje gjort større investeringar inn under flagg og remedium på tribuna, men det rykte seg at det er eit nostalgisk flagg på ved i posten i desse tider. Flagget vart banka gjennom på seminaret supporterklubben hadde tidlegare i år so får me håpa dei ikkje rota vekk 3 andre under strabasane seinare på kvelden. Elles kom det ein del uforutsette utgifter i forbindelse med årets seminar der Supporterklubben gjekk inn og dekka 16,6%, noko som var i tråd med vedtak året i førevegen. Under årets seminar kom det også fram forslag og seinare vedtak om ein symbolsk sum i form av gåve til Valestrand Helselag. Med tanke på helsa til nokre av deltakarane i løpet av natta og spesielt neste dag kan dette visa seg å væra ein av dei betre vedtaka.
Det blir i alle fall spanande og sjå Rosendal kledd i svarte og kvite flagg ein laurdag på seinsumaren mens songane gjalla mellom husveggane i den vakre bygda. Du kan bidra med å gjera dette endå eit hakk betre både her og elles rundt om i fylket.
Elles er det vanleg med flott premieutdeling i forbindelse med årsfest og då er supporterklubben alltid ute med sine faste prisar. I fjor vann OIL trenaren knepent framføre Joen og fekk ein diger vandrepokal for sine enorme prestasjonar med å rykka opp med eit so lakt fotballag. (Joen fekk eit nøkkelknippe) I år er det derimot knytte større forventningar til utfallet. Mange meinar at prestasjonen med å komma frå Lonå og hevda seg som trenar på Valestrand, bør væra nok til å vinna pokalen tilbake. Men dette vil tida visa. Joen har som kjent 2 napp etter perioden som Osterøy trenar der han blant anna klarte eit utruleg uavgjort resultat mot VHFK.
Supporterklubben har satt som mål å komma ut med 2 fanziner denne sesongen (OIL-kampane) Dei som har betalt medlemskap, evt. familiemedlemskap, vil få desse fanzinene gratis.
Men no er klubbkassen tom, so ka e da du venta på? Melda seg inn eller fornya medlemsskapet og da litt brennkvikt! (Siste del var helst retta mot sleke som KnivaKnutn som ofte er litt trege)
Kroner 100,- til kontonr. 97105303983
Kan vera lurt å merka med namn på alle du melder inn. (Også katta, honna, marsvin og andre svin) Og viss du har funne deg ein kar eller ei taus oppom feriste, so kan du lika godt melda han/ho inn, på same måte som med husdyra. (Utan samanlikning forøvrig)
Me vil til slutt melda at medan Statens Pensjonsfond Utland (Oljefondet) tapte hundrevis av milliardar på børsen under finanskrisa, auka Supporterklubben sine aktiva med rundt 10% i same periode. Her er det nok av gode eksempel på vetig forvaltning.
|
|
 |



|