
|
|
|
( 10.07.2010 )
|
|
|
|
( 28.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 13.06.2010 )
|
|
|
|
( 07.06.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 13.04.2010 )
|
|
|
|
( 05.04.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Kunngjeringar
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 11.01.2007 10:09
|
|
Nytt år og nye muligheita som dei sei. No er tida inne for å fornya kontingenten i VHFK Supporterklubb. 2007 teiknar til å bli eit stort år for klubben og fleire planar er allereie på agendaen.
|
|
|
VHFKSK forventa sjølvsagt nye medlema i år (foto: bygdalappen)
|
Ein som med sikkerheit vil melda seg inn som ny medlem er den nye trenaren. Tradisjon tru melder trenaren seg alltid inn i klubben og betaler i tillegg medlemskap for alle ungane sine. Har han husdyr er det heller ikkje uvanleg at han betaler for dei også.
I fjor var det mange som var svert skuffa sidan medlemskorta kom alt for seint. Ein delegasjon kattar i Åsen i kompaniskap med ein hund på Restå protesterte kraftig mot dette og fekk som svar på tiltale ikkje medlemskort i det heile. Etter kva frette fortel har dei ikkje blitt nemneverdig fornerma og vil etter det badnafakte.net forstår melda seg inn igjen også denne sesongen. No har kasserar og IT ansvarleg lova at det skal bli eit betre system på korta i år og at dei som er raskt ute med å betala, kanskje vil få korta i handa allereie til seriestart.
|
|
Beirutn har lagt ut på den lange landeveg.... takk for alt
|
I fjor blei det investert i supporter-bil utan at det gjekk ut over økonomien til supporterklubben. Bilen var gratis (noko som kom vel med) og utgifter til vegavgift, omregistrering, forsikring, bensin m.m. vart betalt av ei handfull eldskjeler og sponsorer. No tuslar ein igjen med tanken om å skaffa seg ein bil men denne gongen med ein kvalitet som strekker seg lenger enn ein sesong og med fleire passasjerplassar. Ekstra sponsormidler vil då koma godt med. Elles har ein lenge diskutert innkjøp av teleskopstang-flagg og enkelte har alt byrja å undersøka litt. På slutten av sesongen går alltid ein fin liten pott til premier av diverse slag på årsfesten. Den føreståande jubelsesongen blir nok neppe noko unntak og her vil det koma godt med å ha nokon premiekroner på bok. Ein veit aldri om ein lyt gå til innkjøp av både ølfat og andre ting alt etter kva fantastykkje spelarane finn på i løpet av sesongen.
Elles håpa ein på at fanzina Black & White Army vil sjå dagens lys igjen. Så her oppfordrar ein alle til å senda bidrag. Både SMS av forskjellig slag samt idear til tema, teikningar eller eigekomponert stoff. Medlemmar får sjølvsagt fanzina gratis.
So ka e da du venta på?. Melda seg inn eller fornya medlemsskapet! Kroner 100,- til kontonr. 97105303983. Kan vera lurt å merka med namn på alle du melder inn. (Også katta, honna, marsvin og andre svin) Og viss du har funne deg ein kar elle ei taus oppom feriste, so kan du lika godt melda han/ho inn òg som med husdyrna. (Utan samanlikning forøvrig)
|
|
 |



|