
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 25.04.2007 11:02
|
|
Styre og stell i VHFK har mottatt bøttevis med positive tilbakemeldingar omkring Osterøyfestivalen 2007 der TNT vil bli det store trekkplasteret. No ligg det ei formidabel oppgåve framføre dei.
|
|
|
Valestrandsfossen 23.juni 2007
|
Det er ikkje nok med ein kassagitar og eit trommesett når TNT kjem på besøk. Fleire A4-sider med utstyr og ein stort plot-plan over scena i forhold til rigging var nokon av krava TNT sendte i førevegen. Etter det badnafakte forstår so er dei fleste detaljane omkring dette allereie tatt hand om men det er ikkje tvil i at ein treng ein del muskelkraft og hjelp berre for å få satt scena i stand. Både når det gjeld høgtalarar, musikkutstyr, lyd, lys og anna krimskrams som skal på plass.
I fjor var det festivalpass som gav tilgang til begge pubane og festivalområdet. I år blir det sikkert ei anna løysing men kapasiteten på pubane kan bli sprengd før ein veit ordet av det. Det er ikkje usannsynleg at det vil komma ein god del fleire tilreisande enn det som vanleg er. Mange kjem nok sikkert også med siste ferja laurdag og set seg te ved pubane allereie i 6 tida. Då blir det kanskje også behov for eit øltelt utover kvelden med tilgang på leskande proviant.
|
|
Ronni Le Tekrø i sitt rette element
|
Plassering av scena kan nok sikkert også bli ein utfordring. Av omsyn til både naboar, innsyn og ferjetrafikk hadde det vore lettast å plassere scena oppe på ferjekaien. Men dette er dessverre lite publikumsvennleg. Då er det klart best med scena nede på kaien der publikum får flott utsikt oppover kaien. Reint teknisk bør det la seg gjera med å stenga litt av innsynet med eit segl mellom Snacken og Fossen Senter. Då vil ein få eit flott festivalområde nedover kaien. Veien ved Bakarn må sjølvsagt berre brukast til gjennomgang og gjennomkøyring. Og Gamlabryggjo får innføra VIP pass. Utfordringa ligg i å få trafikken frå og til ferja til å gå på ein forsvarleg måte. Vårt tips: Hald konserten heima i Edvardsdalen!!!
Sidan TNT neppe spelar opp til dans etterpå, med ”perler” som Meet me in Stockholm, jobbar no klubben med å tinga eit oppvarmingsband. Desse vil kanskje også avslutta konserten ved å spela etter at TNT går av scena. Rykte sei av They Felaste er eit av banda som har vore forespurt. Det vil i sei at ein vil få susande sildarock og potepunk med på kjøpet. I tillegg vil det bli flott reklame for They Felaste og ein får eit lokalt preg med Bøgisn på trommer.
|
|
Den nye settingen
|
Logistikken blir nok også ein utfordring siden sikkert mange rockeentusiastar frå hi sio sikkert har tenkt seg på årets utekonsert på Vestlandet. Breistein-bussen som skal med 17:30 ferja denne dagen kjem sikkert til å væra trakkfull med musikkinteresserte og feststemte ungdomar i alle aldrar. Men kva når desse skal heim igjen? Vil ferja kjøra nattruter med bussar frå Breistein? Det er avgrensa kor mange som kan liggja i aviskassen på Valestrandskaien. Arrangementskomiteen bør kanskje få i stand ein avtale med Tide?
Men alt dette her er nok berre flisespikkeri i den store samanhengen. Arrangementet blir nok nøye planlagt og tilrettelagt. Det ein heller bør uroa seg over er kor tid kommunen kjem på teppet og klarar å stella i stand elende. Dei er etter eige utsegn overarbeidde der oppe, men å stella i stand problem for Valestrand og VHFK har dei hatt tid til i alle år.
|
|
 |



|