
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 20.06.2005 17:01
|
|
Likar ein fotball, fart, spenning og ein fest etterpå er laurdag 2. juli rette dagen å kryssa av på kalenderen. Då blir det rally på vegane kring Valestrand, Ny 3 poengar til VHFK på Furubakken og full fest på Den Glade Ostring på kvelden der ”Timeless” står for musikken.
|
|
|
Rally sircus kring Stor Valestrand
|
Meir om rallyet kan ein lesa på http://www.rallybergen.no/ men det er allereie venta fleire tusen tilskodarar langs etappane som går i Røskelandsdalen, Hjellvik, Hannisdalen og Rongved. Ein kan ikkje påstå at dette vil komme som noko overrasking på badnafakte.net sine trufaste lesarar i og med at me hadde forventa Petter Solberg og Co for ei tid tilbake. Den gongen viste det seg at det kolliderte med nettopp ein av kampane til VHFK men no håpar ein det ikkje skal by på noko problem. Det er berre snakk om å komma seg ned på Furubakken til klokka er 16:00 so får ein også sett feiande flott fotball frå Valestrand Hjellvik sine heltar.
|
|
Har dei komme i siget no?
|
Frå ein heller treg start på sesongen og eit forsmedelig 0-0 tap borte mot Osterøy so har no gutane reist seg og tatt den eine topp skalpen før og hidn etter. Både tabell topp og tabell toar, høvesvis Bergen Sparta/Løv Ham2 og Loddefjord, har fått smaka kva som bur i gutane. I den siste kampen mot Loddefjord fekk motstandaren seg ein verkeleg støkk på si eigen heimebane. Under oppvarminga var det berre 7 VHFK spelarar som deltok sidan trenaren måtte jobba overtid, for so å køyra rundt halve bydn for å plukka opp resten. Oppvarminga vart nytta til å spela litt fotball til stor lått frå Loddefjord leiren. Dei var ikkje vane med å ”leika fotball” og var inne i intense førebuingar før kampen. Seinare skulle det visa seg at Valestrand Hjellvik tok oppvarminga i første omgang og peiste inn 3 mål i andre. Då stilna låtten for godt blant heimelaget ute på Alvøen.
Elles bør ein vel også nemna at resultatet frå kampen denne kvelden vart publisert på n3sport som at Loddefjord hadde vunne 2-0. Dette fekk følgjer då bergensavisene dagen etterpå hadde sendt ut aviser med feil resultat. BT opplevde ein telefonstorm frå sinte fruer rundt om på Valestrand som ikkje forstod kva som hadde hendt. Ei hadde satt kaffien i vrangstrupen då ho under frukosten laurdag morgon las at VHFK hadde tapt. Avisa var rask ute dagen etterpå med å presentere det riktige resultatet men ei formell orsaking har enno ikkje kome. – Detta synst eg va utrule tossje gjort frå ei so sværa avisa so Bydn Tidende, seier ein pensjonist i ein kommentar. – Da visa seg da at ein kan ikkje tru på alt so står i blà. Svært ska da vera om halla ræve heng ute.
|
|
Her blir nok dansegolvet tjåka fult den 2. juli
|
Om kvelden skal ein ikkje sjå bort ifrå at ein kan få treffa nokon av heltane til Valestrand Hjellvik på Den Glade Ostring og jedna få seg ein autograf. Då spelar ”Timeless” opp til dans og Eddyen slår på stortromma og legg opp til eit fela liv heile kvelden. Me har allereie fretta at bandet er i ferd med å øva inn ein og annan låt som skal komma som ei overrasking utover kvelden. Me seier ikkje meir enn at ein får kyss….. unnskyld kryssa fingrane for at dei blir godt mottekne.
Vel møtt i Bullabrekkå, på Furubakkjen og på Den Glade Ostring den 2. juli.
|
|
 |



|