
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 09.08.2007 18:39
|
|
Ai ai ai ai! No har Morten Benzin vore på farten igjen og sikra nok eit storband til Valestrand. Finn fram sletne og opprivne 5-0-1, Ball-gensar, seilersko, tennis-sokkar og la håret gro i nakken. Return på Skagestuen 7. september 2007!
|
|
|
Kassettomslag (foto: www.return.no)
|
Her kjem det garantert til å bli rift om billettane så det gjeld å vera tidleg ute. Billettar vil bli lagt ut for sal på pub og restauranten Skagestuen om kort tid. Men sjølv om svartebørs-sal no er forbudt, og sjølv om billettar blir selde i avgrensa antal, har allereie folk byrja å rigga seg til med soveposar utanfor lokala. Ikkje før sprakk nyheita i dag før dei første 3 var på plass og sa pippilikken i tur og orden.
|
|
Gutane for et par år sia (foto: return.no)
|
Det vil i alle høve bli andre bollar å få oppleva det populære bandet ”live” i forhold til på kassettspelar på gutarommet med frøken Fox på veggen eller på jenterommet med Glen Madeiros i flott positur. For ikkje å snakka om i halvmørke lokale som Snoopien på Solbjørg eller på Fritidsklubben Valingen. Sjølv om enkelte har såre minner, etter mange nei når dei har bydd opp te dans til tonane av ’Sing me a song’, så er det ikkje tvil i at dei likevel må ha seg ein tur på Skagestuen denne kvelden. Kanskje det blir ja denne gongen, 20 år for seint? Nofår ein i det minste lov til å ty til noko å mota seg opp på.
Om det blir så mange høve til å dansa slow denne kvelden er no heller usikkert. Til det er nok allsong-faktoren for høg. Kjente slagers som ’Bye bye, Johnny’ nevnte ’Sing me a song’ vil slita både på stemmeband og lightera. Her vil nok taket i puben letta seg meir enn ein gong. Og for dei som ikkje har sikra seg samleplata til Return allereie så er det på høg tid. Den er eit must på eit skikkeleg nachspiel, nesten på linja med KISS eller ’Live and Dangerous’ med Thin Lizzy.
|
|
Return i dag (foto: TV2)
|
Merk av på kalenderen datoen fredag 7.september! Og husk, vær ute i god tid til konserten! Dei står neppe utover natta og spelar oppatt songar for etternølarar som berre ’hadde da so kjekt på vorspielet’. Det var folk som betalte seg inn på kaien i sumar og rakk akkurat siste låten av TNT.
|
|
 |



|