
|
|
|
( 10.07.2010 )
|
|
|
|
( 28.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 13.06.2010 )
|
|
|
|
( 07.06.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 13.04.2010 )
|
|
|
|
( 05.04.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Sport
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 30.05.2007 10:58
|
|
Det blir aldri lagt fram offisielt og aller snakka høgt om. Dei fleste veit godt om det og mange har sagt frå kva dei meinar. Kommunen vender konsekvent ryggen til VHFK
|
|
|
Gaukaskap (foto:osteroy.kommune.no)
|
At maskineriet går tregt oppe på kommunehuset er ikkje noko nytt. Byråkrati i kommunal og statleg forvaltning har det vore gjennom heile historia og fleire tusenår tilbake i tid. Inkompetansen, som har vore vist dei siste åra hjå kommuneadministrasjonen versus Valestrand Hjellvik Fotballklubb, har mange trudd skyldas uheldige omstende som for eksempel bemanningsproblem og mykje arbeid. Men at det skjer gjentekne gongar har etter kvart fått mange til å reagera. Stadig prøver nokon å gi beskjed utan at det skjer nemneverdige forandringar.
Eit godt eksempel er den nye nettsida til Osterøy kommune. Osterøy Kommune Den kom på plass for nokre år sidan og har mykje god informasjon tenester i kommunen samt peikara til nyttige sider i kommunen. Under kategorien kultur og idrett kunne ein finna eigen peikar for idretten på Osterøy. Der kom ein då sjølvsagt rett inn på Osterøy I.L sine heimesider. Linken passar bra inn den, sidan OIL famnar om dei fleste idrettar på Osterøy, men har dei gløymt at det fins andre idrottslag i kommunen?
Dette felt mange, spesielt den store tilhengarskaren til Valestrand Hjellvik, tungt for brystet. E-post meldingar hagla inn til nettsida til kommunen og det tok ikkje lang tid før det vanka eit svar. Det kom endåtil i gjesteboka her på badnafakte.net. Sida var under opparbeiding og link mot til eksempel VHFK ville bli lagt inn etter kort tid. Dette er no år sidan og framleis har ingen ting hendt. Glorifiseringa av OIL held fram medan VHFK må vandra i skuggandes dal og framleis finna seg i å bli forskjellsbehandla. At VHFK på frivillig basis syter for idrettsglede for hundrevis av barn er lite verd oppe på ”huset”. For å få bruka litt av George Orwell sine kjente ord; Alle barn er like mykje verd, men nokre er meir verd enn andre.
Eit viktig skritt på vegen kan væra å i det minste innrømma at VHFK eksisterer.
|
|
 |



|