
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 02.01.2007 17:44
|
|
Tradisjon tru skal gjengen i The Show Must Go On igjen skipa til konsert og dans i regi Valestrand Ungdomslag. Dei spreke ungdomane har satt i samen ei fin blanding av kjente låtar frå 70-talet og fram til i dag.
|
|
|
Konserten har tittelen frå ei bobla
|
Snart vil du sjå plakatane dukka opp både på Snekken og utaføre slaje samt mange andre plassar. Skal ein tru frette so har dei lagt ned meir arbeid, berre i plakaten, enn det vanlige folk utretta i løpet av 18 år i 17.mai komiteen. Då går det nesten ikkje an å tenka seg til kva heile mannskapet har lagt ned i planlegging, øving og styr med diverse. Etter det Badnafakte.net kjenner til, vil scena i huset bli så gjennomført og bra at ein må heilt tilbake til dei legendariske KISS-konsertane for å finna noko tilsvarande. Det blir vel neppe eit 3-dobbelt trommesett plassert på 16 europallar, men mange flotte øveraskingar kan ein venta seg.
Låtutvalet vil me ikkje røpa for mykje om enno, men det blir kjent og kjære hittar med alt frå Springsteen og Blues Brothers til populære norske og svenske artistar. Elles skal det skipast til dans dei dagane konserten går på laurdagar. Då blir det som vanleg open bar med både mannabrus og vin. Det kan koma godt med for dei som vil ha litt i dansefoten eller berre døyva øyrna for kommentarane til Søå på bakerste benk.
Konsert med dans blir laurdag 27. januar og 3. februar i Huset og 17. februar på Skaret.
Konsert blir sundag 28. januar og 4.februar i Huset.
Billett for Konsert med dans kr. 200,-
Konsertane på sundagar kr. 160,- for vaksne og kr. 100,- for born.
|
|
datoar
|
På plakatane vil det stå at billettar er å få kjøpa på Hydro’en. Her må me få presisera at det også er billettsal på Mobiln for dei som ikkje har hørt om Hydro’en. I fjor var så godt som alle konsertar heilt utselde og ein måtte avvisa folk i døra pga brannsikkerheita. Så det kan være ein god idè å væra tidleg ute med å sikra seg billettar.
The Show Must Go On består i år av følgande:
Band:
Frank Windt – Gitar
Tormod Kleiveland – Gitar / Fele
Åge Slettebakken – Bass / Kontrabass
Tor Magne Mostrøm – Trommer / Høvding
Dag Rune Henriksen – Synth / Vokal
Orkester:
Vibecke Kleiven – Trombone
Rannveig Olsen - Sax
Håvard Olsen – Sax
Janne Kleiven – Trompet
Thomas Johnsen – Trompet
Sang:
Stina Vevle, Lina Sandgren Vatle, Rita Njåstad, Jarle Vik, Lars Hatland.
Bak scena har ein:
Jens Brakvatne – Lyd
Pål Slettebakken – Lys
Koreografi:
Siren Kathrin Gjerde
|
|
 |



|