
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 10.01.2006 14:51
|
|
Enkelte i styret i Vestlandshallen har openbart sove i timen. To kampar der både SK Brann og VHFK skal spelast rett etter kvarandre med berre eit kvarters mellomrom. Dette vil truleg gå på tryggleiken laus.
|
Det rår ikkje tvil om at det ligg dårleg planlegging til grunn når to av landets mest populære klubbar skal spele kampar så tett etter kvarandre. Brann, som nyleg vart kåra til landets 2. mest populære klubb, er vanta å trekkja ein god del tilskodarar til hallen. Spesielt også sidan dei skal spele mot Sogndal. Når desse folka skal ut av hallen, på same tid som tilskodarane og supporterane til landets 4. mest populære klubb er på veg inn, er det ikkje tvil i at dette vil føre med seg eit enormt kaos. Spørsmålet me stiller oss er korleis styre og stell i Vestlandshallen har tenkt å fara åt i denne situasjonen.
|
|
Første supporter trening i hallen 4. Februar
|
Mens Brann – Sogndal skal gå 4. februar kl. 15:00 skal Valestrand Hjellvik ut i kamp mot Tertnes kl. 17:00. Dermed er det kanskje ventande at det kjem ein og annan Åsabu på kampen. Men verre blir det nok når heile delegasjonen frå Valestrand kjem ramlande inn dørane. I fjor var det stas kvar gong VHFK supporterane møtte opp til liknande kampar. I ein kamp vart stemninga so høg på tribuna at ein Nornes gut gløymte kven han spelte for til slutt. Men har nokon tenkt på konsekvensane når desse karane kjem dragande på flagg og syngande på blant anna strofer som; - Que sera, sera. Me gjer no vel f…. i Brann. Me heia på Valestrand. Que sera, sera…… Dei kan bli enorme.
Men me får tru det går bra. Før det me veit har dei vel kanskje tenkt å sperre av eine tribuna og spara den til VHFK supporterane. Frå før veit ein at blant anna Klanen til VIF har fått tildelt ein seksjon på hi sia. Det kan fort bli ei løysing denne gongen også der dei bruker ulike inngangar.
|
|
Ein som har tatt zlatanfinten i hallen før
|
Men som seg hør og bør så har no supporter klubben følt opp sin årlege tradisjon med nye flagg. Eit flett nytt flagg er allereie tinga frå England og vil væra på vei til Valestrand om få dagar. Frette seier at det er snakk om eit omarbeida st. Gerorges cross med svart kross og med påskrifta V H F og K i hjørna. Ikkje ulikt eit tidlegare flagg men med motsatt fargekombinasjon. Storleiken er ca. 3,6x1,6 meter og mykje mindre enn giganten frå i fjor. Men kvaliteten er forventa å væra i bestaste klasse. Kjem nok til å bli godt brukt i sesongen som kjem får me tru.
|
|
 |



|