
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 03.11.2007 08:56
|
|
Nok ein heiderskar rundar dei 30 og vil etter alt å døma tre inn i dei vaksnes rekkjer. Men det har som med dei fleste andre har dette tatt si tid og det har vanka eit og anna minuspoeng på vegen. Men no er han etter alt å døma godt i pluss.
|
|
|
Bursdagsbadne med pomfritt på ein cafè
|
Capo Pezzio aka Patn vart født i ei tid då Liverpool vant seriemeisterskap og europacupar kvart bidige år. Til tross for dette vart Tottenham Hotspur hans lag sjølv om dei var godt på veg ned ein divisjon. Kva den eigentlege grunnen er kan ein fundera på? Ville han kjempa mot dei feige juksemakarane Arsenal frå nabolaget i Nord-London, nådde ikkje frelsa frå Restå heilt fram oppe i Åsn eller hadde han berre ein ibuande trong til å følgja eit anna spor enn absolutt alle andre?
Men ein ting ville han i alle fall samla seg om; VIF’en og seinare VHFK! At han var og er ein ekte Valestrandspatriot skal ingen kunna ta frå han sjølv om han til sist hamna i Modaln. I si storhetstid var han kjent som keepern med dei lange lokkane som fekk tøysejente til å stilla seg i flokka bak målet under VHFK sine kampar. Men før dette hadde han også ei karriere som høgreback på gutelaget. I ein turbulent sesong då enkelte spelarar forsvann over til erkerivalen oppom ferista viste Patn sin sanne patriotisme. Laget hadde ein ujamn sesong, men tapa for Osterøy, det gjorde dei ikkje. Under haustkampen på Furubakkjen stod det 2-0 til heimelaget før Nauticen 10 minutt før slutt sette eit straffespark i vinkelen. Då vart Patn so letta og overbevist på siger at han tok heilt av. Men å delta på feiringa med dei andre spelarane, det gjorde han ikkje. I staden vart han ståande igjen på backplassen sin og helt ein tale til spelarar, lagleiarar, publikum samt alle som var i høveleg nærleik av bana, som det går gjeteord om endå. Aldri før og aldri sidan har ein fått høyra ein 15 åring så velartikulert og med eit slekt ordforråd, spre så mykje edder og galle rundt seg, på så kort tid. Til slutt måtte også ein rysta dommar ta affære. Dei oppom ifrå for som ofte før heimat med halen mellom beina, men denne gongen like rysta over leksa dei hadde fått opplest på kjøpet. På Valstrand sat folk att med ein sterk oppleving og minst to dråpa i brokje.
Seinare kom vidaregåande, militæret og studietid. Rundt desse tiena hadde han klart å ordna seg arbeid mellom øktene. Men som andre hadde ikkje han sitt virke i Kårvikje, men i Kårviken. So stolt va han øve da nye arbeidsantrekket, raud rutete flanellskjorta og blå arbeidsbrok, at han gjekk rett frå jobb og direkte på fest i antrekket.
Laffe: - Da eg huska godt e på mange festa/narchspiel før i tie når Pat'n hadde med seg ein eller to "piggtrådmusikk" cd'a på innerlommå og han lurte på kor mange sekunda den fekk stå på før nåken kom og slo den av. Huska i gamlahuset ein gong eg og han sat ved sida av anlegget. Då var da ny rekord med 43 sekunda....
Ein kjent episode frå då han studerte sø i bydn var etter ein eksamen, der han møtte ein tørst sambygding i elleve - tolv tie om formiddagen, og fant ut at da var på sin plass med ei kald ein på Fotballpuben. Litt nere i glaset ringte faren til han. Han hørte so mykje sjau i bakgrunnen og lurte på kor han var. "Eg set på ein kafe i bydn..." kom det kjapt og roleg frå Patn.... Legendarisk !
Som dei fleste andre oppegåande folk frå øyne er også han ferjeentusiast og har dermed eit eige handalag med å vinka skip til land. Dette kom godt med ein gong han skulle heim att frå militæret og reiste med hurtigruta. Under eit stopp på vegen sørover hoppa Patn i land for å ha seg litt tøstadrikka på ein cafè og kom for seint tilbake til skipet. Han var ikkje verre på det enn at han stod og hoppa og vinka på kaien til hurtigruta snudde, berre for å ta han med.
