
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Kunngjeringar
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 12.04.2005 21:47
|
|
Sesongstarten nærma seg og førebuingane e allereie i gang. Nytt monster flagg er sydd og ny paviljong er under vegs. Nærvane er i høgspenn og bussen til første bortekamp er bestilt. No er det berre å melde seg på.
|
Ja her gjeld det å være første mann til mølla. Valestrand Hjellvik Fotball Klubb har allereie tinga buss og det er rå for supportera og andre skuelystne å melda seg på. Denne meldinga tikka inn i redaksjonen til badnafakte.net i dag:
Det vert satt opp buss til første seriekampen mot Odda 23.04. Turen vil komme på +- 150 kroner for bussleige. I tillegg kjem ferje ( og evt. omvegskostnad). Avreise frå Valestrand i ti-tida. Bindande påmelding kan gjerast med ein SMS til Pall Mall. Tlf. 995 20 416
|
|
No e da like før da braka laus med gaukaskap att....
|
Frå før veit ein at enkelte av supporterane har jobba iherdig med å få i stand diverse utstyr og liknande. Ein har høyrt frett om at enkelte kvir seg litt til denne sesongen av frykt for opprykk. Frå før veit me at målet til enkelte i den harde kjerne er i bli best utan å rykka opp. – Men i år e dei so steikjande goe at da ska pikatre holda hardt om dei ikkje fyk rett opp, har ein kjend person i miljøet fortalt oss med ein viss skepsis. Me vil no velja å tru at dei no snart unner spelarane eit opprykk. I fjor haust var det nokre av spelarane som synest det var litt trist å måtta gira ned mot slutten av sesongen. – Neste år dritar vi i dåkkar og så går vi for opprykk, var det ein som kunne fortelja underteikna på Slaje i fjor etter siste heimekamp.
|
|
Ska da pussast sko ska da gjerast skikkele og ikkje med maskina.
|
Eit nytt monsterflagg som eigentleg skulle vore klart til kampen mot Trane i fjor er endeleg ferdig. Me har fått opplysa at dei vitale måla er sånn ca. 8x4,2 meter om ikkje meir. Det var visstnok eit himla liv berre med å få leggja flagget samen første gongen etter at det hadde vore gjennom symaskina. Putte har etter det me forstår gjort ein fantastisk jobb og kan trygt tittelsera seg som eit skikkeleg kjeringaemne. I alle fall so gjer me da. Men viss det er meldt ruskavær spørs det om dette nye flagget får vera med på turen. Det er rett og slett for stort til å tåla påkjenningane frå for mykje vatn. Men da mest spektakulæra denne sesongen blir nok den elektriske skopussemaskina som er kjøpt inn. No har latskapen tatt øvehand og supporterane gidda ikkje lenger ligga på kne framføre heltane sine for å pussa sko. Derfor har dei i år gått til innkjøp av elektrisk maskineri. Håpa dei har med seg lang nok skøyteledning inn te Odda.
Til slutt vil me oppfordra folk til å læra seg teksten på to nye supporter låta til bussturen innover i fjordane. Den ein er ein kjend melodi ein er van med å høyra når ein er ute for å køyra buss…..
FOR VALESTRAND
For Valestrand
For Valestrand
Me syng ein song for Valestrand
Om me e tom for tøysevann
Me syng ein song for Valestrand
For Valestrand
For Valestrand
For me e Super Valestrand
Men om me får litt tøysevann
So syng me meir enn nåken gang
For Valestrand
For Valestrand
For me e Super Valestrand
FIELDS OF OLE BULL
Rundt om kring på bakkane hans Bull
Dar me ein gong såg Sleggjo slå tunnell (Og for ein tunnell)
Og med Drangen utpå ving
E da løye me fekk sting
Omkring på bakkane hans Bull
Let the game begin!
|
|
 |



|