
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Kaikonsert med Sprengkraft
|
|
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 19.04.2007 14:54
|
|
Då vart det endeleg offisielt. Det blir ein heilt spesiell festival på Valestrand i år når TNT kjem på besøk med eit av verdas beste live-show. Gled eder! Detta blir nåke ant enn Smokie!
|
|
|
TNT til Valestrand 23.juni
|
Den siste tida har Morten Benzin Sundheim og Co. jobba på spreng i kulissane for å få i gong avtale som sikrar Osterøyfestivalen ein internasjonal tungvektar på scena om kvelden. Til slutt kunne han endeleg signera avtalen, med noko meir kjente Morten Diesel Dahl, som sikra ei sankthansafta med til dei grader sprengkraft. Sundheim og Dahl, eller frå no av Benzin og Diesel, har den siste tida hatt flittig korrespondanse for å få i stand ein skikkelig avtale som sikrar eit fantastisk arrangement. Det er berre å komma seg i soveposane framføre billettkontoret.
|
|
Tøft!
|
Dette er heilt spesielt og ein unik sjanse. TNT verdenslanseres med det nye albumet: The New Territory i midten av mai og TNT 25th anniversary Tour 2007 starter på Lillehammer 26. mai. Valestrand blir med andre ord med frå start av når TNT skal feira sitt 25 års jubileum.
TNT vart i si tid rangert som eit av verdas beste band i sin genre i sekelskiftet 80/90. Etter 5 album og fleire verdsturnear tok bandet ein pause i 1992. TNT i nyare tid blei detonert i 2003 ved comebacket til originale trommeslager Diesel Dahl.
|
|
Einaste so kan komma opp mot Bulla-Oln i dyktighet med strenga
|
TNT vart etter sin opptreden i Sweden Rock Festival i 2004 av media omtala som festivalen sitt beste band og studioalbumet My Religion kåra til årets album på den legendariske nettstaden melodicrock.com. Oppfølgjaren All the Way to the Sun blei lansert i november 2005 og hausta nok ein gong særs flotte kritikkar av ei samla europeisk musikkpresse.
Året 2006 opna ved første del av europaturneen som starta med opninga av Hard Rock Cafè i Oslo, gjekk gjennom Sverige og avslutta med innspeling av live DVD i Madrid, Spania. Heile veien har dei hausta fantastiske kritikkar som enda i ny platekontrakt
Det er store forventningar til deira nye album; The new Territory som verdslanseras våren 2007 og den påfølgande turne som startar saman med Ozzy Osbourne på Lerkendal 8.juni.
|
|
- Are you ready, Valestrand?
|
Som live band er TNT nærast uslåeleg med gitarist Ronni Le Tekrö og ein av Europas mest respekterte sangra Tony Mills i spissen. Publikum blir førte gjennom TNT Greatest Hits Live med kjende låtar frå alle album som; Harley Davidson, Seven Seas, 10.000 Lovers, Intuition, Downhill Racer, My Religion, Black Butterfly so vel som nyare favorittar frå dei siste album.
TNT er eit musikalsk sikkerstikk og ein publikumsfavoritt av dimensjonar.
REF: Espen Møller Bakke, Avisen Fremover
So no er det berre til å følgja med på www.vhfk.no frametter slik at ein kan skaffa seg billettar så fort som råd. Dette blir ein av dei store konsertane på Vestlandet i sumar. Det blir meir en skrål frå Gamlabryggjo denne sumarnatta……
|
|
Kan de ikkje ta å spela den dare Meet me in Stockholm? - NOT!!!!
|
|
|
 |



|