
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Sport
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 21.02.2005 17:54
|
|
Det er ein ny fotballsesong i emning og det ser ut til at både A-laget og supporterane har funne litt igjen av gamle takter. I helga vart gutane til Nordnes knust 5-0 i Vestlandshallen til god lått og flott stemmebruk frå tribuna.
|
|
|
Staute kara lada opp til ein ny sesong
|
Det var mykje bra å sjå ute på det grøne plastdekket i Vestlandshallen på laurdag, men det er ikkje til å leggja skjul på at det trengs litt treningskampar. Sjølv om ein gjekk av bana med ein enkel 5-0 siger kan ein vel ikkje leggja for mykje i det enno. Motstandaren var for eksempel ikkje stort betre enn Osterøy IL og då lyt ein vel nærast forlanga ein braksiger. Men spelarane viste glimtvis fine takter og ein drivleserie av Jonasn viste at Sleggjo ikkje nødvendigvis vil bli alt for mykje sakna når sesongen tar til igjen. Etter at 3-4 Nordnes gutar låg flodlagde enda ballen til slutt opp hjå Thierry som ekspederte den enkelt i mål. Jonasn haldt til tider leikestove med stakkars bygutar som måtte ty til ulovlig-heitar for å stoppa karen som Osterøy trudde dei skulle få før sesongen. Det einaste so mangla var faktisk eit mål. Men han kom til slutt så nært det overhovudet er mogeleg å komma utan å scora. Etter å ha runda keeper vart ballen sendt himmelhøgt over blankt mål frå ein meters hald. Me reknar med at den ligg i nota når alvoret tek til om nokre månader.
Thierry var også ein av dei som likte seg i går. Han enda opp med 3 eller 4 scoringar til slutt (Me er ikkje sikker på om han var på corneren frå Super Ray som gjekk inn på bakre stolpe) Flotte lobbar, fintar og ikkje minst pasningar over heile bana samt eit og anna vakkert mål. Det knallharde frisparket over muren var kanskje det flottaste der keeperen nok kjende det godt i fingertuppane etterpå. Laget leda 4-0 til pause og sakka vel noko på tempoet i andre omgang. Kanskje dei tenkte litt på Frodn som også ville kjenna litt på ballen stundom. Han hadde lite å gjera heile kampen gjennom, men fekk seg eit par kvalifiserte redningar mot slutten.
|
|
Støtten frå tribuna såg ut til å slå godt an....
|
Supporterane har måtta tåla ein del kritikk etter dei første treningskampane i år. Dei stiller nok mannsterke først når alvoret tek til men enkelte har nok sakna dei litt. På laurdag vart dette inntrykket retta på då den harde kjerne stilte opp og gjorde sitt til at spelarane fekk ein ekstra puff frå tribunen. Sjølv om dei ikkje talde meir enn ca. 10 personar gjorde akustikken i hallen sitt til at det heile vart ein morosam affære. Ein Nordnes spelar vart til slutt so oppskjørta at han nesten gløymde kalla lag han spelte for og utbraut; - Kom igjen no Val…. Eh…. Nordnes! Men til og med supporterane hadde godt av litt trening etter ein lang vinter. Nokre vart fort grugne i halsen og tempoet på nokre av songane bør aukast fram mot seriestart. Eit par nye låtar vart også prøvd ut med blanda hell. Med litt prøving, feiling og eit godt vorspiel so set dei vel snart dei nye òg.
Men saknet av god varm håttoks frå kiosken var kanskje med på å øydeleggja litt? Her bør dei i hallen skjerpa seg. Håttoks bør væra obligatorisk når Valestrand Hjellvik kjem på besøk. Etter at haustsesongen i fjor vart ein særdeles våt affære der det pissregna i dei siste 7 kampane ser det i alle fall no ut til at gnisten har kome tilbake hjå den berømte supporter skaren. Ein skulle ikkje tru det etter fjorårets siste kamp då paviljongen gjekk i bosset på Alvøen etter første omgang og dei fleste gjekk slukøra heim for å varma frostige fingra og tær. Snart er det ny sesong og nye muligheita.
Ambisjonane er som før for supporterane; å bli det beste laget som ikkje rykker opp…… Så får tida visa om A-laget skuffar dei og stikk av med første eller andre plassen? Det vil vel neppe føra til krisestemning uansett…..
|
|
 |



|