
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 08.03.2007 20:26
|
|
I det skjulte har eit par luringar holde på med førebuingar til fest i høve sesongstart 2007. No ser det ut som bitane er i ferd med å falla på plass. Men eit viktig punkt gjenstår.
|
|
|
Festgeneral etter 2 cola light
|
Det var Søå som etter mykje om og men tok ansvar og utropte seg sjølv til festgeneral. Det kom som manna frå himmelen i og med at karen som ville skipa til festen pakka sekken og reiser til Sydn. Ja, me kan like godt avsløra her og no kven det var. Johnny Ola sjølvsagt. Men ingen ting er so gale at det ikkje er godt for noko. No vil det bli store sjansar for at ein får styra litt musikk sjølve.
Og apropos musikk; tek ein ikkje heilt feil so vil Håkon og svogern slenga innom og setja ein ekstra spiss på arrangementet. Dei har overraska so mange gongar før med innøvde spesialnummer som ’Pølsna te’ne Magnhild’, ’Skigardsvise’ og ’Gamlabryggjo’. Snart kan dei vel også ’På solen eg ser’ utanboks.
|
|
Ja til eit fargerikt fellesskap (utenom den eina gula og grøna)
|
Musikk er sjølvsagt eit must på ein god fest. Dei andre viktige ingrediensane får folk ta med seg sjølve, slikt som godt humør. Men for å setja ein ekstra spiss på arrangementet so ønskjer ein at alle stiller i fotballdrakter. Dette vil komma som ein gladnyheit i dag på kvinnedagen då det går opp for mange at dei ikkje treng uroa seg nemneverdig over antrekket. Men me oppfordrar likevel deltakarar til å bruka litt fantasi slik at ikkje alle stiller i like drakter. Alle har til dømes sett ei raud Liverpooldrakt frå 2003. (Viss ho er frå 65’ finalen mot Lyyds er det litt annleis) Det viktigaste er uansett at ein tek det ein har for hand og stiller i drakt. Konseptet har vore prøvd før med stor suksess.
|
|
Party party party...... haaaeem?
|
Ein og annan overrasking vil arrangementskomiteen halda for seg sjølve men ein håpar det vil dukka opp litt av kvart utover kvelden. Sidan det er ein supporterfest for og med suppartara i alle kategoriar har ein valt å he ein todelt påmeldingsavgift. Dei som er innmelde i supporterklubben pr. 14.04.2007 betaler kr. 50,- Dei som ikkje enno har meldt seg inn betaler kr 100,- . Festen skal sjølvsagt gå i 0 men ein lyt ha litt kroner til å betala leige og for diverse remedium. Det har vore diskutert å betala tøysejenter for vasking, men Søå insistera foreløpig på at han ikkje blir fullasjuk.
Då skulle det væra klart?
Laurdag 14. April i båthuset kl. 19:00
Kr. 50,- for medlemmar av VHFK Supporteklubb
Kr. 100,- for dei som ikkje har fenje ut fingen innan overnemnte dato
So no, Jo, no har du fått da so du vil med fest!
Då va da berre ein liten ting du skulle ordna……. Haaaaaaaeeem?
|
|
 |



|