
|
|
|
( 10.07.2010 )
|
|
|
|
( 28.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 13.06.2010 )
|
|
|
|
( 07.06.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 13.04.2010 )
|
|
|
|
( 05.04.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Reisebrev
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 07.07.2005 23:02
|
|
Det ultimata målet med turen var enno ikkje nådd men no var tida inne for å få seg nokon styrkande dråpa. Føl karane vidare på pilegrimsferda til Fotballens Mekka. (Og då tenker ein ikkje på Furubakkjen og Vakre Valestrand)
|
|
|
St. Georges Hall utan 300 000 syngande raude men med 1 roleg VHFK Supporter
|
You’ll all right lads? Can I get you anything? Karane var ikkje seine å be men det var nok å velja mellom. J.O. talde til ikkje mindre enn 16 godt forseggjorte kranar på ein så relativt liten pub. Staut, ale og andre typar vart lett hoppa over og dei slo seg til ro med ein forfriskande pint med lager. Karane fortalte om turen, kvelden i førevegen og at dei no såg fram til det store opptoget. Jackie vart ikkje utan vidare imponert over at dei ikkje hadde sove heile natta heller. Ingen i denne byen har sove i natt var svaret på det. Men ho var raskt ute med å tilby husvære i toppetasjen på puben for helga. Karane funderte litt på det men tenkte dei skulle vente til Alfien kom. Det enklaste var nok å finna seg eit hotell i nærleiken. 2 Valestrandsgutar med fri tilgang til 16 tappekranar om natta er ikkje akkurat god HMS. Jackie kunne tipsa om to hotell i nærleiken med overkommelige prisar. No var det på tide med litt søvn og få komma seg i hus så turen gjekk vidare mot Travel inn og Travelounge. Første stopp vart ein bomtur, for der var det sjølvsagt fult, men på Travelounge var det napp. Endeleg skulle det bli litt sårt tiltrengt søvn, men så enkelt var det ikkje. Dei fekk booka rommet men det var ikkje ledig før 3. Heldigvis fekk dei satt alle pakknellikane sine frå seg i resepsjonen samt ein pose med vatn og cola frå nærbutikken FT og Nautiken hadde nytta ein månad tidligare.
Då var det igjen å ta beina fatt og turen gjekk ned igjen på White Star. Der hadde endelig Alfien funne seg til rette på sin vante plass til høgre for baren i si vante blårutete skjorta. Han hadde stor forståing for at karane trengte litt sårt tiltrengt søvn. Det var vel ikkje vanskeleg å sjå med slitne bein og blodskutte auger. Snart stod alle i den tidlegare omtalte leiligheta i toppen av puben og her var det berre å leggja seg nerpå. Eige soverom, bad og stove. Karane var no så trøtte at dei knapt nok fekk ned rullegardina før rullegardina gjekk ned på dei sjølv. Dei kom seg ikkje lenger enn til kvar sin sofa i stova so var det natt…. Midt på dagen.
Men det vart ikkje meir enn vel eit par timar søvn på karane. No kunne dei endeleg koma seg på hotellet og koma seg skikkelig på plass før alvoret tok til. Vegen gjekk innom apoteket der gnagsår plaster, red eyes og prevantiver for dårleg mage blei kjøpt inn. Kan aldri væra for sikker her i guinness land…. Hotellet var ok på alle områder bortsett frå at dobbeltsenga var utstyrt med felles dyne. Her skal me få det intimt og godt klukklo J.O. før han blotta dei hårete leggane sine. F.T. klarte å svelga ei spya men det varte ikkje lenge før dei var i sin skjønneste søvn igjen og fekk seg nok ein liten høneblund. Det skulle komma godt med før strabasane tok til utover kvelden.
F.T. var den første som spratt ut av senga fekk på TV’en i ein fart for å få siste nytt om opptoget. Alle kanalar var fulle med det som hadde hendt kvelden i førevegen og kva som skulle skje på kvelden. I tillegg var dei gått til innkjøp av dagens eksemplar av Ecko så dei var godt oppdatert om ruta. – No må du pikatre sjå te å kobma deg opp! Kan ikkje liggja å dra deg no når du e i Liverpool, farr! - Øh, stønna J.O. goa tie….Zzzzzzzzzz. F.T. gjekk og trippa og vart meir og meir fortvila. – Har du tenkt å ligga her å purka når Carra, Rafa og Steve G kjem heim med pokalen? Herrejemini…. Du reise no for #¤%# ikkje bort her forå sova? Nei kobma oss ner te dei hine….. J.O. var ikkje til å rikka og no hadde tålamotet til F.T. fått nok. Han spretta ein boks med medbrakt vedundermedisin og hadde i ein skvett frå Taxfree kvoten. –So god kaffidoktor får dei ikkje ein gong i Fotland, sa han og bar bort eit tannglas til han hin. Dette såg ut til å gjera underverker og det varte ikkje lenge før han ba om ein til. Snart hadde begge fått seg ein god dusj og turen gjekk ned mot White Star for tredje gong denne dagen.
