
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 26.05.2007 14:45
|
|
Det har brytt ut krisetilstander innad i Valestrand Hjellvik Supporterklubb etter at anonyme kjelder hevdar at kasserar har fare på rakadeis med klubbkassen under armen.
|
No kunne desse rykta knapt nok komme på eit mindre gunstig tidspunkt. Supporterklubben har nett vore gjennom dei største investeringane nokon sinne på flagg-fronten samstundes som dei går med seriøse planar om nytt bilprosjekt. 2 store flagg inklusivt eit flott stang-flagg er kjøpt inn frå høvesvis England og Italia. Og me har fretta at det er funne eit eksemplar bil som kan egna seg til å få nokre strøk svartmaling. Men korleis står det eigentlig til med økonomien?
|
|
Karane med den gamle bilen (foto: bt.no)
|
Det har etter det badnafakte.net kjenner til aldri vore føretatt eit skikkelig bokettersyn og sjekk av papira til kasserar og økonomisk ansvarleg, Johnny Ola. Fyren har knapt nok gjort eit stykkje ærleg arbeid sidan han i si tid rulla middagspølsa på Gilde og no har enkelte stilt spørsmål kor han får pengar til all gaukaskapen i frå. Sjølv likar han å skryta av at han har vore i Australia for å heia på KISS og alle har vel fått med seg korleis turane han har teke på Fotikken har utvikla seg. Nokon gongar ender det i Oslo og andre gongar i Liverpool. Vanlege folk vil ikkje kunna tenkt tanken ein gong, men ein student? Det er ikkje tære løye spørsmåla dukkar opp. Me veit alle kor han har hatt syltelabbane sine. Djupt nede i statens lånekasse for utdanning og ikkje minst i klubbkassen til ein av Noregs mest populære supporterklubbar. No forlangar mange eit klart svar.
Me har sjølvsagt lagt ned enorme ressursar for å få ein uttaling frå hovudpersonen utan å lukkast. Han nektar plent å gi kommentarar før eksamen er over. Men me veit tilfeldigvis at han berre har ein eksamen igjen og at den kun gjeld kunnskap om fugleartar. Alle med litt omdreiing i toppetasjen forstår at dette er berre sprøyt frå ende til an og eit forsøk på å kjøpa seg tid. Dei som har gått på Valestrand Skule og har hatt Ivarn, kan alle fugleartar på rams ifrå før, og har ikkje behov for å lesa verken det eine eller det andre om fuglar.
|
|
Men organisera gaukaskap, da kan da (foto: Prump)
|
Men me håpar for all del at desse fæle rykta ikkje set ein stoppar for vidare engasjement i og for supporterklubben. Spesielt når ein treng frisk kapital i forbindelse med eventuell ny bil. Ein som ikkje bekymrar seg er The Kanel. – Datta dar e berre toskasnakk! Han har ingen betenkeligheta med Johnny O. som kasserar i klubben. - Han har full kontroll øve både klubbkasse og konto for bilkjøp/vedlikehold. I tillegg har han stått ansvarleg som forsikringstakar på tidlegare bil. – Da e mange gode grunna til å la han halda fram i sin gode gjerning, men eg kan kort nemna 3 grunnar. Punkt 1. Eple fell ikkje langt frå stammen. Punkt 2. Eple fell ikkje langt frå stammen. Punkt 3. Eple fell ikkje langt frå stammen.
|
|
 |



|