
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 27.05.2007 12:56
|
|
Etter historisk tablå i Bullahuset 17. mai har mange undra seg over deler av innslaget der det var ein referanse til fotball. Kva hadde vel Ole Bull med fotball å gjera? Mange meinte dette var badnafakte.
|
- Dei ska no pikatre dra dadne fotballn inn øve alt, men når dei besudla Bulla Oln sitt namn med dadne fotballn, då går da for langt. Ein hissig innringar forklarar oss at no er det nok. – Da e då ikkje ant enn fotball! Bulla Oln hadde då aller nåke med fotball å gjera han? Fleire endre har også undra seg over dette stunte og vore i oss for å få klaring i kva dette var for nokre badnafakte. Valestrand og Hjellvik sine fotballklubbar vart tross alt ikkje sleine saman før i 1992 og byrja først då å spela i svarte og kvite drakter. Tablå skulle i følgje introduksjon ga føre seg på midten av 1860 talet. Skulle Oln kunna sjå 130 år fram i tid liksom?
|
|
Gamalt bilde av Nottingham sitt stolte lag
|
No er det vel urå å seia om nokon har heilt rett i denne saka, men ein kan i alle fall legga fram nokre historiske fakta. Bullahuset stod ferdig allereie tidleg på 1860 talet, men balkongen i støypejern, som vart henta frå England, kom først på plass nokre år seinare. Det kom tydeleg fram at fotballaget det vart referert til spelte i svarte og kvite vertikalstripete drakter. Notts County Football Club vart stifta i november 1862 og spelar som alle veit i svarte og kvite vertikalstripete drakter. Notts County hadde med andre ord spelt nokre år då Oln var bortom for å henta balkongen sin. Når ein frå før av veit om Oln si interesse for alt som var nytt, er det ikkje til å undra seg over at han kanskje overvar ein fotballkamp. Kanskje mot Stoke City som vart stifta året etter i 1863? Juventus frå Torino byrja å spele i Notts County sine drakter i 1909, etter å fått låne eit draktsett, så kvifor skulle ikkje Oln også la seg fasinere av dei flotte draktene.
|
|
Va Oln med å spedna ball tru?
|
Det er kanskje på tide at folk tolmar seg litt og forstår at Bulla Oln står like sterkt om ein so skøyar litt og blandar inn Valestrand Hjellvik i historien. Kven veit, kanskje hadde Oln ein draum om eit fotballag i svarte og kvite drakter i bygda. Idrett var han glad i før nokon i resten av Noreg visste kva det var ein gong. Sjølv dreiv han med både riding og tok seg ei symjetur i Valestrandsvatnet før frukost rett som det var. Året rundt. Det var derfor han heldt seg så frisk sa han alltid. Elles tok han til dømes ein yngre Edward Grieg med seg på tur over skaffarhaugen som morgongymnastikk. Det var her Grieg sat og fekk inspirasjonen til ”Morgenstemning” der han sat og såg utover Brakvatnet mens sola steig opp mellom Burkelandsfjellet og Hallanskletten. Oln meinte at Edwardn måtte rista av seg den kontinentale påvirkninga frå tida i Leipzig, og hadde han hjå seg ein periode på Valestrand for å fornorska stilen hans. Edwardn, som likte svært godt å gå i fjellet, fekk nok mykje inspirasjon både frå Erstadfjellet, Hånipa, Burkelandfjellet, Iseggena og dei andre fjella rundt kring Valestrand. Sidan vi frå før veit at Ibsen brukte Oln som rollemodell for Per Gynt, og at musikken kom i frå Grieg, kan ein faktisk tilegna Valestrand og Oln noko av dei viktigaste elementa i heile stykket.
For å koma tilbake til Oln og VHFK kan ein referere litt til 17.mai talen. Mange brukar namnet mykje utan å nødvendigvis ha kunnskap nok om verken historia eller musikken. Det fins kanskje fleire CD’ar av Vatle Bros rundt om i bygda enn Arve Tellefsen sin flotte tolkning av Oln. Begge delar høyrer heime i ei skikkelig musikksamling saman med både Grieg og KISS.
|
|
 |



|