
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 25.05.2007 09:26
|
|
Den harde kjerne på Bunkersn har i lengre tid etterlyst rekruttering. Etter kjende youngsters som Knivaknutn, Promepen og Syro tok steget opp med dei store, har det no vorte stille. Men er det noko nytt i emning?
|
|
|
Kor frå har det eine ULTRAS flagget lurt seg inn
|
Mange av veteranane i VHSK har i den seinare tid spurt seg om det ikkje fins vilje eller interesse blant den litt yngre generasjon til å stilla seg på bunkersn og gje lyd frå seg. Ja, hjå den litt eldre generasjon for den del. Frette fortel derimot at det er mange som har lyst å ta det store steget, men at dei ikkje heilt våga. – Toskasnakk, sei Laffe, ein av veteranane på bunkersn og viden kjent for si kvassa tunga. Leppo frå Myre so dei sei. – Da e berre te å kobma og me ska ta vel imot alle som vil sta med oss og heia. Han er den første til å innrømma at det eksisterer ein litt merkelig humor og sjargong i ”gjengen”. – Men dar e ingen so bit og me e ikkje tære farlige. At da fråda litt om kjeften når dommaren skjebme seg ut høyre berre med.
VHSK er elles kjend for mange av sine uortodokse og til dels sære sangar. ”Tørka te da blør”, ”Fara øve dei”, ”Borti bakkjen”, ”Hottoks og mjølna pote”, ”Dei so sei da, e da sjølv” og ikkje minst ”Pølsna te’ne Magnhild”. Dei aller fleste har sin naturlege forklaring. ”Tørka te da blør” er til dømes VHSK sin versjon av ”Grav han ned” som ofte blir brukt på andre arenaer i landet. I det store heile er nok songutvalet ganske snilt. Dommarstanden får til dømes gjennomgå med låtar som ”Søstre te Kjartan” eller andre slektsforhold til Kjartan. Det er vel kanskje litt drygt å berre synge Kjartan?
|
|
Fleire flagg enn folk på bunkersn til tider (foto: sjokade.piczo)
|
Men no ser det ut til at noko har byrja å forandre seg. I staden for at nye rekruttar strøymer til bunkersen har ein ny og råare ”gjeng” teke plass oppe i eine hjørne på hovedtribuna. Førre heimekamp kunne ein høyra knallharde sangar og høglytte kamprop frå den kanten og som fekk det til å stilna på bunkersn. ”Åååååååååååh – Svinekotelett!” ljoma øver bana då motstanderkeeper tok sats på utspark. Den nye og knallharde delegasjon med supportera hadde satt dei etablerte heilt ut av spel. Etter det fekk dommar gjennomgå ved å bli samanlikna med storfe i ei ny nidvise. Og i Valestrand sentrum etter kampslutt ljoma tonane til ”Me e Valstrand” mellom butikkane då horden av nye youngsters bana seg vei heimover. Eit nytt flagg med påskrifta VALESTRAND HJELLVIK ULTRAS har vore å sjå på Furubakken dei siste kampane. Kan det være desse som kallar seg ULTRAS? Dette kan væra starten på noko stort og det er urå å veta kva dette fører med seg når denne gjengen er ferdige med stemmeskifte.
- Me ska no sakta klara å øvedøyva dei ei stund te, seier J-Lo i ein kommentar, men det hadde vore kjekt uansett med litt rekruttering på bunkersen. Berre te å kobma oppom, me har ikkje meir moro enn me lagar sjøl.
|
Kommentarliste
Det finnes ingen kommentarer
|
 |



|