
|
|
|
( 10.07.2010 )
|
|
|
|
( 28.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 13.06.2010 )
|
|
|
|
( 07.06.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 13.04.2010 )
|
|
|
|
( 05.04.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Sport
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 02.08.2007 20:18
|
|
Det var til tider litt tynt i rekkene til den berømte supporterklubben til VHFK mot slutten av vårsesongen. Men no fortel bygdafrette om ein ny generasjon youngsters som er i ferd med å bli opplært til meir gaukaskap.
|
|
|
Blir da meir folksomt på Bunkersn framøve?
|
Badnafakte.net var innom den nye puben Skadestuen for å lodda stemninga tidlegare i sumar. Der trefte me blant anna på ein tydeleg opplagt KnivaKnut som nyleg har vorte fagarbeidar etter bestått fagprøve. Han kunne fortelja at det stod betre til med rekrutteringa enn rykte vil ha det til. Ein ny stamme med kreative sjeler har begynt å spira fram i miljøet kring Gamlabryggjo og han forventar at folk vil både sjå og høyra konkrete resultat om ikkje alt for lang tid. Dei har mykje å leva opp til og det blir som å hoppa etter Virkola når ein tenkjer på kva føringar Badnafakte gjengen, Burkeland drykk og spaserlag, Bullaåsn og andre har lagt.
|
|
Før i tie gjekk alle i dress
|
KnivaKnutn fortel at mange no føler at tida er inne til å ta steget opp på Bunkersn i lag med dei store gutane. Han føler seg og trygg på, uavhengig av kva Laffe og dei andre vil meina, at han er kompatibel nok til å væra blant dei som vil fungera som mentor for den yngre garde. – Eg har var ferdig med læretie mi allerede i fjor vår då eg var veteran på påskecrawl. No e da pikatre på tie at eg får væra litt Capo i gaukaskap. Mottoet; Ska ein føst skjebma seg ut ska ein gjera da med stil, er godt innarbeid lova han. Ein får litt meir aksept for ein tur til bydn på rakkadeis, viss ein kler seg i dress frå Fretex, med vest og snitt ifrå tidleg 70-tal. Det er noko av tipsa han blant anna vil prenta inn i bror sin, Lommekniven, og kameratane hans.
|
|
Berømte Valestrand Hjellvik Supporterklubb på tur (foto: BT)
|
Men det store spørsmålet er fortsatt, vil det bli meir liv på Bunkersn utover haustsesongen? Og vil dei nye rekruttane innfri? Har dei nok ballast med Mads Bergs songbok og kan dei synga ’Lesa og skriva og rekna e bra’ i kanon? – Dei kan da neppe so godt som oss, kjem det kjapt frå Laffe på telefon frå bydn. Men da gjer ingen verdens ting, er han kjapp å skyta inn. Ette nåken kampa og litt sjauing på bunkersn, so lære ein fort. Før ein veit ordet av da so e da dei so lære oss opp i nye songa. Og mens me må kjøra i stasjonsvogn heim for å skifta skittbleie, heldt dei Valstrandsbygde vakjen te långt natt med sådl og gaukaskap.
For Valstrand, kjæmpers fødeland!
Ã…h du som metter liten fugl
Og fager kveldsol smila
Lesa, skriva og rekna litt
Me lika alle syngja
So hold no kjeft og høyr vår sang
For me e super Valestrand
Berømt i heile Norges land
For me e Valstrand Hjellvik
So hold no kjeft og høyr vår sang
For me e super Valestrand
Berømt i heile Norges land
For me e Valstrand Hjellvik
|
|
 |



|