
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Sport
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 03.09.2005 17:53
|
|
Det kom vel ikkje som noko overrasking akkurat, men no har Valestrand Hjellvik definitivt satt spikaren i kista for Osterøy IL som berre kan førebu seg på 5. divisjons spel til neste år. Kan bygdakampane no vera ein saga blott?
|
|
|
Som vanleg ville jubelscener i VHFK leiren
|
På gamle ærverdige Furubakken Stadion vart Osterøy Idrottslag sine fotballgutar nedsabla av dei tekniske, sterke og mykje raske gutane til øyas fotballstoltheit Valestrand Hjellvik Fotball Klubb. Det var aldri eit sekund tvil i kor sigeren ville gå sjølv om eit lokaloppgjer kan by på mange overraskingar stundom. Men overraskingar vart det få av i dag på den vidgjetne grusen på Valestrandsfossen. Etter at Thierry scora eit nydeleg mål før pause var mykje av spenninga borte. Og sjølv om det til slutt vart berre 1-0 til VHFK var dei aldri truga og hadde full kontroll kampen gjennom. På tribuna runga som vanleg songane frå den kjende og kjære supporter skaren til VHFK. Til tonane av Santa Lucia vart det blant anna sunge ”Reis heim te Soknaland” så det ljoma langt opp på Hallandsflatane. ”Ka e stillingen Sjur Solberg” vart også ein slager etter kvart. Dei mange på tribuna koste seg i finværet med festfotball og håttoks, men flesteparten synest det var vemodig å tenka på at det kan bli ei god stund til neste bygdakamp.
- Da e no gruele tossje at ikkje desse oppom klara å halda seg i alle fall ett år te, om ikkje ant…. Ei bestemor med barnevogn og ungapass synes ikkje berre synd på Gjerstågapane, men kunne godt tenkt seg desse kampane kvart år. – Sjøl om dei ikkje har klart å scora på oss på åravis har me no fortsatt ikkje vunne begge kampane i sesongen. Da hadde no vore kjekt å få slått dei 2 gonga på rad før dei forsvinn nerøve i divisjonssystemet.
|
|
No vil heila Øyne ha Joen tilbake som O.I.L trenar (Foto: Bygdalappen)
|
Ein annan me kom i prat med saknar spesielt Joen på trenarbenken til Osterøy. – Han hadde no ambisjona om ikkje ant, og om da som regel gjekk rett på tryne so klarte dei no å unngå nedrykk i da minsta. For ambisjonar var det nok av under Joen si regjeringstid. Då hadde dei som oftast opprykk i lomma om våren, og sjølv om tapa kom som perler på ei snor utover året, var det alltid optimisme og pågangsmot å spora. I år derimot har trenar Sjur Solberg proklamert nedrykk allereie under slåttonna. Men ein skal ikkje berre svartmala. Bak dei 6 poenga dei har sanka ligg beviset om at dei faktisk har unngått å tapa heile 4 kampar til no denne sesongen. I tillegg var den eine kampen mot nettopp VHFK. Ein sterk prestasjon. Og ein skal heller ikkje stikka under ein stol at det er minst like vanskelig å følje i fotefara til Joen som å hoppe etter Virkola. Ein må hugse på at Joen vant prisen for årets trenar på Osterøy 3 år på rad. Ein flott prestasjon og ein fin prestisjefullt pris som kvar haust blir delt ut av juryen i Valestrand Hjellvik Fotball Klubb Supporter Klubb. VHFKSK.
|
|
Ikkje so enkelt å leika seg med dei store gutane....
|
- Sjetonga! Utbraut brått ein av dei få O.I.L. supporterane som hadde funne vegen neom ferista. – Gje dei nåke mannabrus og grus onna knottane. Da va mykje bere før i tie. Dar finst då ikkje vilje…. Ikkje tere. Han var lettare fortvila der han stod i Felleskjøpet kjeledressen, hytta med nevane og reiv store dotta ut or håret. Han var overbevist om at det hadde vore betre om dei hadde forsett med å spela på grus og at han aldri før har sett så mykje god gjødsel gå til spille som på den nye grasbana på Hatland. – Dei kunne heller spelt på Fotland grusn so kunne heller eg ha fare øve med forhaustarn to gonga i åre. No hyv dei bere grase!
Men elles på bana var det stort sett berre blide fjes å sjå. Det er alltid moro å slå erkerivalen oppom ferista. Og sjølv om det kan ta ei tid til neste gong, håpar nok dei fleste på ein snarleg bygdakamp igjen. For spelarar og supportera ber det rett av garde til klubbkveld på Den Glade Ostring, der sigeren sikkert blir feira til langt ut i dei seine natetimar kjenner me desse karane rett. "Og når dagen atter gryr, kor e brokje...."
|
|
 |



|