No hadde det verkeleg begynt å bli folksamt der inne og dei aller fleste var ute i same ærend. Karane vart ståande med Alfie og nokre av stamgjestane hans for å følgja med når opptoget nærma seg. Her gjekk praten livlig og turen dei hadde tatt, kampen kvelden i førevegen og om deltaking i neste års CL. Ein av stamgjestane var hellig overbevist om at dei burde sparka ut Everton og gi plassen til Liverpool i staden, noko som Alfie berre fnyste av, blå som han er. Dei var minst lika flinke å trekka kvarande opp her borte som heima. Hadde Bådde vore der hadde han nok fått same leksa, men til gjengjeld hadde vel han sloppe unna med å betalt for ein dråpe heile kvelden. Me andre kjøpte no ein og an sjølv dei gongane Alfie og dei andre tillet det. Som vanleg var han framme med kamera og ikkje lenge etterpå kom han tilbake med eigenkomponerte nøkkelringa med bilete og helsing som eit minne frå turen.
|
|
Ikkje vanskelig å finna likesinna her nei
|
Etter ei stund kom 3 andre karar inn i andre anden med eit rykande fersk flagg med ein hyllest til Rafa. Snart ronga dei vakraste songar i lokalet der songfuglane frå Valestrand raskt var med å stemma i. Alfie var kjapt framme med kamera igjen og fekk heile gjengen med utanfor for å foreviga øyeblikket. Ja viss det då ikkje var for å sleppa å høyra fiendesongar i sin eigen pub. Men han burde vel vera godt van no etter kvart med tanke på alle Valestrand Hjellvik songane so ljoma i veggane der berre ein månad i førevegen. Dei forstod kjapt at karane var wools, galne Nordmenn som reiste utaskjærs for å følgja heltane sine på nært hold, og satte stor pris på at dei hadde nok sjølvironi til å innrømma akkurat det.
|
|
Akkurat her prøvde J.O. og F.T. å brøyta seg fram
|
Siste nytt på TV’en var at bussen no var 1 time unna. Karane bestemte seg for at dette blei den siste halvliter med godt lunka ale for so å ta turen. 5 min seinare kom ei ny melding. Bussen var no 15 minutt unna St. Georges Hall. Då var det berre å setja krusa frå seg og leggja på pal opp mot Lime Street Station. Men dei sprang ikkje så veldig langt før det var bom stopp. Ein folkemengde utan sidestykke møtte dei med ein gong opp første bakken. Dagen etterpå fekk dei høyra at det var estimert til 300 000 personar berre rundt St.Georges Hall og minst 750 000 på heile ruta.
|
|
Rødt folkehav utan sidestykke i historien
|
Men dette stoppa ikkje J.O. No hadde han fått blod på tann og skulle ha eit glimt av pokalen. Barnefamiliar og bestemødre blei pressa til side for dette skulle det skrivast heim om. F.T. hang seg på so godt han kunne og måtte til slutt ta eit godt tak i genseren til J.O. før han forsvann i folkehavet. – Da e no ikkje nødvendig å ga øve lik? Må hotta seg literanna! Det var heilt uråd å orientera seg for folk hang ut frå tak, lyktestolpar, skilt, trafikklys, gjerder og alt som over hovudet var råd å klatre på. Det var flagg, vimplar, skjerf, t-skjorter, drakter og kler i alle mulige variantar og fasongar. Og dei var over alt! Det var som eit stort hav som flauma framover, til side og bakover samstundes som det berre strøymde til meir frå alle kantar. Men felles var at det var rødt og kvitt alt som rørte seg. Det var eit syn utan like. Og alle smilte, song og tørka tårer om ein an. Men bussen, ja bussen fekk dei berre sett hekken på der han vart slukt i folkehavet. – Ein ting e i alle fall sikkert. Når me kjem heim ska me fortelja at me mesta vart overkjørt av bussen og at me fekk sett pokalen i all sin prakt. J.O. var heilt vill i blikket og lettare fortvila. Men det varte ikkje lenge. Her var det nok å nyta synet rundt, folkehavet, festen og det som skulle koma utover kvelden og helga. Allereie på The White Star måtte dei berre smila og samtykka om at dette var det mest fornuftige dei nokon sinne hadde funne på. Og det fortel ein del for desse karane har for vane å finna på veldig fornuftige ting.
Vil dei til slutt få eit glimt av pokalen tru?
Meir i vente……
|
|
 |



|