
|
|
|
( 21.11.2008 )
|
|
|
|
( 11.11.2008 )
|
|
|
|
( 31.10.2008 )
|
|
|
|
( 28.10.2008 )
|
|
|
|
( 26.10.2008 )
|
|
|
|
( 23.10.2008 )
|
|
|
|
( 23.08.2008 )
|
|
|
|
( 23.08.2008 )
|
|
|
|
( 28.05.2008 )
|
|
|
|
( 17.04.2008 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: The Kanel
|
Publiseringsdato: 17.04.2008 03:58
|
|
No e da kome i butikkane. Brødet over alle brød. Brødet so får tenna til å springa Holavatnet rundt. Brødet alle har venta på. Mostrømbrødet!
|
|
|
Med brød i tankane
|
Da e sjølvsagt Mr. Pitt som er hjernen bak vidunderbrødet. Heilt sia han som 1-åring lærte å baka hjå mor si har han gått og fundert på den ultimate brødoppskrifta. Han har prøva, han har feila. Men no er det her. Endeleg!
Og les ein i lista over ingrediensane Mr. Pitt har fått plass til i brødet, så skjønar ein fort at dette ikkje er noko han har funne på kjøkkenet hennar mor. Det er nesten ikkje til å tru at han har fått plass til så mykje i eit einaste brød. Ein finn sammalt rug, sammalt kveite, havregryn, rugkli, hvetegluten, rapsolje, gjær, matfett, salt, kostfiber, favoritten vår alfa amylase, maltpulver og mykje, mykje meir.
|
|
Ganske so tjukt men veldig longt
|
Ifølge våre kontaktar i butikkmiljøet har det vore stor etterspurnad etter Mostrømbrødet på butikkane kreom og enkelte kan melda om tilløp til slossing i brødkøen fordi det ikkje har vore nok Mostrømbrød til alle. Og det forstår seg. Underteikna har ved fleire anledningar smakt brødet, og det er eit fantastisk godt brød som passar til alle typar pålegg. Spesielt majones og fårepølse. Men her er det viktig å huske på å ha majonesen under fårepølsa for å få fram den rette smaken.
No skal det visst og vera på tale om eit KISS brød. Hjelle Tøsse Bakeri skal etter det badnafakte.net kjenner til væra i dialog med Kiss-sjef Gene Simmons om utsjånaden på det nye brødet. Det er her snakk om eit svart og kvitt brød. Skikkelig kvit loff i eine enden og barskt svart brød i andre enden, og med smak av rock & roll. Det er berre til å venta i spenning. I mellomtida anbefaler eg Mostrømbrødet. Det er verdt kvar krone. 750 gr. rein nytelse.
|
|
 |



|