
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 10.12.2006 12:41
|
|
Mange har forundra seg over denne isbilen som køyrer rundt til alle døgns tider. Spesielt småbarnsforeldre har gått heilt i taket når isbilen kjem og vekkjer ungane med norge-rundt-melodien klokka 10 laurdags kvelden.
|
|
|
Ska me endelig bli kvitt detta h***** levenet?
|
Nokon meiner det er straffangar som er tvinga til å køyra rundt og høyre på dette heile dagen og måten dei må takla småbarnsforeldre på er ein del av straffa. Viss dette er tilfellet bør ein heller gå tilbake til tukthusmodellen frå 1800-talet som er ein mykje meir human måte å handsama straffedømte på.
Men badnafakte.net har vore i kontakt med isbil-firmaet og funne ut at det er heilt vanlege, friske oppegåande folk som set bak rattet. Me vil tru at dei kanskje er det når dei startar isbil-kariera, men neppe etter ei stund. I so tilfelle er dei utstyrte med eit uvanleg godt øyrevern eller har ipod på full guffe rett inn i øyrene.
Det utrulege er at det har holde på så lenge. Det er heilt ufatteleg at det er forretningsmessig forsvarleg å halda fram med eit slikt konsept. Dei einaste som spring ut for å ta imot isbilen, seint på kvelden og midt på vinteren, er dei med ein stump gjenstand eller ei jakthagle i nevane. Det varar vel ikkje lenge før heile nabolaget står klart ein kveld med rep og ventar.
Gi oss heller noko me har bruk for og hold opp med den jæklige ”musikken”
No har eit ektepar på Valestrand klekka ut ein forretningsmodell som skulle passa betre i så måte. Dei vil heller satsa på det folket vil ha og i tillegg levera musikk som er som fløyel for øyrene. BKK-Bilen eller nærare bestemt Brennevin KISS og Kebab Bilen skal ha polutsal og junk-food på menyen, samt spela gamle KISS slagarar frå eit mykje betre høgtalaranlegg. Dette vil nok slå mykje betre an, sidan det rett og slett er ting folk har bruk for på ein laurdagskveld. Og om ungane skulle bli vekte blir dei i det minste eksponert for klassiske vakre tonar.
|
|
Mannabrus rett på tunet til tonane av Cold gin med Space Ace
|
Me spurte ein ungkar oppe i Eidefeltet ka han syns og han kunne ikkje forstå at ingen hadde tenkt på dette før. Han gledde seg allereie til å kunna gå ut i vegen og kjøpa ein cheeseburgar med alt på og ei halv ’kosken’. Men han presiserte at han ikkje ville ha sylteagurk på burgarn. Nokon vil kanskje berre ha noko godt attåt kaffien og kjøper seg ein klunk Larsen medan andre kjøper seg litt snacks i form av rullekebab til kvelden.
Noko av det mest geniale med konseptet er at ein også kan sjå kjøpsmønsteret for dagen etterpå. Det er ikkje rein sjeldan at dei som kjøper seg ei heilmugga på laurdagen ofte vil ha ein full burgermeny på søndagen. Eller kanskje ein ekstra hot kebab. Og då treng dei knapt nok reisa seg frå sofaen sidan maten kjem på døra. Volumet over høgtalaranlegget blir også betrakteleg lågare desse dagane.
Dei reknar det som ein formalitet å få dette gjennom i kommunestyret sidan ein då vil leggja pol-debatten død og ikkje minst kanskje klara å skvisa ut isbilen. Så då er det vel berre å venta til ein får Braastad og Bache på trappa. XO.
|
|
 |



|