Badnafakte.net



Heimatt

Arkiv

Siste Nytt

Reisebrev

Kunngjeringar

Sport

Butikken


Hausten 2010
( 10.07.2010 )
Hålands Vuvuzela-vri!
( 28.06.2010 )
Dagens glade
( 17.06.2010 )
Badnafakte i Tigerstaden
( 17.06.2010 )
Sø hjå dei bydn
( 13.06.2010 )
Detta va kjekt!
( 07.06.2010 )
Årets bortetur
( 27.05.2010 )
Maidagane 2010
( 27.05.2010 )
Joen på treningsleir med Osterøy I.L.
( 13.04.2010 )
Påskecrawl 10 år
( 05.04.2010 )


Avduking av kunstvek på ferjo

Sesongkort 2010

Litlasleggjå

Klart for Årsfest!!

Referat seminar 2009

Medlemskap 2008

Billettsalget startar 5. mai

Hue og Dugna

Medlemskap 2007

Venners venner fest

Dugnad

VHFKSK 2006

Tufte I.L. blir blåbær

Årsfest !!!

Beirut Limmo kr. 0,-

Tour de Alag

Journalistspira i magen?

Ut på tur igjen?

Busstur mot Odda!

Konsert - Engla i snø

Tradisjon tru....

Musikkgjetteleik '04

Lada - R.I.P!

Fest og Sesongavsluttning

Kronerulling Tribune

- Vandalar og 5. kolinistar på ferde?

Hua funne!!

Diverse

Foresl ny link

0

THE QUEST FOR THE HOLY GRAIL


Toppkategori Reisebrev


No hadde karane deltatt i ein milepæl i verdshistoria og fått vore med på eit opptog som vil bli fortalt om til generasjonar framover. Det er omtrent so ein fastbuande sa i opptoget. Grandchildren will own DVD’s of this occasion.


Old Big Ears i all sin prakt
Turen vidare gjekk sjølvsagt ikkje lenger enn tilbake på The White Star i alle fall i første omgang. Der vart det til at dei slo seg ned på bakrommet i lag med fleire andre som også hadde vore og delteke i opptoget. Snart var det ein livleg gjeng som sat samla rundt bordet. Her vart dei sitjande til det nærma seg stengetid og det var på tide å reisa seg. På nabobordet sat det også ein gjeng som lurte på kor turen skulle gå. FT fant ut han skulle ty til litt sjølvironi og utbraut – Bloody foreigners….. Han vart litt paff med det same det viste seg at dei alle var tyskarar men dei tok det heile med godt humør. Snart var 3 nasjonalitetar på veg rundt i Mathew street på jakt etter nye stadar å leska seg samt å få røra litt på dansefoten og kanskje synga ein trall. Det skulle ikkje bli mangel på nokon av delane viste det seg etter kvart.


Carra sitt 'Joey Jones flagg'
Etter å ha besøkt eit par dansebarar, der det blant anna serverte den kvitaste russiske kakaoen ein kan tenkja seg, bar det vidare. Dei fleste for inn på ein større dansebar mens J.O. visstnok var litt styrt så han for vidare til Cavren med ein scouser i tory dress som heilt openlyst stod fram som sosialist!? FT vart verande på baren ei stund og svinga seg til både Beatles og anna 60’ talls musikk. Han vart endå til bydd opp til dans men takka høfleg nei og forklarte at han føretrekker å dansa med tøysejenter. Det fekk han sjans til litt etterpå dog med eit Liverpool skjerf mindre då han gjekk ut derifrå seinare. Men kva betyr vel det i sigersrusen? For han fant ut at det var lika godt å ta turen då den danseglade herremannen også ville spandere drinkar.

Vel ute på trappa var det berre til å stemma i tonane til ”Ring of fire” som gjekk som ein farsott over alt denne helga når folk gjekk ut og inn av forskjellige lokale. – Da da da da dadadada!!! Og kven andre enn J.O. kom spaserande forbi. – Kvellings! – Øy! – Peis! So bar det vidare nedover gata.

