
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 21.03.2009 12:04
|
|
Ja, so va dagen komme til ein ny 30-åring. Ein som har gjort badnafakte til ein vitenskap og har blitt eit eksempel til etterfølgje. Ein som knapt nok klara å skjebma seg ut utn å gjera da med stil. Johnny Longhair, i dag er dagen din.
|
|
|
Hva behager?
|
Heilt frå han var ein litn rakkar bortpå Restå, og for rundt i kortboksa i hagen og spelte luftgitar til den store gullmedalje, var det klart at denne karen hadde funne sin eigen stil. Om det skulle væra i klesveien, frisyre eller rørsle til eggande rytmar på dansegolvet var Johnny L alltid eit hestehovud framføre alle andre. Nokre sei at han fekk sin inspirasjon frå ein eldre fetter i umiddelbar nærhet, men dette blir blankt avvist frå det holdet. – Kanskje litt arvelig belasta men han står nok for da mesta sjølv. Eg har berre vore med på å setta enkelte idèa i system, men det er han sjølv som har vore ei utømmelig kjelde til gaukaskap i A-klassen. Ein lysfontene av badnafakte i eit miljø dar da ikkje har mangla på akkurat da…. Johnny Longhair e gull! Høyre du, gull!!!
For å illustrera poenget fortel han ein liten episode frå Sø i Bydn, kor enkelt da kan gjerast. Begge stod dar i dress (Red.anm. Frå Fretex) og såg på nokre som stod og venta på bussen. Med seg hadde dei ein stresskoffert. Med eit blikk og to enkle nikk var dei nærast telepatisk i gong. Han eine gjekk bort og stilte seg opp framføre alle på holdeplassen og satte kofferten på fortauet. So trådde neste mann til, stilte seg inntil, tok kofferten og begge gjekk kvar til sitt framføre lamslåtte Bergensfruer eller andre som speida etter skjulte kamera.
Nei, det har aldri mangla på idèar og sprell og det er vel det det meste skal handla om i denne helsinga. Men først må ein få legga til at han alltid har eit lurt smil på lur og ein ibuande trang til alltid å gleda sine omgivelsa om so kva det skulle væra. Ei lita skrøne, morosame kommentara, eit påfunn eller om det so like godt skulle gå ut øve han sjølv. Han kan væra den som ryddar når festen er på hell eller so hjelper sine kubba vener i seng før han sjølv tar fatt på heimvegen. – Eg e no so sein likavel at eg kan no ikkje få da so mykje verre i mårå uansett…… Men sku da vanka ein tur til Flatevad, for å kle hekken til Joen med svarte og kvite flagg før sole står opp, veit me kem so e den første å melda seg.
Kor ska ein begynna? Gorilla kostyme på pub? Ein kar kom forbi etter endt aften og ordna skyss til han. Det var etter sigande behov. Vel og bra da, men han nekta å sitja på grunna countrymusikken frå kassettspelaren, framleis iført Gorilladrakta.
|
|
Aka; Space Ace
|
I forbindelse med dei legendariske KISS festane i huse va sjølvsagt Johnny L med som ein av hovedatraksjonane. Han hadde i utgangspunktet vore ein av favorittane til VM i luftgitar so detta var for han plankekøyring å rekna sjølv om han skulle tre inn i rolla som Space Ace. More stilte med symaskina og eit kostyme ut av ein an verden so då gjenstod det berre å farga håret. Han glei inn i rolla som om ho var skapt for han og fulgte på med 2 fleire ”konsertar” i huset, eit politiavhøyr og 3 byturar i full mundur. Ikkje tere løye dei tok feil av tribute-bandet og karane frå Valestrand då dei trådde inn på Garage.
Etter å ha vore ein habil spelar på aldersbestemte nivå i fleire år tok han til slutt steget til da høgaste nivået og blei supporter på fulltid for A-laget til Valestrand Hjellvik. Her skulle han snart få utmerka seg som kanskje den beste supportarn i klubbens historie. Han har dei siste åra gått jamt på heimekampa so vel som bortekampa, alltid dragandes på ein heil bråte med flagg og alltid i den finaste Fretex dressn so e å oppdriva frå skapet. Ein fotballfest blir aldri det same uten Johnny L og sku det mangla på date stiller han like godt opp som date for andre med fine musefletter i dei lange lyse lokkane.
|
|
Brudeparet
|
Apropos date og musefletter….. Ein kan ikkje koma bort frå sumardagen då han saman med son te Slirekniven dressa seg opp i brudekjole og poserte som brurapar på trappo utanfor Hamrekyrkjo. Dei fekk til og med romantiske bilete tekne under solnedgangen på Hjellvik. Dei populære bileta fekk fort bein å gå på og hamna fort i rame på veggar og kommodar kreom. Noko som sjølvsagt førte til mange herlege missforståingar og nye gode historier.
Og når ein først er inne på tema…. Kven andre er truande til å la seg dressa opp i knestrømper, kjole, musefletter, bli sminka av profesjonell sminkør for so å gå ut på byn….På Fotballpuben!
Han har blitt samanlikna med Andy Kaufman i The man no the Moon. Ein imponerande overtydande måte og fortelja lystløgner på og kan dra eit steinansikt uten sidestykke su det væra nødvendig. Men etter kvart har ein begynt å bli vant med dette og til og med når han i fult alvor fortalte at ein mobiltelefon som var funne sikkert var son til Slirekniven sin, sidan han hadde mista sin, var det ingen som trudde det sjølv om enkelte nesten var på gli. Då sprakk steinansiktet og han måtte leande innrømma at ikkje ein gong ein so opplagt historie gjekk heim lenger.
Som ein har nemnt tidlegare vært nesten alt til gull i når det kjem frå den kanten. Til og med prompe, esse, fise, tisse & bæsje –humor samt eit eventyrlig humoristisk forhold til busemenn blir spisbart for omgivingane. Ein særs god utvikla sans for hardcore humor har også sitt utspring frå denne karn ofte i kompaniskap med Romperæve frå rett øve haugen. Denne duoen har klart å formidla dette vidare i kameratflokken på ein måte som har utrulig nok har gjort også dette bortimot stuereint, dog uinnvidde ville nok fått bakoversveis i den rette settinga.
Nokre flotta snuttar på youtube har han også etterlatt seg. Legendarisk er det når ein hagefest med TV og direkteoverføring frå fotball VM med Brasil i hovudrolla endar med tap og lamslåtte gjestar blir vitne til at ei slegge blir planta midt i TV-skjermen med eit digert small. Det kan kanskje være lurt å gøyme bort redskapen når Liverpool skal ut i viktige kampar?
Ein kunne sikkert haldt fram i det uendelege, men sjølv om han no fyller 30 år har me ein god nyheit på lur. Nyare forsking har slått fast at kreativitet og evna til å sjå samanhengar berre aukar med alderen. Med andre ord kan det væra at me framleis ikkje har opplevd det beste?
Me vil med dette ønskja ein framifrå flott dag og lykke til vidare! Ein betre fargeklatt (I ordets mest positive betydning) og likandes person skal ein leita lenge etter og det er ein fryd å væra ein del av ein kameratflokk der ein slik gledesspreiar inngår. Eit eksempel til etterfølgje….
Hepp hepp!
|
|
Utenlandpresso lar heller ikkje slekt gå frå seg
|
|
|
 |



|