Han var kjent som ein av travarane på Gamlabroggjo og vart til slutt ein av dei som blei beæra med fast plass, heilt innåt naustet. Dette gjekk sjølvsagt ikkje upåakta han hjå enkelte sidan han var flytta i Modaln. Men det var ingen som tok plassen hans, sjølv om dei visste at han ikkje var i nærleiken. Han var ikkje blant dei mest lydhøre på Gamlabryggjo, men når han først sa nåke, gjeldt det å halda kjeft og høyra etter, sidan det som oftast var eit nytt gullkorn på veg. Men ein gong fant han ut at det var best å tei still. Då hadde han åleine hamna i ein overlasta HiAce full av Fotlendingar. – Eg måtte bita i meg kommentara heile veien, sidan dei neppe hadde kapasitet te å svara att og at eg då nok hadde fått sett knyttnevane tala. Ein diskutera ikkje med nokon som har kjørt Moxy utn servo sia dei var 12.
|
|
Flott dressa opp sjølv om gradestokken visa +20 C denne dagen
|
Som ein av gryndarane og veteran på påskecrawl er det nok av minner som strøymer på. Påsken har tradisjonelt vore ei litt fuktig affære i bygde og då more eit år såg at Patn hadde funne fram ski, anorakk, sekk og ablesine, for å stå tidleg opp neste dag og skipa seg av garde på skitur, var ho snar og hjelpa til. Ho stod tidleg opp og kokte skikkele heimalaga kakao på termos som han fekk med seg på turen. Det er ikkje å nekta for at dei andre karane var godt misunnelege då det var tid for nista på Bryggjo sø i bydn.
Men da har aller vore tvil i at han fort kan leggja badnafaktna på hylla og snu på femøringen om da trengs. Som datakyndig hjelpe han kem da sku væra både med CapsLock-problem og andre enklare ting som dataprogram for Noregs største importør og leverandør av Harley Davidson dela. Ikkje løye han vart headhunta til Modaln for å ta del i ei av Noregs mest ekspanderande databedrifter. Etter at han vart innlosjert i ei luksuriøs og praktisk innreia campingvogn utanfor kontoret, vaks bedrifta fleire hundre prosent i året. Neppe tilfeldig spør du oss.
|
|
Frå denne stolen styre han meir en me våga tenka på
|
Elles hadde han heller ingen problem med å ta på seg endå større oppgåver på fritida. Før han visste ordet av det måtte han eigenhendig køyra bleieunga til barnehagen og det var ikkje alltid bleia haldt tett. Ein travel morgon gjekk det riktig ille ute i bilen då ting begynte å tyta ut over alt og han måtte improvisera so godt han kunne under heller kummerlige forhold. Vil tru han løyste meir svette under denne seansen enn då han var i Eksingadalen for å hogga tømmer til ny garasje. Men elddåpen kom sikkert godt med sidan det var meir i vente…..h
No er campingvogna bytta ut med nytt hus, den spenstige sportsbilen (Cherry Datsun*) er bytta ut med ein meir praktisk doning og ein sjølvbygd garasje er på plass med alt mulig nyttig verktøy som er å få kjøpt på coopen på Mo eller Mekk i Knarvik. Det er ikkje til å leggja skjul på at han har gjort seg fortent til å kapra ei lokal jenta frå Øvre Helland utan å få pryl av lokale heltar. Og om to smårollingar spring rundt i Spurs drakt i hagen er vel beliggenheten ideell i forhold til at barnevernet skal finne ut av det.
Til slutt vil me, på vegna tå heile Valestrand og eit ørlite mindretal frå resten tå øyne, få senda dei beste ønskje for dagen og gratulera med dei endeleg fylte 30. Men me veit so inderle godt at dar e meir tørt krutt og badnafakte på lager……
*Laffe om då dei kjørte den fantastiske Cherry'en øve til Oslo, og brukte 10 tima (!?!) heim igjen fordi den kokte kvert kvarter; - Før me bega oss ut på turen, var han kjepphøg og sa at den bilen var da ingen problem med og at da var den me MÅTTE bruka. Han var ikkje høg i hatten då bilen kubba et par kilometer før Nesbyen, midt i ingenmannsland. Me trilla ut til siå og satt oss i grøftekanten og lurte på kor i helsike detta skulle gå. Mirakuløst starta den igjen ette ti min og me kom oss til nærmaste bensinstasjon for å fylla vatn. Me vart til slutt kjent med samtlige bensinstasjona på riksvei 7. For å sei da sånn; så brukte med ti ganga meir vatn på veien heim igjen enn me brukte bensin....
|
|
 |



|