
|
|
|
( 10.07.2010 )
|
|
|
|
( 28.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 17.06.2010 )
|
|
|
|
( 13.06.2010 )
|
|
|
|
( 07.06.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 27.05.2010 )
|
|
|
|
( 13.04.2010 )
|
|
|
|
( 05.04.2010 )
|

|
 |
Toppkategori
Reisebrev
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 28.06.2005 22:49
|
|
Ein snartur innom Fotikken har vist seg å væra skjebnesvangert før. Denne gongen skulle det også visa seg at det fekk uante følgjer men at det likevel var verd turen for alt i verda. Men husk passet på baklomma neste gong….
|
Onsdag kveld og finale i Champions League. På veg inn til bydn sat FT og funderte på Arne Scheie sine berømte ord. – Tenk på det dere, den beste fotballkampen noen sinne gjenstår kanskje å bli spilt. Tanken streifa han om kanskje det var tid for den kampen i dag, men han torte ikkje holda den tanken lenge, spytta tre gonger over skuldra og banka tre gongar i buss setet framføre seg. Seinare den kvelden skulle det visa seg at Arne kan legga utsagne sitt på is ei stund. Men dette skal me ikkje ripa opp i ein gong til. Alle kjenner historia omkring kampen og underteikna vil få problem med å gjengi kva som hendte utan å fylla tastaturet med gledestårer.
|
|
Lite bagasje men VHFK skjerfet fekk no plass
|
Det var det som hendte etter at Gerrard løfta pokalen me har tenkt å fortelja om her. Diskusjonen rundt favorittbordet vårt på Fotikken gjekk flittig omkring kva som ville skje no. Old Big Ears skulle tilbake til Anfield og denne gong for godt. So gjekk drøse inn på opptoget. For alle visste at opptoget med buss og pokal skulle skje med ein gong spelarane kom heim dagen etterpå. – Og då ska me sitja her og gapa, da va dar borte me sku vore no, braut Johnny Ola ut i fult alvor. – Ja, da hadde pikatre vore nåke, svara me andre mens me tørka snått og gledestårer. – Ja koffor ikkje, utbraut han igjen. – Ja koffor ikkje….. – Ja koffor ikkje….. Få låna telefon litt. Eg ringe broddern og so ser me ka da kosta. E de me? Tolma deg. Sjekk no ka da kosta først. Og dermed hadde steinane begynt å rulla. Kampesteina…
10 min seinare kom han tilbake med uforretta sak. 7 400,- pr stk. – Herrejemini! utbraut FT, gje meg telefon so eg får snakka med han hjelpalause brorn din. 2 min etterpå 2 400,- Og då var det berre å ta fram visa kortet og lesa av merkeringane. No var billettane i boks og snart var tida inne for å begynna å tenka. Ska me sjå…. Visa kort? Check… Pass? Ops! Bagasje? Ops! Hotell? Ops! Transport? Ops! Ja, ja…. Me får ta da so da kjem. Ein ting var i alle fall sikkert, frå no og til ein hadde fått eit hotellrom i Liverpool, skulle da berre drikkast vatn. Det var vel akkurat etter gode gamle Bob Paisley sin smak, som ikkje smakte ein dråpe etter 77’ triumfen der han ville nyta kvart sekund.
Første bud no var å skaffa seg skyss både til Valestrand og vidare. Johnny Ola gjorde sitt beste for å hjelpa og klarte å pressa prisen for ”taxi” opp(!) frå 800,- til 1000,- (Takk for den) Skulle ikkje tru at ein har vore sø i bydn og pruta ”taxi” prisa før…. Men turen heimom gjekk fort og før ein visste ordet av da var ein tilbake på Landås der J.O. stod på trappa i den styggaste Liverpool boble-jakken som nokon sinne er produsert. – Klokkå e halv 4 og flyet går ikkje før ti øve 6…. Tolma deg litt no. Me tar oss ein matbete og slappa av litt. Og for all del få av deg den jakken. Eg reise ikkje på ferie som støttekontakt….. Etter å ha summa seg litt og fått i seg litt mat og ein kjapp dusj var det berre til å komma seg til Flesland. Turen opp va ein fornøyelse og sjåføren kunne ikkje ant enn le tå karane som skulle med ti øve seksn. – Da må då væra rå å få ta seg ein tur utaskjærs stunnå. Sakta da…. Sakta da….