Dei hadde ikkje kome lenger enn rundt hjørna før heile gata var full av folk som også var på heimvegen. Alle hadde stimla saman og song for full hals til alt frå ”Fields of Anfield Road” til ”Steve Gerrard, Gerrard” og sjølvsagt ”You’ll never walk alone”. Karane var ikkje seine å be og kasta seg på allsongen utan at eit auga var tørt denne natta. Uansett kor ein gjekk heile vegen tilbake til hotellet kom det folk syngande og vaiande på flagg. Det var til og med ein fornøyelse å stå i kebab-kø! Men til slutt var dei tilbake på hotellet og kraup inn under den same dyna og fekk seg ei lang natt med sårt tiltrengt søvn. Verken snorking eller hårete leggar var noko problem no. Zzzzzzzz…..


Kan ein øyna ei tåra i auakroken?
Neste dag var det igjen å koma seg opp uansett kor rusjen ein var i hals og håve. Få seg ein dusj og setja på lokal TV’en for å få siste nytt mens ein fordøydde inntrykka frå dagen i førevegen. Det varte ikkje lenge før nyheta om at pokalen skulle stillast ut på Anfield same dag rulla over skjermen. Detta passa bra for karane hadde uansett tenkt seg opp for å sjå på ein av verdas flottaste og mest velfylte sølvtøy museum. Etter eit kjapp frukost på Burger King bar det oppover i taxi…… No skulle draumen endelig gå i oppfylling. Litt forfjamsa stod dei brått ved Alberts og kunne spasera inn på både butikk og museet under Kop End. I fin dagen der på stil sluntra dei rundt i lokala og fekk med seg dei mest fantastiske augneblink i fotball historia ein kan tenkja seg. Solbriller måtte etter kvart på sidan sølvtøy og premiar blenka frå alle baugar og kantar. No var dei kome inn i dei heilage lokala der premiane frå både eit og hitt var plassert. Lengst inne stod eit langt premieskap med kopiar av E-cup pokalane på rekkje. – Karane såg på kvarandre og tenkte det same….. Her har dei sanneleg gjort plass til nummer 5! Skulle no for so vidt berre mangla.
Sjå! Dar e han.... Dar e pokaln.... Sjå kor fin han e!
Og før dei visste ordet av det so openbara det seg eit nytt rom…. Og der stod han føre dei. Old Big Ears! Den gjævaste pokalen og utmerking nokon fotball lag i verda kan tenkje seg. Det var som om håvdaverkjen forsvann og englar byrja å synga salmar over dei. Det var som om ein kunne høyra Shanks snakka til dei "Where are you from?" "I'm a Liverpool fan from Valestrand." "Well laddie . . . . What's it like to be in heaven?" Og det var nett slik det var …. Himmelriket på jorda. Det er i ei sådan stund ord blir fattige og tårene presser på. No kunne dei sei so den Engelske kommentatoren sa då Alonso reduserte til 3-3…… – Mission impossible has been accomplished! Det var ikkje tere løye at dei måtte setja seg ned på The Alberts etterpå for å fortæra inntrykka og ha ei stille stund for seg sjølv.



Ein tur innom Beatlane på Albert Docks høyre med
Dei neste dagane gjekk meir roleg for seg der museumsbesøk på blant anna The Beatles Story Museum, Liverpool Maritime Museum og Liverpool Life Museum. I tillegg fekk dei med seg ein konsert med nokon lokale heltar som dei blei kjent med på The White Star. Desse håpar ein å høyra meir av i åra som kjem for bandet var veldig bra og gitaristen rasande flink sjølv om han var ein Toffee…. Og god musikk har visst blitt laga i denne byen før også skal ein tru rykta. Fleire morosame episodar vart det også denne helga, som då dei vakna midt på natta av at ein gjeng Everton og Liverpool supporters stod og song ukvemsord til kvarandre på kvar si side av gata, men meir om dette vil nok karane fortelja villig vekk om når tema kjem opp på vorspiel og liknande i åra framover. At turen var eit minne for livet er det ingen tvil om. Priceless!!!




Glemt passord?

Registrer ny bruker
Rocking all over the world
( 30.10.2005 18:00 )

Sjå fleire bilete

Resultater

Avstemninger


Powered by eZ publish