
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Kunngjeringar
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 01.05.2005 07:28
|
|
Krisestemninga er til å ta å føla på i VHFK miljøet for tia. Det har endå ikkje blitt seier i opninga på sesongen og laget ligg kun eit poeng over nedrykkstipset Osterøy I.L. Men det stoppar dei ikkje frå å setja opp ny busstur til Rosendal.
|
|
|
Bli med på rutebiln te Rosendal
|
Ja du las rett. Kun eit poeng over Osterøy I.L. Det er verken til å fatta eller begripa men tabellen lyg ikkje. Valestrand Hjellvik har riktig nok ikkje tapt enno i år men det er vel ikkje ein einaste bookmaker i verda som hadde forventa at dei ikkje skulle få full pot både mot Odda og Hetlevik. Og ikkje berre det. Oppom ferista har botnfavoritten OIL klart å kara til seg eit poeng etter kampen mot VHFK sin neste motstander. Det er vel kanskje grunnen til at det er satt opp ny busstur. Her er ein vel garantert 3 poeng.
|
|
"Men hadde me hatt han 20ball her, so hadde me fått opp brokje"
|
På bygdafrette har ein i alle fall fått høyra om ein særs vellykka tur førre helg då laget var og vitja Oddingane. Det vart som nemnt berre dette eine poenget men på tribuna og i bygdebildet vart det i alle fall gjort furore. Etter det me forstår so var det ikkje berre dei mange store flagga og kampsongane som imponerte faste tribuneslitarar der inne i fjordane. At ein kar hadde med seg ein KISS/VHFK pynta BMX sykkel på bussen og gauka seg inne på løpebana gjorde nok også inntrykk. Dei var nok heller ikkje van med at spelarane fekk behandling med elektrisk skopussemaskina. Og skal ein tru spelarane so vart den lange turen heim legendarisk med flott stemning og allsong heile vegen.
Dette vil ein no gjenta og framgangsmåten blir som sist: Senda SMS eller ringa til Pall Mall.
Det vert også satt opp buss til andre bortekamp mot Rosendal 05.05. Turen vil komme på +- 150 kroner for bussleige. I tillegg kjem ferje ( og evt. omvegskostnad). Avreise frå Valestrand i 10-11 tida. Bindande påmelding kan gjerast med ein SMS til Pall Mall. Tlf. 995 20 416
Prisen blir om lag som sist, alt etter pågang. Då var det ca. 35 stk. om bord men ein håpar sjølvsagt på fleire denne gongen. Elles veit ein at 8 stykk allereie har leiga seg hytta inne i Rosendal for anledninga. Går alt etter planen blir det nok ein ny suksesstur. Denne gongen med full pott og stormande jubel.
Og viss det ikkje ordnar seg no så vil det spøkja for deltaking i 17. Mai toget for både spelarar og ikkje minst trenar. Kort etter kampen på Furubakkjen i dag vart me oppringte frå ei eldsint bestemor som ville ha eit ord med i laget. -No har eg to badnabadn so tar på seg VHFK skjerfet og går på kvar bidige kamp oppe på banå. Når dei kjem heimat me tåre i augena vert eg so forarga at eg kan sprikka. Skamma seg skulle dei.
Ein tør ikkje tenka på kalla scene som vil utspinna seg i 17. Mai toget om Oven stille opp etter nok eit poengtap og denne bestemora får tak i øyrna hans. Da nytte ikkje å komma heim te mammå på spikjemat og goa pote då. I kveld skal det vera klubbkveld på Den Glade Ostring så kanskje dei finn ei løysing på problema der. Frå før veit me i alle fall at nokon av spelarane blir i det kreative hjørnet etter at dei har styrka seg på mannabrus. Det viste i alle fall av opphaldet i Haugesund. Kanskje dei no vil finna fram til gamle takter og leggja litt av alvoret igjen i garderoben før neste kamp. For me veit kor godt dei kan spela når dei får sleppa seg laus og spela den gladfotballen dei er så kjent for.
|
|
 |



|