Found at: http://www.badnafakte.net/article/articleview/283/1/5/

Dårle oppmøte


Toppkategori Sport

Det var eit heller dårleg oppmøte av syngande supportere til bortekampen mot NBK. Men på bana kjende i alle fall Tom Sivertsen si besøkstid medan dommaren hallusinerte.


Ja, da va litt lakt på tribuna denne gongen (foto:Prump)
Ein av nykomarane, Keiko, hadde vore i Modalen heile helga og hadde dermed ikkje nerva til å stilla på kampen i Knarvikje. Det byrjar å bli visse grenser for kva ein gamal kropp maktar. Og i Modaln stod da vel lika gale te. Sø i bydn hadde Bådde heilt gløymt at det var langhelg si der i garden hadde dei gått tomme for bleier utpå dagen. Dermed måtte han køyra rundt frå mobilstasjon til mobilstasjon på jakt etter nokon som selde bleie. Johnny O har vorte vaksn og var sta til Haugesund for å gjera sine hoser grøne. Ein an var opptatt med å gjera ferdig eit gassbehandlingsanlegg på Nordmøre og måtte jobba ræve av seg heile helga, mens det knapt nok hadde tid til verken mat eller søvn. Ein liten gjeng hadde no i alle fall tatt turen til Knarvikje, men varmen må nok ta litt av skylda for at støtta frå tribuna var litt laber denne gongen

Mange av supporterane hadde gledd seg til varme håttoks, den myteomspunne lunka raude safta dei har i Knarvikje og ikkje minst dei halvsteikte vaflane som likevel er ein gastronomisk oppleving. Frette vil ha det til at oppskrifta er innelåst ein stad i klubbhuset til NBK. Vel har dei god saft og vel har dei goa vafla. Men håttoks som heima på Valestrand, da har dei ikkje. Tilbakemeldingane i går var at safta var lunka, brusen var varm, glasscola mangelvara og at vaflane var oppatvarma og blaute. Har dei i det heile tatt noko å fara med ute i Knarvik lenger?

Snakkar ein med litt eldre folk i Vikje, so kan dei fortelja at mykje har forandra seg til det verre etter at ferja forsvann. – Da e ingen so veks opp i dag so veit korleis ein skikkele original håttoks ska smaka, sei ein av dei. Medan me preika litt med dei skein det gjennom at heile Knarvik, Isdalstø og Flatøyne hadde vorte ein mykje kaldare stad å bu. – Da va heilt nåke ant då me hadde ferjå, stutra ein fram mens han tørka bort ei tåra og skylda på pollenallergi. – Mest synd e da på ungane som veks te i dag, og som mesta aller får køyra med ferja, legg han til før stemma brest.


Det nye stongflagget fekk lufta seg i det fine været (foto:Prump)
Når det gjeld sjølve kampen gjekk det eigentlig som forventa. Gutane frå Valestrand Hjellvik viste korleis ein skal spela skikkele fotball og tok leiinga allereie etter 1 minutt. Den haldt dei ut, sjølv om dommaren gjorde det beste for å holda NBK inne i kampen. VHFK mål vart feilaktig annullert og klare straffespark vart ikkje tilkjent gjestane. Eit godt eksempel var då Henning vart utsett for regelrett overfall innanfor sekstenmeteren medan dommaren meinte motstandar tok ballen. Ballen for over dødlinja og so blas han utspark frå mål!?!? Jarle vart grisetakla til de grader, at enda så sindig og roleg han er, så vart det ein del knuffing etterpå. Frispark til NBK?!?! Heldigvis gjekk det bra til slutt.

Og so Laffe sei; Veni, vidi, vici

Til email:

*

Fra email:

*



| Tips en venn om denne artikkelen |