På Flesland var det folketomt forutan dama som stod og selde håttoks i kiosken. Det var ikkje Tveiten pølser men dei gjekk no ned på høgkant likevel. Alle aviser vart kjøpt for å lesa om den store triumfen men det varte ikkje lenge før låtten kom fram igjen. BA sin journalist hadde neppe sendt storyen sin frå kvelden før gjennom sensuren og det var ikkje vanskelig å forstå at også han hadde sett kampen på pub med minst ein duggfrisk i neven. Han fekk nok ein litt merkelig dagen-derpå viss han i det heile tatt kom seg på jobb den dagen. Billettar vart henta og etter ein kjapp tur gjennom tax free’en var det tid for ein ny frukost mens me venta på ti øve seksn. No var auga til J.O. i ferd med å detta i stava og me såg fram til ein høneblund på flyet.
Å setja seg om bord på første fly til København ein tidlig torsdags morgon kan væra riktig ein fornøyelse. I alle fall viss ein kjem i ei utvaska Liverpool drakt frå 70’ talet og ei segen dongeri buksa. Her var det nesten kun forretningsfolk og børsmeklarar. – Hallaien Steven! Ska du på jobb i Køben i dag? – Nee, eg ska en svipptur bortom te New York, ja du vet kordan det e….. Jajamensann…. Dei hine kunne ikkje ant enn å flira og stemte i igjen. - Me ska no berre ha oss ein tur bortom te dei Liverpool for å sjå på når bøttå kjem heim. Jau då…. Sakta da. Må då væra rå å ta seg ein tur bortom fjordn stunnå. Sku no kanskje hatt oss ei ny brok òg….. Sidemann deira berre lo, tørka tårene og synst det var fela stas. Han og snakka Norsk nett so dei gjorde.
Flyturen vart etter kvart ei mara for det var nesten ikkje råd å få seg ein blund på auga. Dei duppa vel begge av innimellom, men stort sett vart det til at dei sat og vrei på seg i tronge flyseter. Det gjorde godt med ein strekk og ein spasertur på Kastrup før det bar om bord igjen på neste fly. Mellomtida gjekk med til å både mota og senda nokre SMS’ar. For ikkje å snakka om å gjera unna eit par ”nødvendige” telefonar. J.O. var som vanlig så ivrig at han gjekk og snakka i telefon gjennom alle kontrollar og sjekkpostar til han endeleg fekk ein påminning på veg inn i flyet. Lite søvn vart det også på denne flyturen, men før dei visste ordet av det var dei framme. Som vanleg hang det mørke skyer over M*nchester, men ein veit no at dei fort ville klarne opp på M62 inn mot den berømte byen ved elva Mersey. Noko dei sjølvsagt også gjorde. Her vart det og gjort unna nokon telefonar til normale folk som hadde kome seg på jobb denne dagen. Ganske fornøyelig var det då dei passerte Strawberry Fields, Panny Lane og til slutt såg den store katedralen i det fjærne.
|
|
We're wools and we know we are..... meir i vente
|
Brått stod dei ved Lime St. Station og hadde berre ein liten spasertur igjen ned til Mathew Street. Kvartalet og gata der dei skulle tilbringe store deler av helga. Men før ein tok turen innom White Star var det noko anna som freista no…. Junk Food. Det vart rett og slett litt for vanskelig å passere Burger King. Dette skulle vise seg å være eit sjakktrekk for der stod søstera til Steve G og serverte blodfersk grisamat. – Sjå då! Sei FT, sjå på namneskiltet! J.O. berre rista på hovudet og meinte at han måtte komma seg ned igjen på jorda sjølv om han var i Liverpool. – Ja men sjå då! Sjå kor lik ho e på han då! Sjå! – Da e grett, når me kjem heim og skal fortelja om detta, då har me møtt søstre. Men ikkje tale om at eg trur da no. Ikkje på Burger King utbraut J.O. (Da va søstre… Banna bein. Red.anm.)
10 minutt seinare spaserte dei inn i Mathew Street og på The White Star Pub stod Jackie i døra og tok imot dei med opne arma. You’ll right mate? Endelig heim…. Unnskyld framme. Klokka var no 11.00 og det første målet med turen var endeleg nådd.
Meir i vente....
|
|
 |



|